Eg forventa at kvalpen skulle ha hatt full helsesjekk med ormekur, vaksine og chipping. Alle papir skulle sjølvsagt være i orden, og ei kjøpskontrakt skulle være med. Då eg såg meg om etter kvalpar så ville eg ha ein oppdrettar som miljøtrente og sosialiserte kvalpane sine så langt det lot seg gjere. I tillegg var det viktig at det var noken som var villig til å svare på dumme (og ikkje fullt så dumme) spørsmål i tida etter eg fekk hunden. Som førstegangskjøpar er det veldig betryggande at eg har noken med mykje erfaring å spørre om råd. Dette var ikkje noke eg spurte rett ut om, men hadde eg fått inntrykket av at oppdrettaren ikkje var så veldig interessert å halde seg litt oppdatert etter hunden hadde skifta eigar, så hadde eg nok gått vekk frå dei.
Eg fekk ein god kvalpepakke med, som inneholdt litt for, godbitar, hefte om rasen og hundehold generelt, pluss ein kopp kaffi på flyplassen då eg henta hunden. Den pakken hadde eg ikkje forventa, så det var veldig positivt.
Eg syns dette er heilt greie forventingar, spesielt når ein betaler så mykje.