Gå til innhold
Hundesonen.no

Catania, Cira, Hera og Fenris (Etnahund og NEG)


Bellare
 Share

Recommended Posts

  • Svar 131
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Her har det skjedd litt forskjellig sidan sist. Vi er nemleg godt i gang med og kjøpe oss eit lite småbruk, på rundt 54 mål. Så her blir stor og god tumleplass for bikkjene. Og ingen naboar klin innpå

Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom

Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdi

Posted Images

1962857_10154758397185468_10228117693073

Har klart og sette meg nokre mål for 2015, som eg både trur og håpar burde vere innafor, for det vi skal klare.

Agility har vi så vidt starta med, der Catania har fått prøvd seg på nokre hinder. Og så langt, går det langt over mine forventingar, og så verkar det som at ho syns det er morro. Definitivt noko vi skal fortsette med! :D

I lydigheten har eg begynt og snuse litt på klasse 2 øvelsane, som ruta og apport. Apportering har eg jobba ganske lenge med, men har hatt ein lang pause. Og sidan Catania syns det er morro og beholde apportbukken for seg sjølv, blir det ein del grunnarbeid med kun det å holde den når ho sitter på plass, no i starten. Så langt går det veldig bra :)
Ellers trur eg alle dekk-øvelsane kan leggast på hylla, fram til våren melder sin ankomst.

Mål 2015:

  • Øyenlyse
  • HD-/AD røntge
  • Starte blodspor (så sant det blir arrangert kurs, vart avlyst i år…)
  • Trene agility for gøy
  • Gå vidaregåande kurs i lydighet
  • Få lineføringa i LP til og bli meir morro
  • Få tannvisning i LP til og bli meir morro (det er gruuusomt, i følge bruningen sjølv. La fremmede sjekke tenna du liksom...)
  • Få ein sikker fellesdekk
  • Oppnå 1. premie i LP1
  • Starte på klasse 2. øvelsar i LP (ruta og apport)
  • Trene på meir passering av fremmede bikkjer
  • Gå meir på fjellet til sommaren (3 fjell + stølar og andre lengre spaserturar 2014)
  • Kose seg meir ute i naturen, ikkje berre gå for og gå, stopp og nyt naturen!
  • Få kontroll over nervane før stevner
  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så utrolig kult med en Etnahund i lp! :D Flink også!

Jeg er såååå svak for utseendet, men ikke for jaktlysta :P

Takk :D Den jaktlysta merkar ein så lite til, atte :P

På torsdag trossa vi det faktum at ulven har forflytta seg området i nærleiken av Langeland, og dura opp dit for og gå tur. Catania fikk springe laus heile turen, og storkosa seg med litt musejakt. Den einaste fangsten, bestod av ei død mus ho fant, som ho absolutt måtte rulle seg i :x

Ulven håpar eg finner eit anna område og oppholde seg i, snart. Møtte på eit eldre par som gjekk på tur, som håpte eg knipsa bilder av ulven, men det var vist berre Catania-ulven min gitt :P

Var godt og la frøkna få herje rundt skikkeleg etter litt for lenge. Merkar ho brenner energi på ein heilt anna måte, og det er så deilig når vi kjem heim igjen då :)

10689433_10154766234550468_2137316026419

Hallo? Er her musehus?

10685453_10154766240365468_7771421220598

10392410_10154766241610468_3128787093906

10805736_10154766243935468_6025400402878

Raptustroll!

541543_10154766248595468_672882128950959

10425028_10154766249950468_1082102375389

Ho er litt, sånn... Veldig lekker :wub:

10421963_10154766249985468_1023827572151

10423816_10154766253855468_6183002241152

10311759_10154766334530468_6544141375048

10441148_10154766334940468_1388239748270

På musejakt med beina i været :P

10501939_10154766339420468_3193515929274

Kvar forsvant den!?

10001385_10154766339765468_8110519489318

Angrip!

