Gå til innhold
Hundesonen.no

Nilsina

Medlemmer
  • Innholdsteller

    32
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Nilsina

  1. Vennligst les innlegga bedre før ein svarar: eg var ute etter positive og negative tilbakemeldingar, og det har eg fått. det eg IKKJE var ute etter, er spydighetar og totalt usmaklige kommentarar. Det har eg også fått.
  2. Når folk presterar å kommentera at rasen kanskje ikkje har livets rett, i staden for å faktisk prøva å gjera noko for å forbedra rasen, då mistar eg munn og mæle! Og nei, før du 2ne prøver å vri det til at eg meinar at min han vil forbedra rasen med sine D albogar, så er det ikkje det eg seier, men eg er rett og slett sjokkert over innstillingen til visse når det kjem til rasen her. JA - bulldogen har store helsemessige problem. Det er det vel ingen som er i tvil om? Så når nokon faktisk tar seg bryet med å helsetesta hundane, i staden for å berra setta hunden rett i avl som faktisk er det ein kan så lenge hunden har oppnådd ei blåsløyfe på utstilling, og det som per dags dato faktisk blir gjort av 90% av oppdrettarane av rasen, så blir ein møtt med nedlatenhet, spydighetar og andre frekkhetar? Eg hadde rekna med at det kom til å bli ein diskusjon ut av dette då eg posta det første innlegget, og det er heilt i orden det då det var det eg var ute etter for å få sett saken frå flest muleg vinklar, nettopp fordi at helseresultata hans kunne ha vore bedre, men for å vera realistisk så kunne dei ha vore meget mykje verre også - men eg hadde også forventa at folk klarte å forholda seg sakleg til diskusjonen? Men å sei at bulldogen kanskje ikkje har livets rett, er rett og slett forkasteleg! Så med det seier eg og gutten min takk for oss. Og til dei som holdt seg saklege i diskusjonen, tusen takk for innspill.
  3. Eg skjønnar godt skepsisen til folk! det er den eg sitter med sjølv, fordi eg er vandt til ein anna rase der dette for meg er "dødssynd nr.1", å avla på HD og AD. Eg skriver også igjen at tispa forespørselen gjaldt ikkje er helsetesta, og at det derfor er uaktuellt så lenge det forblir slik vertfall. Om han nokon gong skal bli brukt i avl, så er det då sjølvsagt eit krav om at tispa er helsetesta, og ikkje har dei samme feilane som min har! Som nokon over her nevnte, så hjelper det då ingenting om helsestatusane er kjendt, så lenge ein ikkje brukar det til å finna ein avlspartner som ikkje har dei samme feilane. Ellers har ein jo ingen sjangs til å kunna forbedra noko som helst. At han har ein 2.premie i LP er då heller ikkje noko grunn til å bruka han i avl for meg, men vart nevnt for å gi eit inntrykk av hunden generelt - at han er av den typen som kan brukast, likar å jobba, og ikkje berre til å ligga på sofaen. At han har "bra pust" betyr at han kan gå lange turar utan å grynta/få bustebesvær - også på sommaren i varmen. "Bra pust" kan eg gjerne utdjupa meir i midten av april, etter at me har vore på røntgen og sjekka luftrøyrsdiameter, for dei som skulle vera interessert i det. Og nei, sidan det ikkje er noko statistikk å samanlikna han med, så kan eg ikkje vita om han er blandt dei sunnare bulldogane eller ikkje. Derav problemet mitt, for eg har ingen intensjon om å bidra til å ødlegga denne rasen meir enn den allerede er blitt.
