-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Litt morragretten i dag, sidan eg måtte stå opp tidleg og vente på han som skulle komme og ta internkontroll av det elektriske anlegget mellom 8 og 11. Han kom sjølvsagt ikkje før klokka var 11, så eg kunne jo ha sove litt lenger... Og så har Catania begynt og dryppe blank urin, så om det ikkje har gått over i løpet av dagen, blir det å ture ned til veterinæren i morgon med ei urinprøve. Men så blir det heim og pakke, pakke, pakke. Og pakke enda litt meir, så blir det overtaking av hus til helga
-
Er sånn passe lei av at værgudane ikkje kan bestemme seg. Først ei helg med enormt mykje snø, for så at plaskregnet kom. Over til delvis sludd og regn, og i går kveld kom frosten og gjorde alt såpeglatt. Mens no snør det tett, igjen
-
Folk selger så mykje fint på kjøpe/selge/bytte gruppene på fjaseboka! Så klør i fingrane etter å kjøpe diverse møblar til huset, men det er enda litt over ein mnd. til vi overtar
-
En stykk bruning gjekk i frå og vere "ikkje - fungerande" på tur i kobbel etter at all snøen kom i går, til at ho vart veldig fungerande på ettermiddagstur i dag, når ho fikk gå laus litt over halve runden. Og det til tross for at det var komt meir snø i dag, som vi måtte gå og vasse i Ho skulle vert meir som Fenris, han elskar snø og kulde Var eit ambulansehelikopter som brått landa på jordet eit lite stykke forran oss, så eg og sambuar begynte og lure litt, før dei brått letta og forsvant like raskt som dei kom. Dei hadde tydelegvis øvelse
-
Kvitvasken er satt på, to stykk skappelbrød i ovnen (så det luktar himmels i leiligheta no). Og straks får eg vel starte oppvarming av gårsdagens kyllingsuppe Føler eg har vert litt produktiv i dag. Fikk lagt sammen klea på tørkestativet og blanda alt det tørre til brødet, i dag tidlig. Før 07:30, det ekje verst til meg og vere!
-
Veterinærer slår alarm om fedme bølge blant norske hunder
Bellare replied to et emne in Dyresaker i media
Er vel kanskje ikkje så rart at det blir ei fedmebølge, når veterinærane ikkje gir beskjed. Har ei venninne som overtok ein Labrador for eit år eller to sidan, og han har, sidan dei overtok bikkja, vert overvektig. Eg har påpeikt det, men sidan veterinæren meinar vekta er som den skal vere, så blir det med det. Når eg har med meg Catania på besøk, så får ho vere hans "personlige trener" ute på jordet. Sjølv om stakkarn sliter med og holde følge, og han (eller magen?) kjem med mange rare lydar -
Frå her vi bur no, er det ca. 4 minutters kjøring. Når vi flyttar "ut på landet" om rundt ein mnd. blir det knappe 25 minutters kjøring. Og det er i grunn heilt grei avstand, synest eg. Spesielt med tanke på at vi begge får bu slik vi ønsker Mi maksgrense for reiseveg er vel rundt 40 minutt. Noko meir enn det føler eg blir litt vel langt. Og ikkje minst dyrt, med tanke på bilkjøring.
-
Blir så frustrert av enkelte folk! En som ringte i dag tidleg og ville på visning mellom 20 og 20:30 i kveld, så eg stressa i veg etter jobb, med rydding og vaskin. Pappa kom opp for og hjelpe med visninga, så vi satt no her og venta. Vi venta til 20:45, då ringte telefonen, men då var dei ikkje lenger interessert i og komme allikavel. Kunne gitt beskjed litt før... Så då var den dagen ødelagt.
-
Har signert boligkontrakt i dag. Og eg verkeleg gledar meg til mars, når vi endeleg kan starte flytte inn! Men om vi får solgt leiligheta mi i løpet av februar, kan vi kanskje flytte litt raskare enn datoen vi vart enige om i dag. Krysse fingra!
