Gå til innhold
Hundesonen.no

HeidiK

Medlemmer
  • Innholdsteller

    22
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av HeidiK

  1. Min kvalp hadde også samme tedensar med ulike godbitar da han var yngre. I begynnelsen prøvde eg å trene dette vekk ved å ta frå han det han hadde. Skjønte fort at dette var som å hive bensin på bålet, så eg lot han rett og slett vere i fred da eg ga han noko eg visste han ville prøve å forsvare og vips, i dag kan eg ta i frå han kva som helst utan reaksjon om så det er griseøyre eller døde mus. Veit ikkje om det nødvendigvis er rett framgangsmåte, men det funka i allefall for oss.
  2. Har snakka med dyrlegen, som etter beskrivelse lurer på om det kanskje kan vere ein form for betennelse. Han har blitt heilt hårlaus på testiklane, men det er vanskeleg å kjenne om dei er hovne eller varme over kroppstemperatur... Dessverre har ikkje han muleghegeit for å sjå på hunden før i morgontidleg, og det er ikkje anna dyrlege i nærheita. Merkar eg er litt engsteleg, men får håpe det ikkje er alvorleg heldigvis er hunden fortsatt frisk ellers med god matlyst. Nokon andre her som har liknande erfaring...?
  3. Hei. Oppdaga i ettermiddag at kvalpen min på snart 9 mnd var ein del urolig og slikka seg bak en god del. Trudde først det var analkjertlene som ikkje var som dei skulle, men fant fort ut at det var testiklane han slikka febrilsk på. Nå har det seg slik at eg tidlegere dessverre heller har følt meir etter korleis testiklene kjennes ut enn å faktisk sjå etter. Heldigvis føltes dei heilt fine, og han hadde ikkje vondt då eg klemte på dei - bortsett frå at han ikkje ville stå i ro og såg på meg som om eg antasta han på det grovaste. Derimot var testikkelhuden heilt inne mot magen ganske raud og irritert. Det har i tillegg laga seg nokre fine flokar rundt testiklane, som ser ut til å lugge litt. :/ Lurer på om det er det som har plaga han, og skal fjerne dei med saks når sambuaren kjem heim. Men lurte på om det går an å lindre irritasjonen/kløen med noko heime? Reiser til vet om det ikkje går over etter nokre dagar. Går på do og tissar som vanleg, allmenntilstanden fin.
  4. Kvalpen min (6 mnd) fikk forebyggande markkur i mars. No har sjølvsagt den ekle katten på garden fått mark IGJEN, og eg er engsteleg for bikkja. :/ Katten og hunden har masse med kvarandre å gjere og spiser og drikker ofte av samme skål... Hunden viser heldigvis ingen symptom, men er det nok? Bør eg få ny kur med ein gong, eller virkar den forrige resistent mot ulumskheitene enda?
  5. Hundens navn: Zicata's Golden Boy of Aslan (Varg) Rase: Samojedhund Kjønn: Hannhund Alder: 6 mnd den 21. april Om hunden: Godklump, snill, sjarmerande, tolmodig med barn, sta som et esel og er stort sett høgt og lavt store deler av døgnet. Kunne ikkje vore meir fornøgd.
  6. Ser ivertfall at Zicatas kennel har leveringsklare samojedkvalpar i juni. Har kvalp derfra og er veldig fornøgd. www.zicata.com
  7. Nei, det er som du seier, som oftast etter vi har snudd, han kan faktisk finne på å sette seg ned og pipe høglydt fordi han tydleg vil gå vidare (sta, much? ), men kjem etterkvart og kan gå opp til mellom 20-50 meter før spetakkelet begynnar. Eg har også tenkt på at dette kan vere ein grunn, sjølvsagt. Men så er det jo det evinnelege temaet om kor langt ein så liten kvalp bør gå, då vi då alt har gått mellom 15 minutt til kanskje ein halvtime og han fortsatt vil gå vidare. Eg er jo hønemor og redd for seinare slitasjeskadar, men får litt dårleg samvittigheit når Varg vil gå vidare og eg føler vi må snu... Hehe! Samojed er og forblir samojed uansett korleis ein snur og vender på det, har skjønt såpass etter å ha vore eigar til denne i snart to månader. Takk, har berre prøvd det tipset litt halvhjerta, så må vel berre bli like sta som han og vere kjip eg òg når raptusane startar.
