Gå til innhold
Hundesonen.no

Nilsina

Medlemmer
  • Innholdsteller

    32
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Nilsina

  1. Resultatet er tilbake, og det var A på hofter og 0 på albogar ☺️
  2. Nokon som vil gjetta på desse bildene? ☺️
  3. Her er min løysning med 1 engelsk mastiff, 1 springer spaniel og 1 engelsk bulldog i min VW Caravelle varebil, lang modell. :-) Stort enkeltbur til mastiffen med skråvegg inn til skilleveggen i bilen, dobbelbur til springeren og bulldogen inntil mastiffburet bak, og bakerst i bilen er det ledig golvplass + jeppegrind i bakluka slik at me evt har plass til "gjestehundar". ? Alle bur er frå Kelamannen, og har knaggar frå Jeppe som passar perfekt på burene også + mange knaggar til oppheng på jeppegrinda. ?
  4. Korrekt. Re-røntgen av min Engelske Mastiff på 3 år i dag, som tidlegare har fått E med store forkalkningar. Aldri halta ein dag i sitt liv, er med på fjellturar, konkurerar i LP og rally og er generelt den mest "ville og galne" hunden eg nokon sinne har hatt, så heldigvis er diagnosen foreløbig kun ein bokstav på eit papir.
  5. Nokon som vil gjetta grad på desse hoftene? ?
  6. Selger ein rosa sele frå Rukka, i str 4XL ( 64cm rundt nakken - 84-150cm rundt midjen). Vart for liten til min hund, og er kun brukt 2 gonger. 500kr. Selger også 2 regndekken i samme merke. Det eine er rosa og i str 75cm, kun brukt ein gong sidan dette også vart for lite. Pris: 600kr. Det andre regndekkenet er blått/grønt/svart og i str 50 cm, og fremstår som nytt. Pris: 500kr. Alt kan sendast mot porto. :-)
  7. Selger ein Gappay Suprima hundeførerjakke i svart/rosa, str L. Aldri brukt, og like fin. Kan sendast. 1000kr.
  8. Min hund konkurerar i rally klasse 3.... Han er ein engelsk bulldog - så det vil vel tilsvara ein lada....? ;-) Dei fleste rasar har potensiale til å lykkas innan dei fleste greiner. Somme meir enn andre sjølvsagt, men forskjellen ligg kanskje ofte i å finna rette måte for å bygga rett motivasjon for rett hund/rase?
  9. 2 stk enkle Keela bur til mastiffane med metallbunn, støvkant nederst og oppbevaringshylle på topp. Burene er 115x75x80cm, og kosta 2200kr pr stk. Burene er laga etter mål til bilen (Transporter). Er igjen eit par cm i mellom burene, og det er for å få burene lettare på plass fordi burene må løftast inn i bilen frå bakluka, fordi dei er breiare enn sidedørene.
  10. Selger regndressen min frå Hurtta pga at den desverre er for stor. Kjøpt for berre eit par mnd sidan, og er lite brukt. Jakken er brun, unisex str S (tilsvarar ca L). Regnbuksa er svart, og str XL (damemodellen). Selgest samla for 1800kr. Kan sendast mot porto.
  11. Nilsina

    Stor hund.

