Kjenner eg blir litt småstressa over at eg ikkje har fått beskjed om at arbeidskontrakta på nye jobben eg skal begynne i, er ferdig enda. Tørr ikkje levere oppsigelsen min før eg har signert arbeidskontrakta (sjølv om nye arbeidsgivar har gitt beskjed om at eg må berre levere oppsigelsen), og eg har kun neste veke igjen på jobb før eg går ut i ferie, og første veka reiser vi vekk. Og oppsigelsen MÅ inn før 1. juli så eg kan starte i nye jobben i tida dei ønsker. Og eg føler eg maste sånn på nye arbeidsgivar i forge veke ang. arbeidskontrakta og info om at eg hadde kortare oppsigelsestid enn vi først trudde ?
Fikk meg ein skikkeleg dytt i ræva på RL fronten i helga. Meldte Catania på til uoffisiell rally-lydighet som lokalklubben arrangerte under hundens dag. Det begynte sjølvsagt og pøsregne i god tid før RL begynte + det var gras som underlag. Kjempemorro når hunden hatar regn og væte ? Vurderte og reise heim igjen, men vart værande og tok det som ei utfordring, både for meg og Catania sin del. Det verste som kunne skjedd ville vert å diske. Men av ein eller annan grunn, så diska vi ikkje. Heller langt der i frå! Vi endte på 2. plass med ein 1. premiering og 193 poeng. Så då er det vel berre til og begynne melde oss på til offisielle konkurransar då ?