Gå til innhold
Hundesonen.no

Nykommer


Kristina Lavik

Recommended Posts

Hei! Tenkte eg skulle gi ein kjapp presentasjon av meg sjølv på dette forumet. Mitt namn er Kristina, eg er 19 år (blir 20) og studerar psykologi ved UiB. Eg er svært glad i å diskutere, og ser ikkje vekk frå at det kan bli nokre spennande diskusjonar på dette forumet. Som psykologistudent er eg svært interessert i åtferd hos både menneske og dyr, og eg er opptatt av å følgje med på ny forsking bla om læringsteoriar som benyttar seg av postitiv forsterking (reinforcement) og effekten av dette. Koste meg gjennom diskusjonen om Victoria vs Cesar Millan, det er tydelig at det er mange med mykje kunnskap på dette forumet!

For tida eig eg ingen dyr, men har tilbrakt heile livet med forskjellige dyr. Eg har lang erfaring med hest og riding, hund, kanin og dei fleste andre gardsdyr. Straks eg er ferdig med studiane blir det hund, men vil ikkje ta på meg det ansvaret før det er meir stabilitet i "studenttilværelsen". Det krev jo mykje. Ellers, så har eg sterke meiningar om det meste og kosar meg med ein interessant og heit diskusjon. Ein blir aldri heilt utlært om emner som omfattar levande vesen og fordi eg lærer mykje av å diskutere trur eg at dette forumet er ein ypperlig plass å tileigne seg akademisk hunderelatert kunnskap og utvikle meiningar. Tema som eg brenn for er spesielt oppdrett, avlsmål og salg av hund (dyr), læring og åtferdspsykologi, arv vs miljø, omtrent alt innanfor genetikk og dyrehald på dyret sine premissar. Forhåpentligvis så har fleire her kunnskap som kan bidra positivt i mitt psykologistudie.

Det vart kort om meg! Med vennleg helsing Kristina :blink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...