Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Bellare last won the day on 15. August 2020

Bellare had the most liked content!

4 følgere

Om Bellare

  • Bursdag 05/17/1992

Contact Methods

  • Website URL
    http://www.catania.sikvax.com

Profile Information

  • Kjønn
    Kvinne
  • Bosted
    Førde
  • Interesser
    Hund, foto, bøker.
  • Hunderase
    Etnahund, Norsk Elghund Grå
  • Mine dyr
    Catania av New Caprica.
    Losnabakken's A-A Hera.
    Fenris.

Nylige profilbesøk

19,990 profilvisninger

Bellare's Achievements

Grand Master

Grand Master (14/14)

  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In
  • Conversation Starter
  • First Post

Recent Badges

1.8k

Nettsamfunnsomdømme

  1. Nokon her som har erfaring med open livmorbetennelse, kastrering og tida etter? Eine tispa vår på 5,5 år vart hasteoperert på lørdag. Ho fikk 50/50 sjanse for å overleve, då nyreverdiane var heilt i grenseland til at dei faktisk var målbare. Under oppvåkning starta ho å kaste opp i staden for å puste, så endte opp med at dei måtte suge ut ein masse gørr. Bikkja er fortsatt veldig slakk og vil helst berre ligge i ro, må håndfôrast og drikker minimalt. Ho gir beskjed når ho må ut, og har både tissa og bæsja. Vi er i tett dialog med veterinær og ringer raskt om vi er usikre på noko. Skal inn på kontroll på fredag for å ta blodprøver og sjekke nyreverdiane på ny (det skal ho kvar veke framover). Men har aldri vert borti livmorbetennelse eller kor raskt dei pleier å vere tilbake til normalen. Då spesielt når hunden kun har fått ein 50% sjanse... Så er det nokon med erfaring å dele?
  2. Var på podencospesialen i helga og kan ikkje sei så mykje anna enn at eg er meget godt nøgd med lille propell. Ho slo til og med champion mammaen sin ? Lørdag: «ca 2 år, vakker siluett, velskåret hode med korrekte proposjoner, vakre velplasserte ører, utmerket øyne. passe underkjeve, vakker halsbue, kunne hatt noe bedre brystben, god benlengde, utmerket brystkasse, godt musklede lår, sterke haser, vakker pels og farge, utmerkede bevegelser fra siden, trenger å bli litt strammere i fronten» Dommar: Britt Nyberg Resultat: Excellent Søndag: «Snart 2 år stor tispe med bra prop. Velskåret hode med utm lengde og forhold mellom snute og skalle. Velpl tynne ører som brukes godt. Bra underkjeve. Velpl øyne. God hals, spenstig rygg, kryss med god lengde og helning. Velans hale. Utm underlinje. Harmonisk vinklet. Bev seg med god steglengde. Rette ben med gode sener. Stram hud. Utm pels, behagelig temp.» Dommar: Karl Eddie Berge Resultat: 1BTK, CK, CERT, BIM Er viktig og smiske litt med dommaren! BIR: Full / BIM: Cira
  3. Slenger ut eit knippe bilder frå nokre turar i år. Koronatider, permittert og SOL = 18 km skitur med turbo og ei venninne. På skitur over isen med supertrekkhundane våre. Gjengen vår. Fenris (9), Hera (4), Cira (snart 2) og Catania (snart 8). Hera og Catania på tur. Cira på veg opp til Hatlesetnipa. Cira og Catania på Hatlesetnipa. Sambuar med Hera og Fenris på Naregga. Catania og Cira på Uførefjellet (vi vart ikkje ufør på turen!) Catania, frå 7- fjellsturen i sommar (her på veg til topp nr. 2) Catania, frå 7- fjellsturen i sommar. Meg og Catania, frå 7- fjellsturen i sommar. Her på topp 3 av 4 på denne fjellrekka som du ser bak (på topp nr. 6 denne turen). Topp 1-3 er til venstre for vatnet du ser nedi dalen. Vart litt opp på fjellet, ned i dalen, opp på nytt fjell, ned i ny dal... pjuh! Cira var også med, men venninna mi gikk med ho. Meg med Cira i armane og Catania på bakken, på Ramsdalsnipa/Solheimsnipa (kjem an på kva side fjellet blir sett frå) Catania, snart 8 år, på veg opp på Knabekniben. Eit par veldig bratte parti på veg opp på Knabekniben! Men vi kom oss opp med begge bikkjene ved hjelp av litt løfting og rumpedytting. Cira (straks 2 år) og Catania (straks 8 år) på veg over ei gjernetrapp. På veg mot Knabekniben. Sambuar med Cira, straks på toppen av Knabekniben. På toppen av vår siste fjelltur, for eit par dagar sidan. Her på Knabekniben på Knaben.
  4. Før nyttår sendte eg inn DNA test av Cira til MyDog-DNA, og nokre veker seinare fikk vi svar. Og i begynnelsen av februar var vi til veterinæren for HD/AD røntgen. HD: A/B AD: 0 Veldig morro! Så neste blir nok sjekk av patellastatus og seinare augelysing. Men er aller mest spent på om ho får skikkeleg løpetid snart. Alle tre kullsøstrene hennar har hatt løpetid, både ein og to gangar. Og når vi var hos veterinæren for røntging, meinte han at det nok ikkje var lenge sidan ho hadde hatt løpetid. Men ho har ikkje vist eit einaste teikn på det, kun Fenris som var litt meir intens i interessa si ein liten periode, dog ikkje i nærleiken av like intens som han er når dei andre tispene her har skikkeleg løpetid. I følge veterinæren hadde nok Cira då hatt ei "stille løpetid". Og det er jo litt kjipt om ho fortsetter med! ?
