Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Bellare

    Akkurat nå mai

    Er skikkeleg nervevrak i dag, skal til tannlegen og trekke eine visdomstanna oppe seinare
  2. I April var vi i Bergen på NKK utstillinga, Hera si første offisielle utstilling. Til tross for litt for lite trening, syns eg ho gjorde det veldig bra! Blir dobbelutstilling på Dombås i juni, og Elverumsutstillinga under jakt- og fiskedagane i august, spent på korleis ho kjem til og gjere det der 50 cm, 10 mnd. Samlet tispe. Hodet trenger å bli større for og passe til hennes kropp. Vel plasserte ører, korrekt bitt. Behøver med volum i kropp. Rette seg ut over krysset og vokse seg til, gjelder benstamme og muskulatur. Bra pigment på neseparti. Lav hale, tett ringlet. Trivelig temperament. Behøver utvikle rørsler og spenst. Herlig temperament. Very good. Svigers med Ronja og meg med Hera.
  3. Hadde nok reagert på samme viset, er viktig og gi beskjed når ting ikkje er greit! Vi har ingen slike hundeparkar her, men når vi er på besøk hos svigers, hender det vi stikker innom hundeparken i nærleiken av dei, då helst på kveldstid når det ikkje pleier å vere folk der. Men har fått eit inntrykk av at folk som ofte brukar den parken, har ein viss eigartrang over den. Hannhunden vi har, går ikkje så greit saman med alle andre hannhundar, sidan han vart angrepen som liten. Så ein gong eg og sambuar var aleine i hundeparken, kom det ei dame som var på veg inn, utan å "gi seg til kjenne". Så sambuar forhørte seg om det var hannhund eller tispe ho hadde, før ho slapp inn bikkja si. Ho hadde hannhund og fikk då fikk beskjed om at vår ikkje går så godt overrens med andre hannbikkjer. Då fikk vi grei beskjed om at då hadde vi ingen verdens ting der å gjere. Kjerringa vart pottesur, enda vi gav beskjed om at vi skulle gå snart
  4. Bellare

    Akkurat nå mai

    Mulig eg er litt sær, men eg foretrekker å ha dusjing inkludert i prisen eg betaler for å sove over nokre netter [emoji23] Men takk for tips [emoji5] vi skal ta ei ringerunde i dag, men det meste er nok fullbooket ser det ut til. Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  5. Bellare

    Akkurat nå mai

    I går var det opptur i avføringa til Catania, men no føler eg det er nedtur igjen. I dag har det vert skikkeleg sprutdiaré, og kveldsen ville ho ikkje ete opp. Brukte evig lang tid på det ho åt, og til slutt plukka ho ut kuler, la på golvet, prøvde å ete, spytta ut igjen og sa seg til slutt ferdig. Og når den bikkja ikkje et opp maten sin, då må det nesten vere noko hakkande gale, for ho pleier alltid å sluke alt av mat, sjølv den minste smulen Får sjå korleis ho er i morgon tidleg, men kjenner eg blir litt uroleg med tanke på jobb i morgon. Formen hennar verkar jo ganske så normal, men har ikkje termometer for å måle evt. feber. Håpar sambuar kan ta ho med seg på jobb, for han har tilgang til garasjekjellar og større mulighet enn meg til å sjå til ho nokre gongar iløpet av arbeidsdagen. Så får vi sjå om det blir veterinæren i morgon eller tirsdag, om ho ikkje har blitt noko særleg betre.
  6. Bellare

    Akkurat nå mai

    Nokon som har tips til greie overnattingsstadar i Elverum, som ikkje kostar skjorta? Mine søkekunnskapar er tydelegvis på bunn, for eg finner særs lite, og det eg finner er allerede fullt... Kanskje ikkje så rart, sidan det er jakt- og fiskedagane vi skal på
  7. Bellare

    Akkurat nå mai

    Blodig diaré er aldri moro, men det her tok litt kaka syns eg. Var jo ein blodig sti frå kjøkkenet og inn i tv stua, der det låg ein blodig dam nr. 2 [emoji32] Men dronninga verkar i like god form i dag som i går. Sprang tulling på jordet i dag tidleg og er seg sjølv lik. Verkar kun litt meir klengete, men det kan kanskje ha noko med at eg syns så synd på ho og lar ho få klenge meir enn normalt [emoji28] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  8. Bellare