10269551_10154766345370468_2845262702802

10492108_10154766347270468_2898124543626

14382_10154766354390468_6351883589928840

1379993_10154766355875468_28259824025690

10407028_10154766356810468_2245826095491

1376608_10154766358355468_68610631101600

Lille, fine pip-pipen, vil du komme ned og leike? :drool:

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempeflotte bilder! Enig i at det er så deilig etter slike turer. :ahappy:

Hva er problemet med tannvisningen da, trekker hun seg?
Kanskje dere kan prøve at en "dommer" bare hilser på deg og ignorerer henne, så belønner du sitten. Mange ganger til hun er helt trygg på det først. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempeflotte bilder! Enig i at det er så deilig etter slike turer. :ahappy:

Hva er problemet med tannvisningen da, trekker hun seg?

Kanskje dere kan prøve at en "dommer" bare hilser på deg og ignorerer henne, så belønner du sitten. Mange ganger til hun er helt trygg på det først. :)

Tusen takk :D

Ho trekker seg, ja. Kan verke noko usikker. Er spesielt om dommar er av den litt "trege" og forsiktige typen, som på siste stevnet vi var på. Har aldri opplevd at ho har trekt seg sånn heilt ut av posisjon, og då brumma ho også litt på dommar... Første stevnet gjekk alt så raskt, at ho snudde berre litt på hodet, og vips, så var alt over.

Jobbar litt med slik du skriver her, berre at "dommar" står på sida av ho, sidan det er der ho blir litt usikker. Så kan dei gjerne stryke ho ein gong i munnvikane og gå, så får ho masse ros undervegs og belønning.

Men går greit med dei som har tatt tannvisning på ho ein del gangar, då bryr ho seg lite. Kan då i verste fall vere litt uroleg, men forlet sjeldant posisjonen sin, og tannvisninga går då stort sett knirkefritt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Så har man begynt heime-aleine trening heilt på nytt. Etter at ho vart aleinehund slutta ho med rasering, men ho uler. Og det er lite populært når man bur i eit burettslag. Er på dag 5, såg veldig positivt på det dei første dagane, men akkurat no... Nei, møkk! Snakka med veterinæren i dag, og om det ikkje funkar med iHarmoni og dap i vekene framover, då blir det vurdert Clomicalm. Så eg håpar vi kjem oss vidare.
Har i vert fall lagt ein plan og noterar resultatet frå kvar økt.

Ho klarte fint 7 minuttar på søndag, men i dag har ho vert aleine 3 x 4 minutt, og ulte dei to siste gangane :gaah:

10644434_10154802994785468_8255209447697

Hei, du... Fine lille pip-pipen, eg skal stirre deg ihjel :drool:

10347227_10154796686785468_3666210916389

Du kan få bære alt sjølv, mutter'n, så sitter eg og ventar her så lenge!

Ellers har vi komt godt i gang med apporteringa, inne i vert fall. Ho held den, plukkar den opp og apporterar frå korte avstandar. Så det går framover! Litt pirking på innsitten, då ho setter seg veldig skeivt når ho kjem inn på plass med den.

Har også sett meg ut nokre stevner eg vurderar og melde på til neste år. Er nok ein goood del som går ut, men det er dei som ligg i passe avstand. Så då er det berre og legge seg i hardtrening, blir nok oppstart av stevner igjen i april, om ikkje anna! :ahappy:

28.03.2015: Norsk Retrieverklubb Bergen og Omegn
25.04.2015: Florø Hundklubb
26.04.2015: Førde Brukshundeklubb

09.05.2015: Norsk kennel klub, Ålesund

10.05.2015: Sunnmøre hundeklubb
03.06.2015: Bergen Selskaps- og Brukshundklubb
02.09.2015: Norsk Retrieverklubb Bergen og Omegn
10.10.2015: Bergen Selskaps- og Brukshundklubb
11.10.2015: Florø Hundeklubb
31.10.2015: Førde Brukshundklubb
07.11.2015: Fitfjar-Stord hundeklubb

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å separasjonsangst er ikke lett! :(

Masse lykke til med treninga og håper du oppdaterer.

Er ikkje det, nei. Føler til tider for og kverke heile krapylet :P

Men litt resultater har vi fått då, som det at ho no blir værande i senga på soverommet til eg er ferdig på badet på morgonkvisten. Før kom ho alltid inn på badet til meg litt etter at eg hadde stått opp. Men i dag låg ho for første gong, utan eit pip, i senga til eg var ferdig. Og i ein avslappa positur!