-
Bruningen min vart operert for 2 år sidan, like før ho vart 9 mnd. Då var ho til tider veldig halt, og etter ein undersøkelse hos veterinæren, var det ingen tvil. Til og med eg kunne lett kjenne at det var noko hakkande galt inni der liksom Men ho opererte begge knea samtidig, så spesielt dei to første døgna bar eg ho ut så ho fikk gjort sitt fornødne. Og ellers låg ho i senga si. Ho var veldig pjusk av seg, og overhode ikkje i noko særleg form, for ho hadde tydeleg vondt, sjølv om ho gjekk på ein del smertestillande. Men det gjekk veldig raskt oppover, for ein dag eg var ute av soverommet (budde på hybel på den tid), så kom eg inn igjen til at ho hadde kava seg opp av senga si og sto midt på golvet. Derifrå starta ho sakte men sikkert og tusle etter meg når eg skulle mellom kjøkken, soverom eller ut. Så starta eg med og gå roleg "tur" i 30-40 meter opp og ned gata, og forlenga turen litt etter litt. Den dag i dag er ho ei sprek frøken utan problemer med knea. Einaste er at om skruane kjem lenger ut, så blir det ei vurdering der. Men ho er med på turar i skog og mark, stort sett springande laus, trenar LP, litt agility når sjansen byr seg, blodspor...
-
Ikkje lett og vere ein fisefin frysepinne på fire labbar, når det natt til i går, kom 40 cm snø. Då kan man ikkje gjere pompel og pilt i skråningane lenger, og å gjere det andre plassar, som på bilvegen/fortau, det går jo sjølvsagt ikkje. Med mindre man er veldig nøden då, så klart. Det resulterte -sjølvsagt- i eit sutrekor utan like frå 05- tida i natt. Då låg ho ikkje høgt i kurs, nei!
-
Komt mykje snø i natt, og av den grunn har han som måkar vert og kjørt litt opp og ned gjennom vegen. Flott det, hadde han berre klart og gitt gass på normalt vis, så vi hadde sluppe å våkna ein ekstremt høg "brum... brum... brum... brum..." Så no blir det å psyke seg opp for å måke all snøen av bilen, og sikkert innkjørselen også, sidan ingen andre her gjer det
-
Etter tur med @Tonje og bikkjene, så var det veldig godt og krype under ullteppe og kose seg med ein kopp kakao. Og bruningen ligger som ein varmeovn ved sidan av meg og søv, deilig
-
Nei, halen er nok feil Er Ragnhild Olsen på "Myndeklær og dekken" gruppa på fjaseboka som har sydd. Ho er veldig flink! Skinnet bedrar, berre så du veit det
-
Her har det skjedd litt forskjellig sidan sist. Vi er nemleg godt i gang med og kjøpe oss eit lite småbruk, på rundt 54 mål. Så her blir stor og god tumleplass for bikkjene. Og ingen naboar klin innpå, som kan klage på bråk, eller pels i hagen, frå bikkjene. Vi er også såpass heldige at dei som selger, driver med hund, så det er laga til hundegård og slikt. Enda litt usikker på kva av alt det som blir med i kjøpet, men det blir vel avklart når vi skal signere kontrakta i neste veke. Fine turområder er det også, rett utanfor huset. Gledar meg! :D Dobbel hundegård ute. Inne er det nokre mindre, med plass for ein eller to hundar i kvar. Nærmaste naboen. Svært inngjerda område, for bikkjene å springe på. Men vi må sette opp nytt og høgre gjerde, så Fenris ikkje klarar og hoppe over. Slenger med nokre bilder frå når vi var hos mormor og besten forge helg også
- 131 replies
-
- 14
-
Då blir det kanskje litt stort, sånn eg ville ha det. Då får dei klare seg på det området som allerede er tillaga, som i bunn og grunn er svært for nokre få høns det også Men kva rasar er å anbefale? Greie, håndterbare høner som legger egg. Og kva utstyr trenger dei eigentleg? Kor mykje fôr pleier det og gå på 5-6 stykk?