    Engelsk mastiff veldig barnekjære og godlynna hundar, glad i å få vera med på lange og korte turar - men er fornøyde berre dei får vera ilag med familien sin, og krever veldig lite aktivisering for å vera fornøyde. Går godt overens med det meste av både hundar og andre dyr, og har ingen problem med kulden om vinteren.
  12. Eg kjøpte to Molly Mutt senger for å ha i bilburene, og begge var revna og ødelagde etter ca 1 veke, etter kun småturar i bilen..... :-/
  13. Om nokon er interessert og vil ha eit pristilbod til sin bil, så kan det fåast på tlf: 948 26 990.
  14. Ja, det kostar jo alltid litt når ein får arbeidet i tilleg sjølvsagt, men eg er vertfall kjempe fornøyd med denne vifta her - og skulle ønskt at eg hadde oppdaga den mykje, mykje før. :)
  15. Eg har ikkje fått den endelege prisen sjølv endå, men når den vart bestillt meinar eg han sa at prisen for vifta var rundt 1500-2500kr (om ikkje eg hugsar heilt feil). Så kjem sjølvsagt jobben utanom, men så effektiv som denne vifta er, så kunne eg med glede ha betalt mykje, mykje meir.
  16. Etter å ha fått denne fantastiske "aircondition"-vifta montert i bilen, er det HEILT slutt på at hunderommet i kassabilen fungerar som ein steikeovn når me er på tur, så eg tenkte eg ville dela tipset i tilfelle det er fleire som har samme problem. Mannen til tremeningen min har vore mekanikar i Tollvesenet i Belgia, og dette er nesten samme modell som Tollvesenet brukar i sine hundebilar, og det er altså då han som har stått for monteringa og trekking av det elektriske i min bil. Viftene fås kjøpt i dei fleste fargar og størrelsar for å matcha bilane dei skal monterast på (eg hadde kvit Caddy når han bestillte mi - men så plutseleg bytta eg bil... ), og ein får med brytarar som monterast inn i dashbordet for styring av vifta. Ein kan velga om ein vil stilla vifta til å trekka luft INN i bilen, eller blåsa lufta UT, (og sjølvsagt av/på) og ein stiller styrken på vifta med ein brytar i dashbordet. Vifta koblast anten til batteriet til bilen, eller man setter inn eit eiget batteri til vifta, slik at vifta kan gå sjølv om bilen er slukket. Har no fått testa vifta i min bil på varme dagar (og med ca 190 kilo hund blir det ganske fort varmt og innestengt luft bak i bilen...), og denne fungerar PERFEKT, og held det godt og avkjølt i hunderommet. Eit par bilder av vidunderet (beklagar uskarpe bilder, men eg krangla litt med autofokus)
  17. Den einaste eg likar i Paradise Hotel er vel strengt tatt denne kjekkasen her som kjem i slutten av rulleteksten....
  18. Det vil eg nok tru, ja. Men om det er realistisk at kan koma til å skje trur eg er verre med, ettersom bulldogfolk då faktisk må innsjå kva problem ein faktisk har med rasen i dag, for å setta i gong tiltaket. :-(
  19. Problemet med søsken og familie, i likhet med 95% av den norske bulldog bestanden, er at det er null, nada og niks å oppdriva om helse. Det er ikkje vanleg å helsetesta bulldogar, og derfor er det ingen som gjer det heller. Ei søster og ei halvsøster har papir på at dei er patella fri og hjerte u.a - men om dei andre ikkje er testa, eller om resultata ikkje er gode nok til å sjå dagslys - det kan ein ikkje vita. :-/ Det var også nokon som spurte om rynker o.l på bullen min. Han har rynker, men er ein "light-versjon" av mange som ein finn i dag. Den store "pølsa" over nasen f.eks manglar han heilt - og for lite rynker er grunnen til at han aldri har oppnådd noko bedre enn flat rød på utstilling. På nkk trondheim for ei stund sidan vart han også omtala av dommaren som ein "sportsbulldog" - før ho satte sufficient som kvalitet, fordi han er av liten og lettare type enn mange av dei pluggane ein finn i dag. Kullet han kjem frå vart tatt med keisarsnitt, fordi oppdrettarar ikkje tørr å la bulldog prøva å føda sjølv, så normalen er at dato for keisarsnitt blir avtala ved ultralyd e.l. For eit år sidan var det "heldigvis" ein oppdrettar som ikkje kom seg tidsnok til dyrlegen, så fødselen starta heime. Og alle kvalpane kom ut, og ingen komplikasjonar. Etter det har det gått sport i å få annonsera med sjølvfødande bulldogar, så fleire og fleire har latt hundane prøva. Nokre har gått bra, og nokre har fått komplikasjonar. Og nei, når det kjem til HD og AD så har eg (bank i bordet) aldri merka noko som helst teikn til stivhet/vondt. Men han er også berre 3 år fortsatt, så det kan