Ho får ikkje lenger lov til og ligge utafor baderomsdøra i innergangen når eg er på badet ellers på dagen, og har derfor stengt av med kompostgrinder eg har satt opp. Har gått i frå mykje piping (ho peip ikkje når ho låg rett utafor døra tidlegare), til at ho no for det meste er stille. Brukar eg lang tid i dusjen, kan ho småpipe litt. Men er ikkje i nærleiken av den pipinga det var heilt i starten etter at eg begynte på nytt.

Begge desse tinga er eigentleg ikkje noko problem, er meir for at ho skal lære seg og vere aleine, og ha ein type "aleine følelse". Noko sånt eg inbillar meg i vert fall :)

Det verkelege problemet ligger når eg går ut ytterdøra. Ho kan fint vere aleine i halvnannan+ time når eg er på kontoret, men og gå ut ytterdøra, då er det piping og uling. Ho bryr seg svært lite om at eg går ut i gangen, tar fram nøklar, kler på meg og går ut. Ho kan ligge avslappa i sofaen gjennom alt det. Er først etter nokre sekund til eit minutt eller to, at ho begynner og pipe. Innimellom går det over til uling. Ellers som i går når ho starta eit lite ulekor knapt eit minutt etter at eg hadde gått ut døra.

Har snakka litt med ei som hadde samme problem med hunden sin, og ho tipsa meg om ein metode ho hadde brukt under dei korte hyppige øktene sine; nemleg og legge ein godbit på golvet, be hunden vente, gå ut, vente litt, gå inn igjen og gi hunden værsågod-kommando.

Prøvde dette for første gong i dag, og sjølv om Catania overhode ikkje er vant til og verken vente så lenge før ho får værsågod-kommandoen eller at eg faktisk forlet rommet når det ligger sånne fristelsar ho ikkje kan røre der, så tok ho poenget superraskt!

Hadde mange, korte og hyppige økter med denne metoden i dag, og vi er oppe i 45 sekundar! Og låg ho samankrølla og avslappa i sofaen når eg gjekk ut, og låg i nøyaktig samme stilling når eg kom inn igjen. Fikk sitt værsågod, og masse masse ros så klart.

Tenker det blir denne metoden eg brukar framover, og så kan eg ta ein gong i løpet av dagen, mellom alle desse andre øktene, der eg går ut i nokre sekund utan at ho har godbitane forran seg, men at ho heller får godis kasta til seg når eg kjem inn. Så sant ho ligger roleg då.

Om ho fortsatt ligger like avslappa og roleg når vi er oppe i halvanna minutt, då skal eg heller prøve og sjå litt meir positivt på treninga igjen, for akkurat no har ho reist seg innan den tida. Er på dag 10, og føler i grunn ikkje vi har komt noko særleg langt...

Men ho er fortsatt verdens finaste Cattepus :wub::)

10370962_10154834975115468_2424436300940

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men, treninga du holder på med innvolverer at hun ligger og venter anspent på at du skal komme tilbake. Er det så bra? Tror egentlig du trener på lydigheten hennes med den øvelsen, ikke på "takle å være alene".

Generelt sett anbefaler "ekspertene" at man skal desensivitere hunden for alt av triggere, så alle ting som kan tyde på at du er på vei ut døra, skal miste sin betydning fordi du gjør det så mye.

Reise seg opp, finne frem veska, ta på seg skjerf og lue... og så sette seg i sofaen og se på tv.

Reise seg, gå til døra, åpne den... lukke den og sette seg på kjøkkenet.

Ta på seg sko og jakke, gå ut ytterdøra, lukk den bak seg, og kom rett tilbake.

I teorien, om man trener nok på dette, slutter hunden å bry seg om triggerene. Ulempen er at man må gjøre dette omtrent 30 ganger omd agen eller så.. blir veldig kjedelig for folk også.

Og når du trener på å være alene er det veldig greit å variere tiden, først en økt på 1 minutt, så en på 15 sekunder, så en på 2 minutter, så en 30 sekunder, så en på 2 minutter osv... så tiden er stigende, men at en del av de er av kortere varighet.