  4. Ja - og det er akkurat der problemet er. Eg har også mastiff, og der hadde eg ALDRI kunna vurdert å brukt ein mastiff med HD eller AD i avl. Grunnen til at eg velg å ikkje blankt avfeia det på bulldogen til tross for at han har middels AD, er fordi rasen er mykje dårligare stillt helsemessig enn mange andre rasar, og ein plass må ein starta for å kunna forbedra helsa. Då med å kartlegga helsestatusar, bruka det beste snittmessig av rasen, og bevisst velga partner som ikkje har dei samme feilane. Den aktuelle tispa forespørselen gjaldt er ikkje helsetesta, og det er derfor også uaktuellt så lenge ho ikkje er det, så spørsmålet mitt gjeld meir om det er etisk forsvarleg å bruka denne hannen i avl på generelt grunnlag, om ein brukar ei tispe som veg opp for hans svakhetar - og ikkje akkurat til den parringen forespørselen gjaldt. Eg har ingen behov for at han skal gå vidare i avl, helsetestane er ikkje gjort for å "avlsklargjera" han på noko måte, og eg har ikkje tenkt på han som noko avlshund før denne forespørselen kom, så dilemmaet mitt her blir om han har noko positivt å tilføra rasen til tross for hans svakhetar - igjen, fordi det finst lite/ingenting å samanlikna med.
  5. Eg befinn meg sjølv i eit etisk dilemma her, og ønsker andre sine synspunkt på saken.. Eg har blitt spurt om å låna ut bulldog hannen min til avl, og er litt usikker på om det er lurt eller ikkje. Hunden det er snakk om er 3 år no, har excellent på utstilling, 2.premie i LP klasse 1, er patella fri, har bra pust, og er ein meget aktiv og sprek gut. Det som gjer meg usikker, er at han har HD:C og AD:D, og at det vart påvist 2 feilstilte augevipper på det eine auga hans ved augelysning for 2 mnd sidan. Feilstillte hår er eit ganske vanleg problem på bulldogar, så sidan han også har det, er det store sjangsar for at han kan koma til å føra det vidare ved evt.avl. Når det kjem til HD og AD så er det vanskeleg å vita korleis resultata hans er i forhold til gjennomsnittet, fordi ytterst få bulldogar blir røntga. :-/ Syns det er meget vanskeleg å vurdera om han kan føra vidare noko helsemessig positivt dersom han går i avl, fordi at det er så frykteleg lite info om helsetestar på bulldog å finna. Svært få helsetestar, eller i vertfall deler helseresultat offentleg, og då har ein ikkje så mykje å samanlikna med. Ønsker innspel frå andre om saken, både positive og negative.
  6. Eg har 2 mastiffar og ein engelsk bulldog. Mastifftispa mi stiller eg ut, og mastifftispa og bulldog hannen konkurrerar i LP
  7. Fikk ikkje til å legga ut bilder her. :-( Er det dekkenet eller halsbanda du ønsker bilder av? Kan senda deg bilde på mail om du gir meg addressa di.
  8. Selger 2 stk Ed Hardy setetrekk til bil med bulldog på. 500kr. Link til bilde: https://www.google.no/search?q=ed+hardy+bulldog+car+seat&hl=no&client=safari&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=GZY3UYSdGOX74QSYk4G4BQ&ved=0CAgQ_AUoAQ&biw=320&bih=416#i=4
  9. Selger eit lite brukt Hurtta Frost Jacket (grått) dekken i str 90cm, 400kr. Har også eit Hurtta lifeguard neonrosa halvstrup halsband i str 55-65cm, og eit Hurtta pro blått halvstrup i str 50-60cm, til 100kr per stykk.
  10. Rase: Engelsk Bulldog Navn: Bernweiler's Roy Kjønn: Guttegutt Alder:3 år Farge:Raud/kvit Kennel: Bernweiler Beste utstillings utstillingsresultater: Excellent.. Beste Jakt/agility/lydighet/lurecoursing og andre: Har ein 2.premie i LP1 som foreløbig beste resultat på offisiellt stevne. Vart også klubbmester i lydighet kl.1 i haust, på uoffisiell klubbmesterskap.
  11. Rase: Engelsk Mastiff Navn: NJV'12 NV'12 Gabrielle Du Ranc De Bannes Kjønn: Tispe Alder: 16 mnd Farge: Fawn Kennel: Du Ranc De Bannes Mastiffs, Frankrike Beste utstillings utstillingsresultater: BIM på Norsk Vinner 2012, og derfor Norsk Junior Vinnar og Norsk Vinnar, 12 mnd gamal. Beste Jakt/agility/lydighet/lurecoursing og andre: 3.premie i lydighet klasse 1, på debuten hennar i lydighetsringen på NKK Bø.
  12. Hei! Er buret solgt? Og kan skillevegg tas ut, så det kan brukast som enkeltbur (har mastiff)? I såfall vil eg gjerne ha det, og kan henta i helga
  13. Eit par vinterbilder av mine små
  14. Nokon som vil gjetta resultatet her?
×
×
  • Opprett ny...