    Akkurat nå mai

    Var ute ein halvtimes tid for å flytta kyllingane ned i løa og fôre endene, og det som møter meg når eg opnar kjøkkendøra etter å ha komt inn igjen, er avføring, som i grunn ikkje kan kallast avføring; tjukt, gult slim og blod. Masse blod! Ringt veterinærvakta, som ba meg ringte ein anna veterinær, sidan han hadde med produksjonsdyr å gjere. Så no må husets store matvrak faste, gå på zoolac og etterkvart skånefôr. Men først og fremst sjå an formen og passe på at ho drikker. Men formen er på topp, så ingen endringar der heldigvis. Så no har eg gjort unna golvvask nr. 2 for i dag.
  9. Vi brukar bravecto, for her er så innmari mykje flått. Men om man ønsker noko heilt naturleg, ville eg prøvd rav halsbånd
  10. I begynnelsen når yngste her var lita, tok eg det når ho var sliten og la seg for å sove. No som ho nærmar seg året, prøvar eg fortsatt og ta det på tidene ho er mest sliten, men må gjerne bruke meir tvang og ingen dilling. Så ho pleier å gi seg raskt og ligg roleg til eg er ferdig, så då vankar det både ros og godbitar. Men er greit å prøve finne ein posisjon som hunden sjølv føler seg komfortabel med. Min første hund på knappe 6 kg, foretrakk å stå. Etnaen min på 12-13 kg ligger rygg i fanget mitt og halvsøv mens ho nyter å bli "dulla" med. Kvalpen vi har i hus, foretrekker å ligge på sida når eg klipper.
  11. Alle gakkane fikk flytte ut torsdag kveld, og gjett om dei vart fornøgd! Utegården dei no har fått, med tak, er mindre enn området dei frå før av er vant med og gå på ute, men kva gjer vel det når dei får vere ute dagen lang med tilgang til badebaljar [emoji16] Blir forhåpentligvis litt fleire egg også, sidan dei får meir lys no når dei er ute [emoji38] Dessverre ser det ut til at vi muligens må ta ein andrikk eller to, då dei er tre stykk om to damer. Ei dame er favoritten til dei alle, så ho får til tider gjennomgå. Så vi er på leit etter ei dame eller to til også [emoji5] Og småkyllingane bur fortsatt i dusjen på badet [emoji28] Og på under ei veke har dei blitt supersosiale! Kjem springande, hoppar opp i hånda og går litt opp og ned, hakkar litt etter mat og sånt. Nesten litt slitsomt til tider, spesielt sidan dei er så sjukt kjappe og spretne. Men til veka igjen blir dei nok mest truleg flytta ned i løa, der får dei større plass å boltre seg på [emoji5] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  12. Alle gakkane fikk flytte ut torsdag kveld, og gjett om dei vart fornøgd! Utegården dei no har fått, med tak, er mindre enn området dei frå før av er vant med og gå på ute, men kva gjer vel det når dei får vere ute dagen lang med tilgang til badebaljar [emoji16] Blir forhåpentligvis litt fleire egg også, sidan dei får meir lys no når dei er ute [emoji38] Dessverre ser det ut til at vi muligens må ta ein andrikk eller to, då dei er tre stykk om to damer. Ei dame er favoritten til dei alle, så ho får til tider gjennomgå. Så vi er på leit etter ei dame eller to til også [emoji5] Og småkyllingane bur fortsatt i dusjen på badet [emoji28] Og på under ei veke har dei blitt supersosiale! Kjem springande, hoppar opp i hånda og går litt opp og ned, hakkar litt etter mat og sånt. Nesten litt slitsomt til tider, spesielt sidan dei er så sjukt kjappe og spretne. Men til veka igjen blir dei nok mest truleg flytta ned i løa, der får dei større plass å boltre seg på [emoji5] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  13. Kan ikkje sei eg gjorde så mykje av meg der heller Satt for det meste med ringen og reiste relativt raskt tilbake igjen til svigers når vi var ferdige. Sånn er det når eg reiser på utstilling med mannfolk som ikkje er like interessert
  14. Vel heime igjen etter eit par hektiske dagar i Bergen. På veg heim, henta vi med oss 14 knøttsmå Hollandske dverghøns kyllingar. 7 av dei vart levert til eit vennepar av sambuar når vi nesten var heime. Vart såpass seint at dusjen har blitt gjort om til ei småbarnsavdeling fram til i morgon. Der er det i vert fall veldig varmt og godt for dei [emoji4] Men no er det endeleg natta [emoji42] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  15. Nokon som har resultater å legge ut? [emoji38] Eg gikk med Hera, og fikk VG i dag. Trenger å utvikle seg litt meir, men greit fornøgd med det. Fikk skryt av dommaren også, for at eg jobba så bra med ho i ringen [emoji4] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  16. Fikk tilbake bilen i dag, så no er det ingen varsellamper som lyser og ingen irriterande plinge-lyd. Fikk skifta nye bremseklossar framme også, så no er vi good to go for NKK Bergen i helga Hundegården til gakkane kom i dag. Fint å bu ute på landet utan noko særleg til adresse, når postbudet ikkje anar kvar det er snakk om. Stakkaren frå Post Nord ringte meg nokre gangar på jobb for å finne ut av det her "Hvor du bor? Jai ikke vite hvor det er" Men han fant fram og pakkane låg klare når eg kom heim. Tjohei