Selv syns jeg det vanskelige var å komme opp 10 minutter, omtrent da knakk man koden og all økningen etterpå var faktisk ganske uproblematisk og kunne gå i mye større intervaller. Å gå fra to timer til fire var mye mindre stress enn fra to minutter til fire minutter :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men, treninga du holder på med innvolverer at hun ligger og venter anspent på at du skal komme tilbake. Er det så bra? Tror egentlig du trener på lydigheten hennes med den øvelsen, ikke på "takle å være alene".

Generelt sett anbefaler "ekspertene" at man skal desensivitere hunden for alt av triggere, så alle ting som kan tyde på at du er på vei ut døra, skal miste sin betydning fordi du gjør det så mye.

Reise seg opp, finne frem veska, ta på seg skjerf og lue... og så sette seg i sofaen og se på tv.

Reise seg, gå til døra, åpne den... lukke den og sette seg på kjøkkenet.

Ta på seg sko og jakke, gå ut ytterdøra, lukk den bak seg, og kom rett tilbake.

I teorien, om man trener nok på dette, slutter hunden å bry seg om triggerene. Ulempen er at man må gjøre dette omtrent 30 ganger omd agen eller så.. blir veldig kjedelig for folk også.

Og når du trener på å være alene er det veldig greit å variere tiden, først en økt på 1 minutt, så en på 15 sekunder, så en på 2 minutter, så en 30 sekunder, så en på 2 minutter osv... så tiden er stigende, men at en del av de er av kortere varighet.

Selv syns jeg det vanskelige var å komme opp 10 minutter, omtrent da knakk man koden og all økningen etterpå var faktisk ganske uproblematisk og kunne gå i mye større intervaller. Å gå fra to timer til fire var mye mindre stress enn fra to minutter til fire minutter :)

Føler det har hjulpe litt med at ho lærer at ho skal ligge i sofaen eller senga si, og bli værande der til eg kjem inn igjen og ikkje trakke rundt. Starta med nokre repetisjonar av den i dag, før eg gjekk over på at ho fikk ein godbit kasta til seg når eg kom inn igjen. Etter til saman 18 kjappe, korte økter i løpet av kvelden, har eg komt heilt opp i 1:15 minutt der ho blir liggande i sofaen.

Greit nok noko anspent og ivrig etter og få den godbiten ho skal få kasta til seg når eg kjem inn, men er det noko betre at ho går og trakkar rundt og piper, som igjen kan eskalere til uling?

Har ikkje vert eit pip i dag nemleg. Målet er jo så klart at ho skal lære seg og slappe av når vi har komt oss over kneika :)

Er slik du beskriver eg trenar. Og det er veldig varierande med tidspunkta, då ho aldri skal vite nøyaktig når eg faktisk kjem tilbake :)

Tar sikkert tusen år før vi kjem oss opp i 10 minutt, det ser ut som eit frykteleg høgt tall akkurat no, haha! :P

10303369_10154786377105468_3826888205588

Ser vist ut til at Cataniaen kan få PL statusen sin registrert i DogWeb, så jobbar med og få det gjort. Ikkje akkurat eit resultat man kan skryte av, men syns det er greit og ha det der for dei som skulle finne på og sjekke ut diverse linjer eller whatever. Sjølv om eg har skjønt at nærmast heile Etna-miljøet kjenner til krapylet og hennar skavankar :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hah, joda, det er slitsomme saker å jobbe, spesielt i starten når intervallene er så utrolig små, men det blir bedre etterhvert :)

Som sagt, jeg jobbet alltid etter prinsippet at det skulle være kult at jeg gikk og kjedelig at jeg kom til bake (ikke dårlig, bare kjedelig), så jeg gav ikke snop ved tilbakekomsten, men bruke om hun spiste på smøreosten i kongen sin f.eks som barometer på hvor stressa ho var (spiste ho var det bra, spiste ho ikke var det for mye stress).

