Gå til innhold
Hundesonen.no

Recommended Posts

Skrevet

Er for tiden i prosessen med å kjøpe bolig og vandrer en del på visninger, foreløpig har eg ikkje funnet noko med stor interesse men det kjem vel.

Så eg undrer på:

Korleis fungerer dette med budrunde? Står som regel at første bud må vera skriftlig.

Gjeld det då om ein legg inn bud via budskjema på visning? eller må ein fysisk møte opp hjå megler eller sende faks neste dag?

Og angående tidsfrister er det berre det første budet som må ha frist til et visst klokkeslett neste virkedag?

Og kor lang frist kan ein eventtuel ha på buda etter dette?

Rekner med det er ein del som har kjøpt meir bolig enn meg her inne, så kan sonenorakelet hjelpe?

Skrevet

Første bod legg ein inn på visning, stort sett kr 1,-. Alle andre bod kan ein då gje over telefon. Det er med andre ord ingen grunn til ikkje å leggje inn bod på ei krone på visning, sjølv om ein eigentleg ikkje er interessert. Skulle det forandre seg, og du ikkje har lagt inn det eikronesbodet, blir det plutseleg mykje meir tungvindt.

Ingen bod kan ha frist før klokka 12 første virkedag etter siste annonserte visning. Etter dette kan ein ha bod med så kort frist ein berre vil. Vi la inn bod på det huset vi har no klokka 9 om morgonen, med frist klokka 16.00 same dag. Det var med tanke på at mange då er på jobb, og kanskje ikkje tilgjengelege til å leggje inn motbod, eller få diskutert det skikkeleg (ein er jo ofte meir enn ein person som skal ha eit ord med i saka). Litt drittsekk må det vere lov å vere :ahappy: .

Huskjøp er spennande og moro. Lukke til :) .

Skrevet

Hehhe takk for tipset, var sånn eg tenkte det virka måtte berre høyre

Heldivis/ kjipt nok berre meg sjølv å diskutere med her igården, tipper Embla ikkje har så store meiningerom dette :P

Men då veit eg det :)

Skrevet

Det er veldig lærerikt å være med på noen budrunder, så man lærer et par tricks i ludo før man byr på ordentlig. Gjerne heng deg på budrunder på boliger som har ca den utropsprisen, standarden og beliggenheten som du er interessert i. Det er ofte slik at en budrunde er den andre lik innenfor et kort tidsrom, når man ser på sammenlignbare boliger. Lærer du sånn ca hva disse boligene går for, og hva som kjennetegner vinnerbudene (når budene er gitt, hvor stort hopp de var fra forrige bud, hvor lang frist de ble gitt med o.l.) øker du sjansene for å få drømmeboligen når du finner den. Lykke til! :)

  • Like 1
Skrevet

Har alt hengt på ein budrunde berre for å sjå kva den gjekk for og sånn :)

Men kor korte frister kan ein gje då? er det sånn minimum ein time eller er det som regel nesten ein arbeids dag?

Regner med det funker dårlig med 5 minutters frister :P

Skrevet

Du kan gje fristar som er så korte du berre vil. Men dei fleste meklarar ønskjer at eit bod skal ha lang nok frist til at det er mogleg å ringe rundt til dei andre interesserte og få opp prisen. Trikset er å gje lang nok frist til at dei ikkje avslår bodet, men gjerne på "vanskelege" tidspunkt, slik at dei kanskje ikkje får tak i dei andre, typisk slik vi gjorde :) .

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...