-
Han har jo ikkje budd med tisper før, så kanskje det er noke der...? Han har i vert fall blitt ein kåt gris i det siste, og det får han (og sikkert alle forbipasserande) høre når vi er på tur Reknar med eg hadde kjent det på lukta om det var anlkjertlane, men får sjå om eg får til å kjenne etter.
-
Tenkte også at det kanksje kunne vere løpetisper i området, men då ville han vel vert meir idiot på seinsommaren/høsten også, når det var mange løpetisper i området? Analkjertlane trur eg ikkje det er. Ingen lukt, og ho har aldri vert plaga med dei. Ho har ingen utflod, er ikkje rød og alt ser veldig tørt og fint ut på og rundt "løken" til Cat. Men kan jo alltids ta ein telefon til veterinæren og høre om det er noko som kan vere verdt og undersøke.
-
Min sambuar har ein 4 (snart 5) år gammal Elghund. Han og Cat har gått greit saman, utan problemer. Men for halvannan til to veker sidan, endra han brått adferd. Han har blitt meir og meir innpåsliten og "kåt" på Catania, og eg kan ikkje heilt skjøne kva det kjem av. For han har aldri vert sånn før, med unntak av siste veka i løpetida. Han kan ligge og pistre og pipe, springer rett i buret til Cat på morgonkvisten når ho blir sleppt ut, rett på plassen til Cat i sofaen når ho går derifrå, han er høg i språket når han vil bort til ho (heva hode og høg, gjerne logrande, haleføring), og er generelt sett veldig "på" når det kjem til Cat. Han har også blitt veldig jokkete av seg, noko eg ikkje har sett noko særleg til tidlegare. Han har prøvd seg på teppene i sofaen, og han tar seg gjerne ein jokkerunde på gensaren han søv på, på kveldstid. Men eg pleier å stoppe han då... Han har også begynt og invitere ho til leik, og dei har aldri leika saman før. Men merkar også at han då prøvar hoppe på ho, om sjansen byr seg. Catania har ikkje forandra seg ein smule, etter det eg har sett. Sist ho hadde løpetid, var i September, og ny løpetid er ikkje venta før i april/mai. Ho har ingen teikn på løpetid no. Ho har heller ikkje innbilt, ingen overdreven vasking, tissing eller what so ever. Ho er seg sjølv lik. Eg er ikkje vant med hannhundar, så kva kan dette komme av? Er det nokon form for 4- års krise?
-
Korleis er det med inngjering, må dei ha nokon form for nettingtak i tilfelle rovfuglar?
-
Sitter og stussar litt over at folk ikkje skjønar kva "til salgs" betyr. Etter at eg la ut leiligheta mi for salg, har eg fått tre henvendelsar, og det kun frå folk som av ein eller anna grunn trur den er ledig for leige...
-
Får holde med høns
-
Tusen takk for informasjonen Er ute på landet, og 150 meter -ish til den eine nærmaste naboen som er der. Så lyd trur eg ikkje blir noko problem, men hane vil eg helst ikkje ha. For mykje bråk for min del der, trur eg Tenkte sånn ein 4-5+ høner, som då blir slept ut/inn frå løa og uteplassen dei får, som då blir gjerda inn. Ellers blir dei vel garantert knerta av Cat, som blir gåande mykje laus. Og så er der vist ein del rev i området... Tar gjerne i mot rasar som kan passe her Om man kjøper eit par høner som tidlegare har gått saman, då må dei vel ikkje tilvennast på nytt, sjølv om det er ein ny plass?
-
Sidan vi har kjøpt oss eit lite småbruk som vi snart flyttar inn i, så leikar eg litt med tanken på og kanskje skaffe meg nokre høner med tida. Dei som selger har nokre høns og duer, så sånn sett er det vel greit tillaga. Men eg anar ingenting om kva dei trenger av fôr, område ute og inne, stell eller kor store utgiftspostar dei er. Det einaste eg i grunn ønskar meg frå hønene, er sjølvsagt egg Så er det nokon her inne som har informasjon på området?