Gå til innhold
Hundesonen.no

Vaffeltrucken, VakkerBamsen og meg.


Recommended Posts

Skrevet

På tide med ein fellestråd for meg og mitt, eg veit fansen har venta spent. :rofl:

Her i heimen er det to firbeinte, som utan hemningar forventar å få alt dei vil, når dei vil. Mine hundar er meir bortskjermte enn den etterlengta dattra til ein nyrik russer, og eg ville egentlig ikkje hatt det på noko anna vis.

Bamse var den første, er den eldste, og den finaste. Blanding av, trur me, labrador, rottweiler og border collie. Han er (kanskje) født i år 2000, og har blitt omplassert ein del gonger før han endte opp hjå oss i 2008. Bamse hoppar rundt som ei kanin når han spring, er ekstremt glad i leverpostei og pølse, og var med meg på sitt (og mitt) første klikkerkurs då han var 12 år. Han er utan tvil den smartaste firbeinten her i hus, for han er den einaste som skjønar seg på IQtestane, som demonstrert under.

b85258c9-bfec-4818-b3b9-f724cc38a4b4.jpg

Jepp, golvet mitt er akkurat så stygt. Det hamnar diverre langt ned på husoppussningslista.

cf20d7e4-33a4-4e3f-96c9-1cb5f012b6a7.jpg

Skeptisk vakkerklump.

2a007b12-7893-41bf-9218-1055a335d99a.jpg

Watcha doin' ova' deeer?

f5ee33c0-b5df-4987-8fed-7ad181689985.jpg

Så fiiiiiiin! (Og her litt bekymra for om naboen har tenkt å gå inn i hagen vår)

Vaffeltrucken er ein bordercollie født 3. mars 2013. Me hadde planlagt å få kvalp i løpet av sommaren, vart tipsa om han på ein fredag, og henta han måndag, då var han ca fire mnd. Det gjekk i grunn litt kjapt i svingen, for det var først etterpå at eg hugsa på at eg eigentleg ikkje likar smiskete bordercolliar, men han er i grunn ganske kul. Eg ville eigentleg at han skulle heite (To)Blomst, men sønnen min nekta å rope på Blomst i skogen, så då var det einaste alternativet Vaffel.

Vaffel og eg har gått to sporkurs i lag, og han stortrivast med å gå spor både med og utan blod involvert. Det gjer me gjerne meir. Me har og gått kvalpekurs (canis), og går no på canisCupkurs, gøy! Han er stort sett veldig flink til å tilby adferder, men me må øve meir på forstyrrelsar. Han tykkjer andre hundar kan vere litt skumle dei første fem minuttane, men så vil han leike.

Vaffel er diger, eg er oppvokst med bc på nabogardane, og det var små (i forhold) spinkle gneldrebikkjer md kort pels. Sist me vog han hjå dyrlege var han 24,3 kg (meiner eg), og eg er rimelig sikker på at han har blitt breiare, men han har meir pels enn eg er vandt til så det kan vere fuktig-pels-syndrom. Eg har ikkje erfaring med lenger pels enn Bamse har, og skjønar ikkje heilt kva sele/band han kan bruke utan å lugge? Han er (enda) lågare enn Bamse som er ca rett under 60, Vaffel ligg på rett over 55ish med mi (u)nøyaktige måling. (Ein måler hund på same måte som hest, ja?)

Bilder!

2211ed86-ef2f-49cd-9b45-f50efaa1ba13.jpg

Stå opp snart?

8f26652d-bd8d-4cba-92a9-9aa501131df7.jpg

Skvist pels under halsband og sele som lugger (?)

3d3c4820-add2-44a2-a713-70c32e529ab4.jpg

Vaffel ventar på at eg skal vente på at han skal vente på at me kan gå ut.

326292fb-9779-4b60-b151-1349b57c7049.jpg

Eg innser at eg kanskje er mest glad i å ha hund, når hundane ligg og søv fordi dei er trøytte og slitne etter god dagar. Jepp. Finingane.