  17. Korleis det er å ha høns sammen med ender? Skal muligens plukke med oss nokre Hollandsk dverghøns til eit vennepar av sambuar, på veg heim igjen frå Bergen i helga, så vi er litt inne på tanken om vi kanskje skulle prøvd nokre få høner sjølv også. Har jo nok av inneplass, sidan vi har to separate rom. Hollandsk dverghøns er vist kjent for å kunne fly ein del meir enn "vanlege" høns, så å skulle skilje dei og endene med kompostgrinder ute for tilvenning når hønene er eldre (og muligens flygedyktige, når blir dei det?), trur eg kan bli ei utfordring Vi har samla egg i 14 dagar no (sjølvsagt når anda som legger egg kneip igjen og tok påskeferie...) så venneparet til sambuar, som driv med hobbyhøns, kan prøve ruge ut egga for oss. Så i dag fikk dei levert 6 egg, så no kryssar eg fingrane for at det kanskje blir smågakkar her uti mai Og hundegården som eg har bestilt til gakkane, håpar eg snart er her. Då får dei ein litt meir ordentleg uteplass og gå på, samtidig som at den er flyttbar og med tak. Blir godt når den er på plass No er einaste minuset revane som går her. Mandag kveld såg vi den eine nede på åtet når vi nesten var heime igjen etter kveldsluftinga med bikkjene, då luska den over bøen og forsvant. Og seint i går kveld såg sambuar den nede på åtet igjen. Sambuar har også funne gravespor i dungen vi kastar sagflisa og det etter møkkinga hos endene, så reven har mest truleg vert der også, og det er type nokre få meter frå inngangsdøra til løa der gakkane er. Likar ikkje!
  18. Skrekk og gru! Ganske sikker på at eg var nær med å knekke nakke-/hodestøtta på tannlegestolen når tannlegen dytta nedi den lille børstesaken sin, før bedøvelsen hadde starta funke skikkeleg. Og som han sa etterpå: "Trur vi ventar 5 minutt til"
  19. Syns NKK pleier og gnåle om dei ordinære påmeldingsfristane til utstillingane sine i lang tid før dei går ut eg... Kom brått på at det kanskje kunne vere greit og sjekke fristen for Ålesund, kan ikkje hugse at dei har gnåla om den noko særleg nemleg, og ser at den fristen har gått meg hus forbi
  20. Ikkje foreldre eg ville hatt ein kvalp etter i vert fall, både med tanke på å støtte opp om slik useriøs avl (mulig det var uhell?) og med tanke på eventuelle veterinærkostnadar om kvalpen arvar ein eller fleire av skavankane. Min Etnahund fikk påvist alvorleg grad av PL på begge kne og vart operert når ho knapt hadde fylt 9 mnd. Operasjonen kosta rundt 25.000,- og hadde det ikkje vert for at ho då var (og fortsatt er) forsikra, så hadde eg aldri hatt råd til den operasjonen. Ein hund kan så klart fint leve med PL om den er av svak grad, men eg ville nok ikkje tatt sjansen på og kjøpe ein kvalp etter foreldre med PL. Så ville heller tatt meg tid til og leite etter oppdrettarar på rasen med friske foreldredyr
  21. Etnahund: Var eit lite impulskjøp frå mi side Var eigentleg dødsforelska og veldig bestemt på Saluki, men så dukka plutseleg Etnahunden opp. Var veldig fascinert av LC på den tida, og ønskte ein hund som kunne brukast til det, utstilling og ellers ein "familiehund". Fant ein oppdretter som holdt til ikkje så langt unna der eg budde på den tida, så eg og ei venninne tok turen for og hilse på. Dei hadde då nett fått ei avbestilling og satt igjen med ein kvalp. Var veldig bestemt på at eg ikkje skulle ha ho då, men når ho fortsatt låg ute for salg på finn noke veker etter at vi hadde vert på besøk, klarte eg ikkje lenger dy meg Elghund: Sambuar flytta inn med ein forvokst hannhund på slep, så han vart med på "kjøpet". Og sidan han er veldig aktiv med jakt, ettersøk og slikt, ville han ha ein til. Eg er ikkje så veldig gira på elgbikkjer då dei røytar noko heilt sinnsjukt og bjeffar/varslar for ingenting, men gav klarsignal så lenge det vart tispe. Er trivlege bikkjer sånn sett, så ingenting og sei på det
  22. Bellare

    Slaktemetoder

    Selvberging.no si side på fjaseboka har ein fin video som viser slakt av høns for nybegynnere https://www.facebook.com/pg/selvberging/videos/
  23. Kakkar dei i bakhodet så dei blir slått i svime og så fram med øksa ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  24. Jaggu fikk sambuar nappa ut problemet, med hjelp av pappa over telefon, så no er vi komt oss på vegen [emoji173] Så vi storkosar oss med å høyre på masse plinging som varslar oss om håndbrekket som er kobla av på eine sida. Fem timar med plinging blir gøy [emoji31] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  25. Er knapp på bilen min. Og den står fader ikkje høgt i kurs i dag, etter å ha låst seg. Møkkabil! Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
×
×
  • Opprett ny...