Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. Den forrige tråden forsvant, så me lagar ein ny. Eg vil gjerne presentere Logre hund og foto for dykk! Me i Logre har som mål å vere heile Noregs (og på sikt, verdas ) førstevalg for kjæledyrportrett. Me jobbar utandørs i naturleg lys og i all slags vær, med alle slags hundar og eigarar. Min eminente kompanjong og eg har til saman fleire års erfaring med hund og foto, og eg har personleg gått kurs og tatt workshops med dei beste innan hundefoto i verda. (Eg nemner i fleng, Alicja Zmyslowska, Kaylee Greer (Dogbreathphotography), Elke Vogelsang (Wieselblitz), Charlotte Reeves photography og Nicole Begley (fra Hairofthedog). Og fleire står på planen!) Min fantastiske kollega @linakayser er og i ferd med å bli ein av dei tøffaste og råaste landskapsfotografane verda har sett, og har mellom anna gått workshop i lag med Hannes Becker og Benjamin Hardman på vakre Island, og er i skrivande stund i Lofotenområdet med andre fotografar frå inn og utland. Eit heilt klart topp-valg for vanvittige portrettfoto i vill norgesnatur! Både Lina og eg har gått ei heil mengde kurs hjå Canis (og andre), har gått klikkertrenerutdanninga, og går no canis sin klikkerinstruktørutdanning, samt har vore hjelpeinstruktørar på kurs hjå canis i eit års tid. Me trenar begge positivt, og ønskjer at ei fotooppleving med oss skal mest av alt vere ein morosam og minnerik oppleving for hund og eigar, med vakre bileter som bonus! Saman driv me altså Logre hundefoto, og me utvidar i desse dagar og til hestefoto, etter å på vegen ha vore innom kalkun og gaupe. Me held til i Bergensområdet, men har fleire turar på planen i løpet av året, og reiser gjerne. Nyttige lenker, med masse bilder i. Logre foto på instagram Logre foto på Facebook Lina Kayser på instagram og på facebook altsomerfint på instagram og på facebook Og så er det Logre hundeutstyr! Her får du kjøpt halsbånd, kobbel, leietau, leikar, armband og meir, av supersterk paracord i nydelige fargar! Så vidt me veit er me dei einaste i Noreg med det fargeutvalet me kan tilby, og me lagar heilt unike bånd i ei mengde fargekombinasjonar og størrelsar etter ditt ønske. Paracord, eller fallskjermline, har ei bruddstyrke på 250 kg, og er perfekt for surt norgesvær, for det rotnar ikkje, og misser heller ikkje farge i sterkt sollys! Me har og eit utval av Tug e'nuff leikar, og planlegg etterkvart å tilby anna hunde- og tur-utstyr. Logre hundeutstyr er og på Instagram og på Facebook
  2. plutte

    Akkurat nå februar

    Så utruleg sterkt gjort av deg! Likar masse. Sånt rask frå fortida treng ein ikkje menge seg med. Tøft! Og så himla teit av dei å mase. Dustar.
  3. Fant liste! (nederst!) Valgte meg ein random person som straks skal få øse ut av sin visdom!
  4. Hei hå! Eg har eit spørsmål til moderator, og sende ein pm til Moderatorprofilen. Etter heile 15 minuttars intensiv og ekstremt tålmodig venting, ser eg at Moderatorprofilen ikkje har vore på sida sidan april 2016. Eg aner ikkje kven som er moderatorar her, eg kan gjerne plage ein av dei i staden, men finn inga liste over dei som er villige til slikt.
  5. plutte

    Akkurat nå februar

    Aaah heimekontor, I love you! <3
  6. plutte

    Akkurat nå februar

    Det er gøy å lære å like ny mat! Eg åt heller ikkje tomat før eg var over 20. Eller oliven. Eller brokkoli. Eller fetaost. Alt som er godt, egentlig. Alltid likt sjokolade, da. Så deilig fredagskveld! Med assassins creed og handarbeid. Lenge sidan siste kosefredag.
  7. plutte

    Akkurat nå februar

    Pluttemann har kjøpt seg ny spelemaskin og eg sit og lurer på kva eg skal finne på med den gamle. Den er heilt i orden, og egentlig knakande god, men har eit EKSTREMT UBEHAGELIG OVERFLATE på den musestyreplatedingsen, og tilhøyrande knappar. Er skikkelig ekkel å ta på, får frystningar. Han brukte ekstern mus, og ser ikkje problemet. Det kan jo eg og, men eg vil late meg på sofaen samtidig så da var ikkje det så lett. Dessutan har eg jo mac'en som er ein million gangar meir behageleg for sånt. Men æsj altså. For eit skikkelig sutrete ilandsproblem!
  8. plutte

    Akkurat nå februar

    Eg har bakt. Berre litt svidd på toppen. Så no skal eg gå og ta meg ein bolle, faktisk.
  9. plutte

