Gå til innhold
Hundesonen.no

cross på henger


vima2k
 Share

Recommended Posts

Reglane for trekkjing av hengjar med B-sertifikat er nok mykje meir avanserte enn som så. Ein hengjar med tillate totalvekt i vognkortet på opp til 750kg har ein alltid lov å trekkje (så sant bilen er godkjend for det i vognkortet). Men ein kan òg trekkje hengjarar som er tyngre enn dette. Det er eit par føresetnader ein må merke seg.

1. Hengjarens tillatne totalvekt (maxvekta som står i hengjarens vognkort, IKKJE faktisk vekt) skal ikkje vere høgare enn bilens eigenvekt med førar (altså eigenvekta som står i vognkortet, IKKJE faktisk vekt, og IKKJE maxvekt).

2. Hengjarens tillatne totalvekt (igjen, i vognkortet), pluss bilens tillatne totalvekt (altså maxvekt i bilens vognkort) må ikkje vere meir enn 3500kg. Det vil seie, har du ein bil med tillate totalvekt på t.d. 2300kg (ca. ein vanleg personbil), kan du køyre ein hengjar som har tillate totalvekt opp til 1200kg. Har hengjaren ein tillate totalvekt på 1250kg, har du ikkje lov å trekkje denne med den bilen, sjølv om hengjaren ikkje faktisk veg meir enn 400kg ferdig lasta.

Med andre ord, du MÅ sjekke vognkortet på hengjaren du skal køyre, og er tillatne totalvekt på denne over 750kg, må du òg sjekke bilens vognkort og sjå at du oppfyller begge føresetnadane.

Link til vegvesen.nos informasjonsside: http://www.vegvesen...v+mindre+henger

Når det gjeld spørsmålet ditt, så har du sjølvsagt lov å frakte kva du vil på hengjaren din (utanom farleg gods, med mindre du har ADR-sertifikat, og godkjend hengjar :P ), men pass på at det er skikkeleg sikra. Bruk skikkelege lastestroppar, ikkje tau eller hyssing. Lastestroppar får du på biltema, clas olsson o.l. .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...