  8. Heisann! Eg har tydelegvis fått eit problem med kvalpen når vi går tur. Han er no 3 og ein halv mnd gammal, og har til no gått relativt bra i bånd. Nokre divanykker med biting i båndet og sånn har det vore, men det har gitt seg, og ikkje vore noko verre enn at eg har meir eller mindre lært han å slippe på kommando. Har også gått eit par lenger turar med han, der han kan gå fint heile tiden. I det siste har eg komme fram til at han nok får meir mosjon enn han treng: Han er mykje ute i hagen (samojed + snø = seier seg sjølv ) i løpet av ein dag, i tillegg til han blir gått tur med to gonger, ein litt lenger enn den andre. Dette har gått fint heilt til no dei siste dagane. Han går då eksemplarisk i ei stund, heilt til vi snur og går i nokre minutt, og då seier det plutseleg klikk og han biter og sliter i båndet, hoppar opp på meg og "jukkar" og leikebiter i både jakke og bukse (som ender med fine hol ). Det er jo tydleg at han blir stressa, men då har vi ikkje godt spesielt langt eller lenge. Har hendt at det har køyrt forbi ein bil eller to, men det er det, og han har ivertfall aldri brydd seg om det før... Har prøvd å roe han, og då sit han fint heilt til vi startar å gå igjen. Har prøvd med godbitar, men når han kjem i det humøret driter han rett og slett i kva det skulle vere.. Eg tenkte jo at dette var min feil som har latt han få gå for masse, og har kutta ned til at han får vere så mykje ute i hagen som han vil, og heller kun gå ein tur på ca 15 min, men det samme skjer gong på gong... Kva gjer eg? Han er ikkje noko spesielt stressa innandørs, og det er relativt slitsomt når eg faktisk ikkje klarar å forflytte meg og nesten må gå MED han hengande på foten for å komme heim... Slitsomt, rett og slett.
  9. Min er også litt varm og tørr på snuten av og til. Var bekymra eg og først, men er visst (som folk har skrevet over) ikkje noko å bekymre seg for. Dersom kvalpen ikkje har samme allmenntilstand som vanleg, ville eg vel kanskje vurdert det som verre.
  10. Eg hadde egentleg tenkt å kjøpe kvalp i midten av januar 2012, men fant ein anna oppdretter med leveringsklare kvalpar veka før jul 2011. Er veldig takknemmeleg for at eg ikkje hadde tid til å vente til januar, for da hadde eg 4 veker fri med den, og eg slapp å få kvalp midt i ein intensiv eksamensperiode. Eg ser i ettertid at det hadde blitt VELDIG hardt dersom eg hadde valgt kvalpen i 2012, ettersom sambuaren min hadde hatt problem med å ta fri. Etter jul då eg hadde hatt kvalpen i nokre veker, begynte eg som sagt rett på eksamen. Men da hadde heldigvis ei snill svigermor. No er kvalpen litt over 3 mnd, og det er ikkje noko problem at den er åleine 3-4(+) timar for dagen mens eg er på skule. Har filma han fleire gonger, og han berre slappar av, tuslar litt rundt, leikar, piper litt når han blir lei og leikar. Har dessutan svigerforeldre i etasjen over som luftar han. Anser meg på den måten som ein heldig hundeeigar. Sjølv syns eg at det er no når eg er student eg har best tid til å ha kvalp i hus, då eg har masse fri, korte dagar og ein del sjølvstudium. Hadde blitt verre den dagen eg startar i fast jobb og kanskje ikkje hadde hatt muligheit for å ha den med.
  11. HeidiK

    Trapper og tur

    Eg fekk beskjed av oppdrettar at kvalpen ikkje burde gå masse i trapper. Det varte i ei veke, det, og i ein alder av 9 veker gjekk han opp og ned som han ville (med litt tilsyn). Dyrlegen meinte at det ikkje var noko å tenke på, så lenge ein passar på at den ikkje hoppar/faller ned fra "store" høgder når den er så liten. Min kvalp er også laus i hagen mange gonger i løpet av ein dag, og sjølv om den ikkje skal ha masse mosjon, syns eg uansett det er bedre at den får utfolde seg i hagen og andre plassar, slik at den blir trygg på omgivelsane og seg sjølv. Eg orkar ikkje vere ei hønemor som passar på at han kun skal mosjonerast 10 min kvar dag og ikkje gå i trappar. Blir fort slitsomt å bruke stoppeklokke på når han er ute, og passe på at han ikkje følger etter meg kvar gang eg skal opp eller ned ei trapp. Hehe. Trur sunt vett er like viktig som kva som er "regelen", ein merkar jo fort kor mykje aktivitet kvalpen tåler og ikkje.
