Jump to content
Hundesonen.no

Stressing innandørs i nye situasjonar?


Bustedamen
 Share

Recommended Posts

Hei, mitt første innlegg etter masse sniklesing :)

Litt bakgrunnsinfo:

Eg overtok ei voksen Jack Russell- tispe for 4 månader sidan (ho er 7 år) får ein småbarnsfamilie som ikkje følte dei hadde tid lengre. Dette er min første hund - eg bur åleine i by, og jobbar ved sida av studier.

Eg er dønn forelska i bikkja^^.

Det eg merkar etterkvart (ja, kort tid, eg veit) er at hunden virkar meir stressa no enn heilt i starten - forståeleg ettersom ho vert varm i trøya, går eg utifrå.

Ho er åleine når eg er på jobb - dette er ho vane med frå før, og bjeffar ikkje dersom eg går ut døra - så lenge eg har fylgt 'reglane': Stå opp, tissetur, dusjing, frukost, ut døra. Dersom eg er frekk nok til å gå ut om kvelden derimot, bjeffar ho. Eg har ikkje stått og tatt tida på kor lenge ho gøyr, men ho er roleg når eg kjem tilbake (ho kan sjå meg på trappa - ligg i sofaen og kikkar heilt til eg dreg fram nøklane - då er det tid for velkomstkomité).

Då eg først fekk ho, varsla ho på veeeldig masse (les: alt) som skjedde utanfor - dette har ho roa seg på no.

På dei fyrste turane våre drog ho voldsomt for å koma fram til møtande hundar, men om ho fekk lov å helsa, var ho ikkje interessert i noko anna enn ein liten 'sniff' på den andre hunden. Dette har vorte verre; no gøyr ho av full hals ved synet av annan hund, dreg i bandet - men dersom ho får koma bort, snuser ho ein gong for så å ignorera fullstendig. Den andre hunden er jo no superoppmerksom, men er den dum nok til å prøva seg på ein liten snusing sjølv, kjeftar ho (dette varierer litt frå hund til hund - eg er ikkje erfaren nok til å sjå skilnad på oppførsel i møte med tispe, hannhund, unghund, etc).

Det KAN virka som ho er meir nervøs (?) i forhold til store hundar - då kan ho bjeffa på hunden, men så snu seg og bjeffa på meg - som om ho seier OMG SER DU IKKJE DENNE SVÆÆÆÆRE BIKKJA OMGOMG SKAL DU IKKJE GJERA NOKO??? Dette skjer mest dersom eg får ho til å sitta (prøver...) og matar ho godbit mens den andre hunden passerer. Andre gonger fungerer 'sitt-og-få-snop-mens-hund-går-forbi' kjempefint...så eg har liksom ikkje noko mønster.

Eg har hatt ho med 'innom' på jobb eit par gonger (stort kontor). Ho vert veldig stressa; pesing, nervøs vandring, og dersom eg er for treg med å bli ferdig med ærendet, set ho igang med skarp bjeffing mot meg (altså, fokuserer intenst på meg go gøyr, heilt til me beveger oss mot utgangen).

Same situasjon på studiestaden min; her hadde eg i utgangspunktet drømt om å ha eit bur/ kasse til ho under pulten, men dei 2 gongene eg har prøvd å ha ho med, skjer samme stressa oppførsel som endar i bjeffing på meg, heilt til me beveger oss ut. Altså, så lenge me går rundt omkring er ho stille, men med eingong eg f. eks. står og snakkar med medstudentar i klasserommet, set ho igang med konserten :hmm:

FWIW så er det ein 5 min tur til jobb, medan når me kjem på skulen har me gått i godt tempo i 40 min (altså ikkje dagsaktiviteten til hunden, men som eit bilde på korleis me 'kjem inn i ' situasjonen).

FWIW2 er Bustetrynet svært fokusert på meg - i den grad at andre bemerkar det. Eg har tenkt at det er naturleg for ein omplasseringshund - ho vart flytta frå heimen sin og no er eg det einaste sikre i tilværet...

Pheeeewwww, lang artikkel...takk til alle som tek seg tid til å lesa :ahappy:

Nokon meiningar om kva denne 'offentleg innandørs'- stressinga kan vera? Ho oppfører seg ikkje slik på besøk i privatheimar ( ho stressar litt, men ikkje på samme måte).

Link to comment
Share on other sites

Du, det høres akkurat ut som min omplasseringshund. Fikk han som 8-åring i november 2012, australsk terrier. Peste og stresset veldig på nye steder i starten, men tålte ikke å være alene, så han måtte bare bli med rundt omkring. Nå er han mye bedre, legger seg rett ned så lenge jeg er rolig. Han er med meg på skolen på ettermiddagen og kvelden, har sin plass der og får også snuse rundt. Blir på plassen om jeg går for å kopiere etc, og alene-treningen har generelt gått mye bedre.

Min erfaring er at det ble litt verre etter ca et halvt år, før det ble bedre igjen. Jeg har hele tiden hatt fokus på rotrening, godbit for å være i ro inne, godbit for å legge seg ned, godbit for å bli liggende, osv. Det har funket veldig bra! Merk: så lenge jeg er rolig. Hvis det ringer på og jeg spretter opp, blir han helt kokos. Hvis det ringer på og jeg blir liggende på sofaen, mens noen andre åpner døra, kikker han opp, ser at jeg ikke bryr meg og da gjør ikke han det heller.

Jeg tror du gjør mye riktig :) Ha is i magen, belønn ro og riktig oppførsel, gi henne oppgaver når hun stresser for andre hunder, fjern henne hvis det ikke funker, og ikke mas og kjeft. Prøv å dempe henne med blunking, se vekk, sitte ned, og gjesping - det har gjort underverker for min hund!

Husk at det ofte kan ta lang tid før en omplasseringshund "lander" og finner sin plass i tilværelsen igjen.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.


×
×
  • Create New...