Men jeg sier ikke at din teknikk er feil, gjør det som funker for dere og lykke til :)

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slenger ut nokre bilder eg tok frå frislepp på Mo, og ein spasertur gjennom Eventyrstien i forge veke :)

Og når det kjem til aleine-treninga, så var vi i går oppe i det meste på heile 8 minutt! I dag var eg heilt kaputt etter jobb, så ho var aleine i 5 minutt tidlegare i dag, kun litt småpiping heilt i starten, før det verka som at ho roa seg og gjekk til eine senga si og la seg der. Første gong ho var aleine så lenge på første økt, så eg håpar vi er på riktig spor no :D:ahappy:

10805755_10154846668900468_6830625437119

10428652_10154846670655468_1354205609751

10406804_10154846671040468_8088237948122

Blir litt crazy bananas innimellom! :P

10613027_10154846672785468_3939349468741

Langbein?

1507777_10154846674960468_50548478100256

10846257_10154846735495468_5642508206378

Godbitsøk i buskaset :D

10438881_10154846750845468_3544091184749

Her er det... her er det... SNOP! :drool:

10848014_10154846755675468_5532640740582

10845954_10154846771735468_1926549831281

Eventyrstien er så fin, og kun 2 minutt unna ytterdøra mi! :D

10428565_10154846770975468_3979672849435

1528498_10154840906910468_25635809055009

10428610_10154840906825468_1388216266885

:wub:

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fine bilder!

Ang. hjemmealenetreningen så tror jeg også nøkkelen er å trene ofte!
Vi får aldri gjort det med Ellie, for har skaffet meg en jobb der hun kan være med, og når vi er to så er det ofte en som kan være hjemme, eller vi tar de med i bilen. Så er det plutselig en time her og der hun må være alene, det går noen ganger bra og noen ganger ikke.
Men en hund jeg har på luftingen med alvorlig sep.angst har akkurat hatt et kjempegjennombrudd og hvis den klarer det tror jeg faktisk det er mulig å lære alle hunder det, bare man ikke gir opp. :)
Jeg jobber som hundelufter nettopp pga av Ellie og sep. angsten hennes btw. :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

10359405_10154897785150468_5410490438397

Catania med det ekstremt store juletreet vårt :ahappy:

Etter eit stort tilbakefall pga. eit par dagars fravær på aleine-treninga, har eg nok ein gong starta heilt på nytt. Men denne gangen med Clomicalm, i håp om at eg faktisk kan begynne og sjå nokre resultater. Er på dag 3, men dei to første dagane var det bortimot null trening, så ho kunne venne seg litt til det, om det er noko og venne seg til?

Har eigentleg null niks peiling på kva "tilstand" ho skal vere i når ho går på det, eller om ho skal vere som normalt. Første dagen sov ho litt meir enn normalt, men i dag er det tur og kjør!

Og så er doseringa litt vanskeleg på grunn av vekta, føler eg. Fikk beskjed om og prøve halv tablett, to gangar dagleg og heller øke om det ikkje funkar, for deretter og trappe ned. Men merkar eg noko på ho, om det funkar?

Halv tablett er jo meint for hundar opp til 10 kg, og krapylet er 12,8 kg, som betyr at ho eigentleg skal ha ein tablett, to gangar dagleg... Kan verkeleg ikkje fordra sånne "midt imellom vekter" :P

Vel vel, får legge oss skikkeleg i hardtrening i jula, sidan det er eit par fridagar inni der :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Litt bilder frå eit par finværsdagar vi har hatt, der eg faktisk kom meg ut før mørket kom snikande. Og vi har hatt snø. Masse, masse, masse snø!

Og så er eg ein smule stolt over at Catania når vi var på jordet sist. Vi var mutters aleine, og så kom der plutseleg ei dame gåande. Ropte på Catania som sto midt i vegen, men i staden for og komme til meg, satte ho ræva i gir og slo på sirenene, og satte av gårde mot dama. Eit brøl frå meg var heldigvis nok til at ho bråsnudde og kom blid og fornøgd til meg i staden for, pjuuh! Men veldig, veldig flink då, som faktisk snudde :D

16205_10154969861315468_1313336595946899

10384521_10154969861775468_2525352800881

10906581_10154969862790468_3924481324004

10675745_10154969863195468_5906211275097

10384736_10154969864320468_5428024054005

10464152_10154969865435468_8138425236621

10897835_10154969871240468_3398342130621

10849968_10154969872375468_7015715709995

10891976_10154967268915468_8084320401564

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempefine bilder av en kjempefin hund :ahappy::heart:

Hvordan går det med hjemme-alene treninga forresten?

