Om ein fylgjer facebooksidene til mange av desse teama vil ein sjå at dei fokuserer mykje på hundane sine, legg ut bileter og presenterer nøkkelbikkjer.
Enkelte kennelar har færre bikkjer og kan bruke meir tid på slikt, men ærleg tala. Om du har 30-40 bikkjer, og driv aktivt med LD hundekjøring, gjerne med jobb og kanskje familie ved sidan av, er det kanskje andre ting ein har å bruke tida på? Dagane går i eit frå tidleg morgon til sen kveld ved ein slik livsstil. Dei fleste hundekjørerar legg heller ikkje ut så mykje om seg ajljv, er stort sett andre rundt som syter for ei oppdatering i ny og ne.
At enkelte er mindre opptekne av sosiale mediar enn andre ser eg meir eller mindre på som eit kvalitetsteikn på det personlege nivå.
Me er alle ulike og for meg personleg er egne kontoar i sosiale mediar for einskild dyr langt vanskeligare å forstå.
Kva gjeld reklame for sporten/rekruttering er det eit anna perspektiv.