Gå til innhold
Hundesonen.no

tessatroll

Medlemmer
  • Innholdsteller

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av tessatroll

  1. Har Grønlandshund. Robuste, ærlege hundar som kan takle lange vinterturar, kløve og trekke. Frisk rase, med særdeles låg innavlasgrad og lite helseutfodringar. Sosiale flokkdyr som elskar folk. Alle folk. Å vere innbrotstjuv hjå oss hadde vore nada problem, største fare er å bli kosa ihjel 🤣 Lite lyd, som regel berre når dei veit det er tid for fôring og kanskje i "startgropa" om ein er fleire spann samla for å køyre saman. Og om det passerer vilt utanfor hundegården.
  2. Det kjem vel an på kvar ein har fokuset? Eg kjenner mange flinke hundekjørerar som bryr seg stort om bikkjene sine som ikkje er spes gira på å bruke tid på nett og sosiale mediar. Finn eg forøvrig deg i sosiale mediar @Meg? Eg synes nemlig også det er kjekt å følge med. Eg berre skjønar veldig godt dei som ikkje gidd halde på med oppdateringar.
  3. Om ein fylgjer facebooksidene til mange av desse teama vil ein sjå at dei fokuserer mykje på hundane sine, legg ut bileter og presenterer nøkkelbikkjer. Enkelte kennelar har færre bikkjer og kan bruke meir tid på slikt, men ærleg tala. Om du har 30-40 bikkjer, og driv aktivt med LD hundekjøring, gjerne med jobb og kanskje familie ved sidan av, er det kanskje andre ting ein har å bruke tida på? Dagane går i eit frå tidleg morgon til sen kveld ved ein slik livsstil. Dei fleste hundekjørerar legg heller ikkje ut så mykje om seg ajljv, er stort sett andre rundt som syter for ei oppdatering i ny og ne. At enkelte er mindre opptekne av sosiale mediar enn andre ser eg meir eller mindre på som eit kvalitetsteikn på det personlege nivå. Me er alle ulike og for meg personleg er egne kontoar i sosiale mediar for einskild dyr langt vanskeligare å forstå. Kva gjeld reklame for sporten/rekruttering er det eit anna perspektiv.
  4. Godt å lese den første setninga, då det vil beskrive dei fleste norske hunde/konkurransekjørerar. Kostnaden med å stille og halde kennelen sin, vil for dei fleste, eller skal me tore å sei nær alle, norske hundekjørerar, langt overstige ein kvar premie i eit løp her til lands.
  5. Vel. Får seie som mor mi: "tru kan ein gjere i kyrkja" . Me andre opererar så langt det let seg gjere med nokre fakta, der pri 1 ligg på å gjere seg kjent med dei ulike føresetnadane til rasene. Viktige stikkord her er underpels og overlevelseskarakter. Mellom anna. Kva gjeld å stå på kjetting eller i lausdriftsgarde er det skrive godt om det i ein post ovanfor her, så det tek eg ikkje oppatt.
  6. Det får eg inderleg vone hadde skjedd. Det er jo ulike raser, med ulik karakter og føresetnader.
  7. Eg er nokså herda på dårleg nettvett på slike forum, og nokså ny her, så bør sikkert ligge lågt, men her kan eg ikkje la vere å seie noko. Delar av innhaldet i denne tråden tek kaka kva gjeld spekulajsonar og meining. I slike saker som dette anser eg det som lurt å sette seg inn i fakta og ulike sider før ein uttaler seg og spekulerar an-mass. Prestasjonsfremjande? Eit smertestillande preparat som hadde lite føre seg å gi på det tidspunkt det liksom var gitt. Saka har mange nyanser, og det å nesten dømme det ferdig på bakgrunn av ein generell uvilje mot sporten anser eg som merkjeleg og lite tenkelig framferd. På generell basis; At ein finn "dårlige folk" innanfor trekkhundmiljøet anser eg som ei sjølvfølgje. Dei finn ein overalt.
  8. Her kjem også mine kvalar frå. Eg har kattar og hundar, til tross for at eg synes det er heilt avsindig å nytte av verdas ressursar til å fore på husdyr som ikkje har ein "nytte". Dobbeltmoralen lenge leve. Eg har ekstra kvalar med å ha katt. Ein art som ikkje høyrer heime, og som i tillegg gjer skade på vårt biologiske mangfald. For å bøte på dette samvitet, kjører eg ei konsekvent linje med at alle kattane skal inn på tidleg kveld og vere inne om natta, for å få ned fuglejakta. Å halde ein katt som ikkje toler å vere ute inne betraktar eg som heilt naudsynt dersom ein fyst har velt ein slik rase. Å halde ein katt /eit dyr som fint toler uteliv inne pga ueigna bustad og/eller andre omsyn som handlar om eigne ynskjer eller komfort, er etter mitt begrep ikkje ok. Reknar med å hekle på meg nokre folk no, men det er ok. Eg respekterar at de ikkje er samde
  9. Media sin bruk av jenteomgrepet på ein måte som infantiliserar kvinner er ikkje noko nytt, og for eit par år sidan var det skrive ei sak om nett det her på Sunnmøre. Dette var i kjølvatnet av ein redningsaksjon av ei ung skada kvinne i fylgje med to andre kvinner. Det vart ekstra påfallande då det nett hadde vore ikkje mindre enn to saker med nestenulykker knytt til skred, der det var menn som var involvert, og formuleringane brukt var av ein heilt annan karakter. Det høyrer med til historia at den råka kvinna var kompetent på det ho dreiv med, og rett og slett hadde vore sjit uheldig. Ho sklei og knakk ribbein og skada ei lunge. Det hjøyrer med til historia at det i dei andre tilfella var snakk om menn som tok gjorde vegval i skredterreng som ikkj var innafor. Likevel...framstod historiene som det stikk motsette. Dette utløyste harme monge stader, og det var ei stund eit heitt tema. Synes å hugse at både politi og avis fekk ein jobb å gjere med omsyn til korleis dei omtala saker .
  10. Hei Kva skal du nytte sekken til? Dersom det først og fremst er volum, kan du kjøpe relatovt lette sekkar med lett beresystem. Om du skal overtsige 12-15 kg er det greit å velje ein med litt kraftigare hoftebelte enn dei aller lettaste. Bergans Rondane er ein grei og prakitsk modell, likeins Bergans Helium. Me har båe i hus. Eg er også glad i min Arcteryx Altra 48 l, som er tipptopp opptil 12 - 15 kg alt etter korleis ein pakkar. Smart å måle rygglengda si først, då måler du frå "kulen" nedst på nakken til ei rett linje som du drar frå hoftekammen bak til ryggsøyla.
×
×
  • Opprett ny...