eg ikkje vita om kjem til å forandra seg med tiden. men per dags dato så er han ein sprek og aktiv gutt, som eg ikkje treng å setta begrensningar for mtp fysisk aktivitet for å passa på f.eks pust, verken sommar eller resten av året. I haust har han vore med mannen i huset på hjortejakt, og me er så smått byrja å trena blodspor. Eg har sikkert vore meget heldig med min hund, men ut i frå slik MIN hund er, så syns eg det er trist å sei at bulldogen ikkje har livets rett. Min "treningsmentor" er oppdrettar av springer spaniel, spordommar og nkk instruktør med lang fartstid i gamet, og min held følge med hennar hundar på alle plan. Men på utstilling, ser ein frykteleg mykje trist, og ein dkjønnar at det er det som er hovedregelen, og ikkje unntaket. så det er heilt klart at skal det vera noko håp for bulldogen, så MÅ standarden forandrast, så dommarane sluttar å premiera dei sjuke hundane. Og nei, eg seier ikkje at min er frisk for han har HD, AD og feilstillte hår - men per dags dato er det for oss kun nokre bokstavar påpapiret, og heldigvis ingenting me merkar noko til i dagliglivet - endå.
  20. Jodå, men eg har også skrevet ganske tydeleg at dersom han blir brukt til eit eventuellt kull så er det på ei helsesjekka tispe utan dei samme feilane som hans, der kombinasjonen veg opp for kvarandres svakhetar? Kan nokon forklara meg korleis det er å "sjå vekk frå resultata"?
  21. Og der kom det igjen.. På kva grunnlag kan du påstå at eg velg å sjå bort frå resultata hans?
  22. 2ne: takk! Meir enn det spurte eg ikkje etter. som sagt, eg er like glad for meiningar om at han IKKJE bør brukast som at han bør brukast, fordi eg var ute etter ærlige meiningar fordi eg syns det er vanskeleg å bedømma kva som er ein "bedre" bulldog pga alle dei plagane den har - nettopp fordi det er ein bulldog ja. som sagt, hadde han vore f.eks mastiff som er min andre rase, hadde ikkje ein gong tanken om å bruka han streifa meg. Det einaste eg forlangar er at folk kan diskutera på eit sakleg nivå.
  23. Nei, igjen: eg har fått mange fornuftige og gode svar! Og igjen, dei har eg takka for. Dei innlegga eg reagerar på, og tar som ein direkte spydighet til min person og intensjon for rasen, er formuleringen til eit par, som at eg kastar vekk pengar på helsetestar som eg uansett er meint å drita i resultata av (direkte sitert) for å få brukt han i avl, at han ikkje kvalifiserast som avlshund kun fordi han har premiering i LP, at det er bortkasta fordi rasen ikkje er liv laga, at det er meir seriøst å bruka ein hund med UKJENDT helsestatus, og andre liknande ting. Om du leser igjennom tråden, så vil du finna ein del slike slengkommentarar, og det meinar eg folk bør halda seg for gode for? Eg har ikkje noko problem med å godta at folk er uenige med meg, eg forstår også godt at folk syns det er trist at det har gått som det har gått med rasen - for der har eg vel vore tydeleg på at eg er enig i at det er STORE helseproblem sjølv? Så for all del, ver negative - men ver så snill og hold dere saklige. Så problemet mitt her er at eg blir totalt nedslakta for å vurdera å gjera eit forsøk på å forbedra helsa, ved at min relativt ok kartlagde hanne, med dei positive og negative sider han har, KANSKJE nokon gong kan bli brukt på ei også kartlagd tispe som veg opp for hans svakhetar, og omvendt, i eit håp om at det kan bidra positivt for rasenpå sikt? For det er faktisk meget mykje meir enn det som blir gjort av oppdrettarar i dag, både innan EB, fralle, mops o.l, men dei opererar i det skjulte, så dei som får kritikken - er dei som tørr å offentleggjera helseresultata på hundane sine. Og personleg syns eg det er ganske sårandes - vertfall når folk vrir det til at eg er misfornøyd med svara eg får fordi folk er uenige med meg. For eg håpar eg har forklart godt nok no at det ikkje er det som er poenget?
  24. Eg kan definera spydighet til deg om du vil(sjølv om det egentleg ikkje ser ut til at det trengst)? For eg har vel vitterleg sagt at eg ønsker både positive og negative innspel her, og eg har takka for dei saklege svara eg har fått sjølv om dei fleste heller mot negativt? Så at du med vilje vrir det til at eg ikkje er fornøyd med at folk er negative til å bruka han, er berre nok ein spydighet, og seier vel egentleg sitt for seg sjølv.
  25. Er det vanleg skikk på dette forumet å vera så spydige?
×
×
  • Opprett ny...