Det er litt nytt, dette, men no dei siste vekene bjeffar Linus på folk som nærmar seg. Dette skjer ute på tur, men også her heime - når han høyrer nokon kjem inn ytterdøra nede, f.eks. Ikkje voldsom bjeffing, men ‘boffing’ og så spring han mot vedkomande.
I dag oppstod ein veldig dum situasjon då me var på stranda og leika - folketomt der som det pleier vere, så då leika me litt og kasta pinnar etc. utan band (men eg har alltid bandet i neven, klar til å koble på). Men brått kom det ein eldre mann gjennom skogen som var ute og gjekk. Linus bjeffa og sprang mot mannen - og hoppa opp på han ??. Mannen var ikkje spesielt glad for dette, kan du sei - og dette kan me jo ikkje ha! SJØLVsagt kjem eg til å sleppe han laus sjeldnare framover, og truleg aldri når eg er heilt åleine. Men målet er jo at det skal gå heilt fint for han at menneske kjem og går.
Eg opplever at han brått synest det er skummelt med folk som kjem mot han - har det med alderen å gjere? Han er jo leiken også, sjølvsagt - men han bjeffar aldri i leik (bjeffar generelt uhyre sjeldan), så eg tenkjer frykt/skepsis. Han har såvidt eg veit ikkje hatt negative opplevingar med menneske, altså...
Ved møter får eg han ofte inn i ein ‘sitt’ før dei me møter kjem heilt nær - det fungerer sånn rimeleg godt, og då bjeffar han oftast heller ikkje.
Men korleis trenar me med han slik at me kan sikre at han ikkje møter menneske negativt??