Gå til innhold
Hundesonen.no

Junah sitt fyrste kull - GOT kullet


Sirius
 Share

Recommended Posts

  • Svar 77
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Det ser ut til at fire vart det endelige talet! Betre bilete kjem når mor har kvilt seg litt!

Fyrst ut: sobel tispe, 180g!:-)

Då er det på tide å skrive litt meir om foreldra til dette kullet. Junah - Mellsjøhøgda's Xotic Illusion Junah er ei morsom og intelligent tispe. Medisinsk sett er ho augelyst fri som kvalp og

Posted Images

Kvalpane 8 veker - eventyret er snart slutt! :-(
Gjengen%2B8%2Bveke.jpg
Åtte veker er gått sidan desse tre små kom til verda. Åtte veker har gått fort, men du kva me har opplevd på denne tida. Dei to fyrste vekene var det ikkje mykje liv i kassa. Då var det hovudsakleg å passe på at alle fekk i seg mat, og virka friske. Mot veke 3 starta det å kravle, mot veke 4 kom beina under, i veke 5 sprang det, og veke 6 tok det av. Utviklinga gjekk fort. I veke 7 sprang de fortare, var raskare, var meir nysgjerrige. Og no står me her, på det magiske talet 8. Snart skal de forlate dykkar kjente omgjevnadar å finne "roa" i ein ny heim.
Den siste veka har de fått vore på ekskursjon til Oslo. Jammen var det spennande å få springe tulling i Stryn, på Otta, på Lillehammer og til slutt i hagen i Asker. Så fekk de vere med i konfirmasjon. Der ville jo alle sjå dykk, og dokke herja rundt dei. De fekk treffe ein hund, og de fekk oppleve ei fotballbane. Opplevingane var mange. På vegen heim fekk de herje på Valdresflya. Det var stor stas. De var flinke å sove i bilen, så de hadde alt for mykje energi, også når me kom heim.
I veka har me prøvd å oppleve mest mogleg. Vore med på kvalpekurs, tysdagstrening. Onsdag fekk de oppleve dykkar fyrste visitt til dyrlegen. Der fekk de helsesjekk, vart augelyst og chippa. No er de rett og slett registrerte. Eg trur nok det var litt ekkelt hjå dyrlegen, men ingen skade skjedde, så alt i alt vart det nok ei positiv oppleving!
I dag har gjengen sprunge på agilitybana i Ørsta. Der møtte me også Thareq. Det var ein modig gjeng som prøvde seg både på stigen og møna. Eg sprang berre rundt å prøvde å fange galne kvalpar i lufta så dei ikkje skulle slå seg. Dette var nok siste ekskursjonen me fekk saman alle 3. I morga reiser Arya, søndag reiser Sansa. Det vert bra tomt i heimen etter kvart.
Arya%2B8%2Bveke%2B(1).jpg
Arya. Tøffingen med mjuke sider. Hard utanpå, men mjuk inni. Pågangsmot og vilje, og utruleg rampete. Den fyrste som reiser. Heldigvis er ho van med bil, sidan ho skal heilt til Bergen. Der får ho det nok veldig fint!
Arya%2B8%2Bveke.jpg
Meera%2B8%2Bveke%2Bst%C3%A5.jpg
Meera. Lisjejenta mi. Ho reiser ingen stad med det fyrste. God som gull, lukkeleg og glad. Oppsøker og finner ut. Utbrytarkonge og rampunge. Håper eg skal få gje deg ein real heim.
Sansa%2B8%2Bveke%2B(1).jpg
Sansa. Kosejenta med stort hjarte. Loyal og god. Sansa flytter til ny heim i Ulsteinvik på søndag. Der vonar eg at ho får alt ho treng og får det godt.
Sansa%2B8%2Bveke.jpg
IMG_9927.jpg
IMG_9953.jpg

  • Like 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var dei reiste. Arya har no funne seg godt til rette i Bergen og har fått nytt navn; "Happy". Sansa vart henta tidlegare i dag, og drog til Ulsteinvik med sitt nye navn "Lilli". Meera vert verande her hjå meg, og får mest sannsynleg også eit nytt navn, viss eg finn ut av det vel og bemerke. Så no er kvalpekassa rydda vekk, og stillheita breier seg over leiligheita. Det har vore blod, sveitte og tårar, men jammen har det vore mest gleder. Det gav virkelig meirsmak, og både eg og Junah har storkosa oss. Tusen takk til dokke som har følgt tråden vår! :-)

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive



×
×
  • Opprett ny...