  12. Takk for svar. Har kjøpt inn lever og delt opp i bitar og hatt i frysaren, ca 10 cm lange og 5-6 cm tjukke. Er det bra eller burde eg dele dei opp mindre/større? Herregud, snakk om å vere paranoid for alt som kan gå galt, hehe...
  13. Hei! Har endeleg fått min etterlengta kvalp forrige helg. Har fått fleire tips angåande åleinetreninga med å gje den lille kvalpen feks griseøyre når vi reiser slik at den blir opptatt med noko anna. No er vi sjølvsagt ikkje lenger vekke enda enn ute i hagen/ein anna etasje når kvalpen er åleine, og i går ga vi han eit halvt griseøyre, lukka døra og var ute ein halvtimes tid. Kvalpen brydde seg ikkje om at vi ikkje var der då øyret var meir moro, hehe. Men problemet oppsto når griseøyret var såpass lite at han ville prøve å svelge det gjentatte gonger og det høyrtes ut som han ville komme til å sette det i halsen og blei litt fortumla. Det gjekk jo bra denne gongen og han ordna opp på eiga hand, men blei veldig usikker på om eg tør å gje han på nytt før han blir eldre.. Han er kun 9 veker, bør eg unngå all form for øyrer, halar etc enda?
  14. Pappeske som hundeseng med pledd eer genialt (syns ivertfall eg), da kvalpen heilt sikkert kjem til å spise den opp relativt fort uansett. Det kjem eg til å bruke på vår ivertfall. Veldig greit å slippe at den spiser opp den svindyre hundesenga eller andre ting, liksom. Syns sjølv at dei som lar den lille tassen sove åleine på eit anna rom (spesielt den første tiden) er lite snille mot den. Kan tenke meg sjølv korleis det ville vore dersom eg blei tatt vekk i frå familien med tvang, for så å bli plassert åleine på eit anna rom, mens den eller dei eg så smått kanskje hadde begynt å stole på, hadde sove ein anna plass. Hundar er jo flokkdyr, den vil jo vere der eigar(ane) er. Masse lykke til!
  15. Takk for svar, alle. Vi har ikkje det største bagasjerommet, men har nok heldigvis plass til eit passande bur til hunden vår. Eg kjem nok til å kjøpe eit hundebur, men er fortsatt interessert i å kanskje prøve ut (ein bra) hundesele. Men sjølv om bur sikkert er betre enn sele, så veit eg faktisk at eg ville brukt hundesele framfor eit lukka bagasjerom. Tenk så klaustrofobisk det må vere. :/
  16. Finner ingen trådar med dette som emne, så eg startar likegreit ein ny: Vi hentar kvalp om ein månad, men har enda ikkje komme fram til korleis vi gjer det med hund + bil. Har alltid tenkt at bilbur har vore det mest optimale, og eg kjem heilt sikkert til å gå til anskaffelse av det etter kvart uansett, men eg har vore inne på tanken med hundesele til bil... Har høyrt med diverse folk som brukar dette på hunden og syns det fungerar like greit som bur. Har òg snakka med ei hyggeleg dame på dyrebutikken som sa ho syntes hundesele stort sett var like bra som bur med tanke på sikkerheit... Sjølv stiller eg meg litt usikker, har alltid innbillt meg at bilbur er og blir best med tanke på sikkerheit, men blei nysgjerrig på denne hundeselen. Så... ja, er det nokon med erfaring? Isåfall, kva type? Lurer også på korleis det er med hundesele og kvalp. Bør ein i det heile bruke hundesele på kvalp, og kan ein då stramme dei inn til kvalpestr, eller må ein isåfall kjøpe mindre størrelse?
  17. Gratulerar. Kjenner meg veldig igjen i det at det er lenge å vente, men syns nesten ventetiden er litt koseleg også. Til ein viss grad sjølvsagt, eg blir fort utolmodig.
