Den kjære, kjære Bjørn Borg veska mi som har vert min beste venn sidan barneskulen, har no begynt og bli svært, svært slitt og har hol både her og der. Så det er vel på tide og innsjå at eg treng ei ny. Dilemmaet mitt er at eg er så sær, og det at eg må ha ei evig lang reim slik at eg kan hive veska over haude og bort på den eine skuldra er eit must!
Så er det nokon som har tips til kva eg kan finne ei passe stor veske (må minst vere plass til ei vanleg tynn ytterjakke) og som har ei lang skulderreim? Og helst vesker som ikkje kostar meir enn 700,-
Evt. tips til kvar eg kan rote rundt og leite sjølv? Har blitt beordra innom cmyk til tross for at nettsida deira ikkje visete noko interessant. HM, cubus, kappahl og lindex har også blitt strykt i frå lista mi