  • Like 8
  • 3 months later...
Skrevet

Bamsen min har byrja bli skrekkelig gamal. Denne veka er eg heimeverande student, og så lenge det er fint og (halv)tørt ute, og ikkje for kaldt, står gjerne døra open ut så dei kan gå inn og ut i hagen. Men sidan Bamse både ser og høyrer dårleg, så står han stort sett ute og gøyr for den minste lille bevegelse/lyd som han (trur) han får med seg dersom han er i riktig lune. Det blir ikkje heile tida, men innimellom, og så høyrer han jo ikkje når eg ropar han inn. LilleDusten. :wub: Han er ikkje med på langturar lengre, med mindre det er avslappa traskelangturar der dei stort sett styrer seg sjølve, og søndag fekk han vere med til fjells på ein litt meir strevsom tur enn han brukar, sååå sprek og glad! Det må vere passe temperatur og ikkje for vått, men då er han sprek som ein fole.

Og så er han sjølvsagt stadig like vakker på bilder.

72a7c48d-3e24-40a5-afce-e8d0a98ee140.jpg
1d580695-9257-4680-bd2f-b344a6cdd688.jpg


Vaffelen er ei snodig skrue. Han tilbyr Bamse triks liksom, det har eg aldri sett før. Favorittrikset til Vaffel er hoppe opp og ned/hoppstå, og det er spesielt det han gjer foran Bamse dersom han for eksempel vil ha den leiken Bamse har, eller vil at Bamse skal kome ut til han eller noko slikt. Etter ei tids valgfri døvhet har han no byrja høyre litt meir på meg att, og han er skikkelig gøyal å trene og egentlig ikkje så verst smart sjølv om han ikkje får til IQleikane til Bamse, og tykkjer at godbitball med lyd er dritskummelt. Er desverre i ein dusteperiode vs andre hundar, men prøver å møte på så mange klubbtreningar som mogleg så får me heller berre øve kontakt når me er der, det går sakte men sikkert bedre. Me har fått gått litt kurs, og håpar me får gå litt meir til vår/sommaren.

Vaffel er alltid fotogen og ser aldri ut som ein slesk type.
af177be2-4c4d-406d-84b3-3c27f335e3cc.jpg
Men litt søt.
0edb9cb4-cbe8-40ba-9903-b29879296cf7.jpg

  • Like 5
  • 2 months later...
Skrevet

Hjelp, eg har tre hundar. :|

Me har passehund denne veka, og tre stk er ein for mykje. Det er jo bikkjer overalt.

Introducing; Tora, 3-4(?) år og generelt masete. Men ganske fin.

DSC_0238.jpg

DSC_0327.jpg

DSC_0248.jpg

DSC_0280.jpg

DSC_0292.jpg

DSC_0369.jpg

  • Like 2

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


  • Nye innlegg

    • Jeg er interessert i rasene Collie eller Eurasier? Hvordan er de to rasene? Pelsstell? Røyter de mye? Er det mye lyd? Trenbarhet og kan de gå løs ute med lite jakt? 
    • Enig! Heftig lyd er no go for meg også
    • Da snakker vi en helt annen arbeidskapasitet, tilnærmet border collie. Men hvis det er aktuelt, så ja. Og så har de MYE lyd. Mer enn de andre lapphundene. Jeg synes de er dritfine, men lyden (og røytingen) hadde vært uaktuell for meg.
    • Lapsk vallhund kanskje? Kjenner ingen personlig, men kjenner til en oppdretter, og forstår det slik at det er mer å hente der enn hos finsk og svensk
    • Korthåret collie var det første som slo meg. Gjeterhundtype men stort sett avlet som selskapshund nå. Røyter en del, men er ganske førerorientert og spennende rase. Generelt vil du se på raser som er avlet for å samarbeide med fører. Det er noen typer jakthunder som ikke skal jobbe selvstendig, men på førers kommando, f.eks, apporterende o.l., som typisk retrievere og spanieler. Og så har du gjeterhunder som er de klassiske som er forholdsvis førerorienterte og lette å trene, men som også krever en del både fysisk og mental akvitisering. Så kommer det litt an på om det spiller noen rolle med bjeffing, for eksempel. Dansk/svensk gårdshund har en del jaktinstinkt men er også ganske førerorientert og lett å trene. Finsk og svensk lapphund, mye pels, mye lyd, litt mer selvstendig enn mange gjeterhunder, men morsomme hunder. Schapendoes, pumi, tibetansk terrier, bearded collie kan være alternativer. 
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...