    Akkurat nå februar

    FOLKENS! Ny trilogi fra Philip Pullman kjem 19. oktober! The book of dust trilogy! Elskar å gle meg til bøker.
  10. plutte

    Akkurat nå februar

    Eg trur dei er lettare å drukne enn å tørke i hjel? Dei passar min urutinerte vatningsrutine godt i alle fall. Eg vatnar nok litt oftare om sommaren, i alle fall om dei står i sollys, og då bløyter eg dei skikkelig godt og lar renne av. (Så sant eg hugsar) Men eg er skikkelig dårlig på å hugse å vatne, og min eldste orkide er sikkert 5-6 år gamal? Blomstrar sånn innimellom gjer dei og. Får skikkelig lite vatn om vinteren og. Eg har nokre palmegreier og eit oliventre som ser kronisk ut til å vere på dødens rand, men dei har holdt ut ei stund faktisk. Rosa kjem sikkert til å dø. Om den ikkje overlever til sommaren, då kan eg kanskje sette den ut? Yay orkide-frende! Haha!
  11. plutte

    Akkurat nå februar

    Kvar dag? Shit. Det kan forklare litt, ja. Orkiede får eg og til, dei får vatn sånn ca ein gong annankvar månad. Kaktusen slit litt. Potterosa eg fekk førre veke hanglar litt allerede, men den fekk vatn i dag, faktisk.
  12. plutte

    Akkurat nå februar

    Dyret går rundt og bjeffar på lydar. Me er heime aleine og eg skulle akkurat legge meg. Då må eg jo vere oppe lengre. -.-
  13. plutte

    Akkurat nå februar

    Kappa ved. Så lite som skal til for at eg kjenner meg skikkelig flink og nevenyttig. Og ikkje minst i dårlig form! Får ta ei økt til seinare.
  14. plutte

    Akkurat nå februar

    @Argyr Åååååh søøøøteeeeeeee!!!!
  15. plutte

    Akkurat nå februar

    Det må anten bli skikkelig, eller ikkje bli gjort i det heile tatt, tenker eg. Eg meiner det var sagt at det var riktig farge på gamle pishååååen og, men den vart gråflekkete.
  16. @Paranomia Åååh den var knallsøt!
  17. plutte

    Akkurat nå februar

    Ein eller annan dust har skrapa opp bilen, i dag eller i går, og den har stått på plassen sin heile tida med unnatak av når den har vore i bruk. Så då er det anten eit slags naboaktig menneske eller nokon som har vore på besøk i nabolaget. Finn vel aldri ut av det men eg har tenkt å vere litt småsur på alle ei stund. Fiksar ein slikt? Lakken er oppskrapa, kvar i alle dagar gjer ein sånt, kan eg ringe Mekonomen? Eller berre spraye på noko lakk som eg gjorde i gamle dagar med førstebilen? Det var på ingen måte fint.
  18. plutte

    Akkurat nå februar

    @Lola Pagola Aww, lilleklumpen. Godt å høyre at han fikk til å gå litt. Tenker på dykk, Casper skal bli bra igjen!
  19. plutte

    Akkurat nå februar

    Ææææææh eine takluka på campingvogna har blåst og regna i stykker. Mamma har snekra erstatning i tre, men må heim og fikse i løpet av veka og sjekke vannstanden innandørs. Og google takluke-erstatning. Finaste vogna. Fylle den med ris kanskje.
  20. plutte

    Akkurat nå februar

    Eg trur nok det er mange som har misforstått introvert/ekstrovert-greia ja, og mange som berre har lyst til å vere litt synlige og "spesielle". Dei får no berre holde på. Er minst like irriterande med alle visdomsord og solnedgangar. Hadde vore mykje kjekkare med sosiale media om ikkje alle skulle drive på å dele alt mulig. Det burde handle meir om meg.
  21. plutte

    Akkurat nå februar

    Det har det da vore ei stund. Det er kult og hipt og in og veldig special snowflake å vere introvert på facebook, så lenge ein postar masse statusar om at det er så vanskelig for alle å forstå kor hardt og vanskelig det er å vere introvert, og ingen forståhåååår det! Som introvert (høhø) blir eg meir enn passeleg irritert, før eg blar forbi og driter i det. Stup trøtt fram til eg tar av linsene. Nuh, våken, og googlar focacciaoppskrifter (skrivast det sånn?).
  22. plutte

    Snapchat :)

    Så kjedelig. Går det ikkje an å bytte?
  23. plutte

    Snapchat :)

    Eg vil òg ha meir aktivitet på snapchat. No skjer det så lite at eg gløymer den heilt. Veit ikkje heilt kva mitt brukarnamn er, men anten Lambedans eller marilalala
×
×
  • Opprett ny...