Ja, demokrati. Det er ingen som har fått fleirtal. Vi har 8 parti som er blitt valgt inn på Stortinget, med ulik tyngde. No er det desse 8 som skal bruke tyngden dei har blitt tildelt av folket gjennom eit demokratisk val til å forhandle seg fram til ei regjering, som så skal fremje forslag til Stortinget, der alle dei 8 partia igjen får bruke sin tildelte tyngde til å påverke desse sakene. Dette er jo definisjonen på eit demokrati.
Det er meir betenkeleg med såkalla "demokrati" der ein part må ha over 50% oppslutning for å kunne styre, slik det er i mange andre land, til dømes Tyskland der dette er høgaktuelt nett no. Her blir dei (i verste fall) 49,9 prosenta som stemte imot totalt overkøyrd i 4 år, utan nokon som helst moglegheit til å påverke. Er det eit betre alternativ?