Ja, nei, sant om eg veit. Ho har klart ein heil time utan eit einaste pip, men då fikk ho masse tyggesaker (ho måtte vere aleine heile arbeids dagen, derfor masse tyggesaker). Så eg har satt det til at ho av den grunn burde klare ein knapp halvtime, og det har så langt gått veldig varierande.

Såg ut til og gå rette vegen, sidan ho klarte 25 minutt med litt tyggesaker som heller varte ei stund, utan bråk. Ellers virke det som at ho held seg litt lenger før ho uler, type 10-15 minutt. Og fyllt kong er overhode ingen slager her, har eg funne ut. Stappa full av vom, våtfôr frå butikk eller anna snaskens, enten tint eller fryst, så driter ho i den *rive seg i håret av frustrasjon*

Er lei. Veldig, veldig lei.

Lurer på om eg kanskje skal prøve stenge ho inne på kjøkkenet, og sjå korleis det går. Mykje mindre område enn stua.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive



  • Nye innlegg

    • Kanskje på tiden med en oppdatering her også. Shero: Shero er nå 11 år og pensjonist. Han har vært pensjonert fra agility konkurranse siden 2022, men har fått gå blåbær med mamma, men etter at han begynte å halte i ett løp i sommer er han heltidspensjonist. Før han ble pensjonert rakk han å delta på ett NM, hvor vi kom igjennom 1. løp. Han har fått prøvd seg på nose work, men vi sliten med at han skal appotere luktboksne så det er lagt litt på hyllen til jeg finner en løsning. Eskene skal uansett enten stås på eller etes opp så... Han har også fått prøvd seg på svømming, han vet ikke om han er helt fan av å svømme hvor han ikke kan stå.M Mamma og Shero. Shero & Max er slitene etter NM  Max: Max er nå 6 1/2 år gammel (hvor tiden flyr). Han bommet på stigefelt i sommer og traff, så nå er vi klasse 3 på heltid. Stigefelt brenner vist, hilsen Max. Max er en fin storebror til Yoshi og er glad han endelig har fått noen å leke med. Jeg har vært instruktør i agility i høst, og Max stilte opp som lånehund siste gangen. Veldig moro at han er trygg nok til å gå, siden sist jeg prøve å få han til å gå med noen utenom familen løp han rett til meg. Vi har også vært innom Sheltie-VM i Kongsvinger hvor vi hadde mye fint, men ikke full klaff.  Max på Sheltie-VM Max og Yoshi
    • Dette har jeg aldri hørt om. Uff, lykke til, håper det går bra!
    • Frøkna har mest sannsynlig fått en blokkert spyttkjertel. I går skulle hun til utredning i CT, men forundersøkelse av hjertet viste at det ikke er et alternativ å dope henne ned slik hjertet er nå. Så hva i alle dager gjør jeg? Er det noen som har vært borti dette, og evt. fått utført noe slags behandling (f.eks. drenering?) under lokalbedøvelse? Hun ble satt på vanndrivende over helga for å redusere trykket på hjertet, så vil de ta en ny vurdering mtp. risiko ved narkose i neste uke,  men hun vil uansett være en høyrisikopasient så det er jo kjempeskummelt å gå den veien. Jeg har jo ikke lyst til å risikere livet hennes for en blokkert spyttkjertel, som tross alt ikke er livstruende og mest bare et irritasjonsmoment. Alt hva den stakkars hunden skal måtte gjennomgå 
    • Få en trener MED ERFARING (fra hundeklubben f.eks) ikke en som har tatt e kurs og er på sin første hund...  Dette må en hjelpe dere med in real life.  Har selv en valp på 16 uker som bodde på småbruk, men hun er miljøsterk og rå i miljø. Det er noe miljø og mye genetikk.  Kjenner ikke til Collie men tidligere slet de med nerver og det er jo bittelitt arvelig det... Det du opplever høres meget rart ut. Få hjelp hjem nå!!  Valpekurs er genialt, men treneren der har begrenset tid til å hjelpe med sånne problemer, men noe veiledning hjelper absolutt.   
    • Gratulerer med resultatene og hunden!
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...