Gå til innhold
Hundesonen.no

Kven vil passe Laffen?


OlavEmil
 Share

Recommended Posts

Vi skal i konfirmasjon til fetteren til LK i helga, og så viser det seg at ingen av oss har arrangert pass for Laffen. Han er i utgangspunktet ikkje veldig velkomen hos svigermor, då ho likar å halde huset sitt plettfritt til einkvar tid, og ein slik helg er det heilt uaktuelt. Mine foreldre brukar alltid å hjelpe til, men dei har ikkje moglegheit denne helga. Har og prøvd min bror, som av og til kan hjelpe. Han skal springe maraton på laurdagen og liggje langflat resten av helga...

No står det att å ringje til den gamle leigebuaren vår, som sa då han flytta ut at om vi trengte pass ein gong, kunne vi ringje. Men så kom eg på at eg gjerne kunne spørje her først (litt dumt når første kontakt etter eit halvt år er for å be om hjelp). Vi kan levere han i Bergen, Haugesund eller ein plass imellom.

Laffen er ein drygt 2 år gamal hannhund, type miniberner. Stort sett veldig roleg og avbalansert, alltid snill med andre hundar, uavhengig av kjønn, alder og rase. Kan vere litt pågåande og innpåsliten på andre hundar, vil så forferdeleg gjerne vere besteven med alle til einkvar tid :P . Roar seg etterkvart.

Krev ingenting, toler det meste. Tilpassar seg dei rutinane han får tildelt. Toler fint ein dag utan tur, samtidig som han gjerne blir med over vidda.

Treng pass fredag til søndag.

Som de gjerne forstår, hastar det litt, så om nokon føler lysta, er det fint med raskt svar :) .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar :) . Trur vi går for Trondheimsløysinga, Laffen er då van med litt båtliv :D .

Neida, vi har snakka med gamle leigebuaren, han ville meir enn gjerne helse på Laffen att i helga, så det ordna seg fint :ahappy: . Men veldig kjekt å sjå at sonefolket vil hjelpe når det knip litt :) .

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så ikke denne før nå, men ellers kunne jeg hatt ham. Jeg har nemlig ikke noen planer i helgen, bortsett fra rydding. Laffen hadde helt sikkert hjulpet meg med stuebordet :D

Jaja, en annen gang, kanskje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så ikke denne før nå, men ellers kunne jeg hatt ham. Jeg har nemlig ikke noen planer i helgen, bortsett fra rydding. Laffen hadde helt sikkert hjulpet meg med stuebordet :D

Jaja, en annen gang, kanskje.

Laffen er ekspert på bordrydding :lol: . Takk for tilbodet :ahappy: .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...