  18. Hehe, så søtt at to gode venner kjøper kvalp fra same kull og så ender opp med å bli kjærestar. Likevel har du litt av ein problemstilling, ja... Men eg syns ikkje de trenger å sette kjærligheiten på hold av den grunn. Det må kunne gå an å møtes på halvvegen uten at de som par skal "lide" for det. Men samtidig er det viktig at kvalpane heller ikkje skal lide av det. Men som tulip seier over her, er det sikkert best at du bur for det meste heime hos deg sjølv den første tiden. Men samtidig kan de vel sjølvsagt komme på besøk til kvarandre? Det vil jo ikkje kvalpane ta skade av. Og så vil de jo etter kvart sjå det an på begge kvalpane når dei er trygge på eigarane sine og begynner å bli sjølvstendige. Syns også at det er viktig at hundane får helse på andre hundar òg av og til, då innbiller eg meg ivertfall at overgangen blir lettare. Det er ivertfall min meining, men eg veit jo ikkje om eg har rett. Lykke til med kvalp(ane)! Skal hente min første kvalp på mange år om fire veker, gledar meg massemasse.
  19. Akkurat det er det vel ingen fasitsvar på, hehe. Eg antar at du bur heime enda, og da avhenger det ørst og fremst av kor moden og kor inneforstått du er med alt ansvar og arbeid det er med en hund. For det er jo ikkje berre å kjøpe og så er alt i boks. Det er masse arbeid med en liten kvalp da en må lære den både det ene og det andre. Antakelig er moren din inneforstått med alt dette arbeidet, så da kunne det jo ha vore ein tanke å kanskje fått henne inn på tanken på ein omplasseringshund som alt er "innlært"? Det første steget vil uansett bør du lese deg opp på hundar og hundehold, ivertfall om du aldri har hatt hund sjølv. Det finns masse bøker på biblioteket.
  20. Syns absolutt ikkje du er sær, Belgerpia. Nokre syns kanskje det er egoistisk av oss å skaffe oss hund, når den må vere åleine eit par timar for dagen nokre gonger i veka når den er så liten, og sjølsagt får eg sjølv dårleg samvittigheit av den grunn. Sjølvsagt kjem eg aldri(!) la den vere åleine ein heil arbeidsdag såå tidleg. Heldigvis har eg svigerforeldre i umiddelbar nærheit (ein etasje over) som sannsynlegvis kan hjelpe ein heil del til. Og kanskje klarar vi det utan at den trenger å vere åleine i det heiletatt. Men no er det no ein gong sånn at eg/vi har ønska oss hund i fleire år, og vi ser det slik at det passar best for oss no når vi (enda) ikkje har barn. Vi ser faktisk ikkje noko betre tidspunkt å skaffe oss kvalp, med tanke på at eg er student i minst nokre år til, og har veldig fleksibel tid. Det hadde blitt veldig vanskeleg om nokre år då vi begge er i full jobb. Ein kan jo sjølvsagt sei at då burde ein ikkje skaffe seg hund i det heiletatt, men eg har såå lyst på hund i livet igjen, så da får eg nesten berre vere så "egoistisk" om nokon syns det... Dei fleste eg kjenner med hund, har ivertfall ikkje fått nevnverdige problem når kvalpen har måtte lært seg dette som nokre månader gamal. Men dette vil vel være som sagt, veldig forskjellig frå hund til hund.
  21. Takk for alle gode tips! Føler meg litt tryggare no, var litt redd for at eg ikkje burde starte så tidleg som eg tydelegvis kan. Skal ivertfall gå til investering av ei valpegrind til ulike formål. Så håpar det går fint etter kvart.
  22. Hei! Eg og sambuaren min skal hente ein nydeleg liten kvalp veka før jul. Vi gleder oss masse! Saken er den, at vi lurer litt på når vi kan starte treningen med at den må vere åleine? Heldigvis som student, har eg ein relativt lang juleferie på ca tre veker, kanskje nesten fire. Dette er faktisk den tiden på året vi har best muligheit for å skaffe kvalp, så vi var veldig heldig med det. Har lest litt om korleis ein bør gå fram med valpen: Starte med fem minutt, etterkvart auke med ti minutt, 15 min, så 20 min, 30 min, ein time osv... Har skjønt at den første tiden bør viast til kos og å bli kjent, men dette må vi lære den lille tassen relativt fort, da "kvardagen" kjem fort, og den lille må vere åleine minst i nokre timar, og kanskje opp til ein heil arbeidsdag av og til. Skjønnar at personlegheita har mykje å seie for kvalp til kvalp, men når er det "forsvarleg" å starte?
×
×
  • Opprett ny...