  5. Men korleis veit du at det er det første dei tyr til (eller rettare sagt det andre, etter det eg såg)? Tenker no som så at det er eit tv program med mykje klipp og lim, det er korte episodar og ingen lang serie heller, ergo også mykje vi ikkje får sett. Og er det verkeleg SÅ fælt at bikkja får grei beskjed ved å trampe i bakken og sei hardt nei? Høres jo nesten ut som bikkja blir mishandla...
  6. Hera og Catania - trekkbikkjene Eg vil sjå hundar som leikar i snøen.
  7. Vi er godt nøgde med halsbånda frå @Carro92 her inne, Pointdal massasje og hundeutstyr på fb.
  8. Drar opp igjen den her, sidan eg lurer på det samme (men ikkje nødvendigvis Italia) og her ikkje er noke særleg med svar
  9. Var i Lillestrøm med lille propell forge helg og sjølv om ikkje resultata var sånn heilt knall, så er eg godt nøgd. Eg syns kritikkane var fine og vi reiste heim igjen med Norsk juniorvinner tittel Oppdretter var der også, og lille propell blir jo hysterisk glad når ho møter dei, så på fredagen tissa ho i rein glede. Både på begynnelsen av dagen og når vi gikk innom rasestanden for og sei hade, fleire timar seinare. Jaddah... Vart like hysterisk på søndagen, men då klarte ho heldigvis å ha litt meir kontroll på blæra, men til gjengjeld var det ho som sto og hyyyylte så det nærmast ga ekko i hallen ? Men alt i alt syns eg Cira oppførte seg veldig bra. Ho vil jo så gjerne hilse på folk, spesielt på dommere sidan ho då får "singla" ut ein person som også gir ho litt oppmerksomhet, så på søndag fikk eg beskjed om at eg hadde ein "crazy dog", haha! Han syns det var fint at ho var glad i folk, men det kan jo fort bli litt for mykje av det gode ? Fredag: «Utmärkt rastyp. Feminin och av god storlek. Vackert huvud och uttrykk. Välkroppad. Aningen rund i överlinjen. Rör sig ok från sidan. Kunde vara stabilare fram.» Dommar: Henrik Härling Resultat: Excellent, norsk juniorvinner 2019 Søndag: «14 mon. rather tall size but stil feminin outlock. Very friendly, feminin, good propotion. Typical feminin head. Good teeth. A bit hard expression. Well set ears. Rather big. Long neck. And when she stands free correct topline. Good ribcage depth of chest according to age. Very well muscled hindq. Still shows a rather youthful movements. Very nice character.» Dommar: André Van Den Broek Resultat: Excellent Kven er mest interessert i og sjå på tenna, skal tru? ?
  10. På søndag var vi i ringen igjen, denne gang på heimebane. Og der måtte lille propellen, Cira, målast også gitt. Ho har aldri sett ein målestav før og vi har heller ikkje trent på det, men det gikk over all forventning. Ho forholdt seg roleg og merka nok knapt noko til målestaven. Og sånn ellers kan eg vel ikkje sei meg anna enn særs nøgd med lille propell, på 13 mnd. dagen sin og greier! Så no blir det berre å fortsette treninga mot dogs4all i november «Quite big bitch, good bones and length for her body, correct headlines, good stop, long correct sett ears, round light eyes, good muzzle, excellent topline when standing, correct tail sett, enough breathcases, very long legd, moves quite well, nice tail carriage, good coat and color.» Resultat: BIR, CERT, CK Dommar: Marjatta Pylvänäinen-suorsa På grunn av hundesjuka som har gått, måtte alle vise tenner på hunden sin sjølv. Viktig og geipe litt ? Måling pågår. Vankar alltid ein godbit eller ti når vi er på utstilling
  11. Lista over dei påmeldte rasane, antall og tidspunkt for når dei forskjellige skal gå, blir vel publisert på nkk sine sider ca. 1 veke før dogs4all
  12. Takk Ja, det er det verkeleg! Heldigvis kun hørt positive ting om miljøet i nye jobben, så håpar det blir bra Føler eg har velta ei dominobrikke då, for er minst 2 andre som vurderar å slutte no, sidan eg skal slutte ?
  13. No går tida fort gitt! Kun 3.5 veke igjen hos noverande arbeidsgivar, 1 veke ferie og så er det oppstart i ny jobb. Kjenner eg gler meg til litt forandringar og forhåpentlegvis eit mykje betre arbeidsmiljø!
  14. Eg skal stille både fredag og søndag Berre håpar vi klarar å ordne med hundepass til dei tre andre bikkjene, så eg slepp reise aleine ?
  15. Når eg skulle ha Catania, som på det tidspunktet vart min hund nr. 2, syns mamma eg var litt smågal. Muligens på grunn av at eg ikkje sa det til noken i familien før sånn rett før eg skulle hente ho ? Men ellers har eg aldri fått noke særleg med negative kommentarar. Når eg var i vurderingsfasen ang. Cira, var mamma veldig "kvifor ikkje?", men når eg sa vi hadde bestemt oss og skulle ha ho, snudde ho litt om på det og lurte på om vi ikkje snart hadde nok, sidan vi hadde 3 frå før av. Mens pappa meinte vi burde jo kjøpe ein til, det er nemleg "barnebarna" hans det her ? Men NO er det nok ?
×
×
  • Opprett ny...