Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Innlegg skrevet av Bellare

  1. Lurte på om nokon kunne tenke seg og møtast for tur i Valdres/Fagernes i neste veke (veke 30)? Eller har tips til fine gå- og/eller sykkelturar? :) 

    Vi er i området, og eg er overhode ikkje kjent der. Så det hadde det vert kjekt og komme seg litt meir ut, i stede for å vere "stuck" på hytta når dei andre jobbar med trefelling.

     

  2. 08:00 – Catania vekte meg med pipinga si utanfor soveromsdøra, så då var det berre å hive på seg nokre filler og tussle utom døra med ho. Gjekk å la meg igjen når ho hadde gjort sitt, men i det hodet traff puta, var eg alt for våken til å kunne sovne igjen.

    13555594_10157015745970468_1835431404_o.
    09:15 - Morgenluftinga til bikkjene var ferdig, så då var det på tide og få endene ut for dagen.

    13570131_10157015746055468_1223591431_o.
    09:30 - Surrar rundt på hundesonen etter frukost :) 

    13582481_10157015746075468_557775222_o.j
    10:00 - Birthe og Flipp sto opp, og sidan Catania syns Flipp er ein liten, ekkel og innpåsliten kvalp, vart ho fint plassert i bur så lenge.

    13588743_10157015746120468_447631195_o.j
    11 -ish: Søte lille Flipp, dei gjer seg klar for og reise vidare.

    13579805_10157015746295468_1863065223_o.
    11:30 - Endene fikk restane etter salaten vi hadde til gårsdagens taco. Det falt godt i smak :D 

    13549123_10157015746370468_149341807_o.j
    12:00 - Fått bilburet og alle tinga på plass i nye bilen. Catania er klar for og vere med på tur! :P 

    13549248_10157015746450468_1705989540_o.
    13:00 - Slappa av med ein episode av Devious Maids.

    13565342_10157016268590468_1093868553_n.
    14:00 - Kjørte ned til skulen for og trene litt LP etter gammalt. Bruningen slo til, og vi hadde ei fantastisk fin økt :ahappy: Samtidig innsåg eg at det kanskje er på tide og investere i ein ny treningsvest, den var blitt litt stor kan man sei :teehe:

    13549103_10157016268660468_891771461_o.j
    15:00 - Fikk skifta vatn i den største badebaljen til endene før himmelen opna slusene sine. Det satte dei stor pris på!

    13566031_10157016268720468_2122051753_n.
    16:00 - På tide med ein aldri så liten kloklipp. Følte meg flink som kun klipte litt for mykje på ei klo i dag, stort sett er det fleire klør som får gjennomgå. Godt eg har slik en tålmodig bruning som ikkje bryr seg :sleep:

    13595723_10157016379085468_1518361319_n.
    17:00 - Ut på tissetur i "finværet". Berre sjå kor fornøgd bruningen er :lol: 

    13588927_10157017606935468_1643986433_o.
    18:00 - Sidan sambuar la seg nedpå for og sove litt, satte eg på ein episode av The night shift, etter tissetur i regnet.

    13607706_10157017606345468_221789916_n.j
    19:00 - Fått liv i sambuar igjen, så då var det på tide med litt handling til middag.

    13579948_10157017606540468_1865047388_o.
    20:00 - Sidan vi ikkje hadde tatt opp verken hjort, elg eller kylling frå frysen, vart det noko så enkelt som Pulled Pork.

    13579806_10157017606770468_713931695_o.j
    21:00 - Såg ikkje så veldig fristande ut på bildet akkurat, men godt var det :P Kjøpte med oss ein ny film frå Best stasjonen også, som vi satte på.

    13555956_10157017606635468_1436415147_o.
    22:00 - Vert skikkeleg sugen på jordbær dei siste dagane, så tok med meg ei korg frå butikken. Slikt blir det dessert av :) 

    13588860_10157017606850468_1619550348_o.
    23:30 - Våkna etter å ha halvsove på sofaen etter at filmen var slutt. Våkna til Catania som lurte på når ho skulle få fôr, vart litt seint i dag gitt.

    24:00 - Eg har rydda, fått alt i oppvaskmaskina og gjort den klar for start til i morgon. Sambuar er ute med bikkjene og har fått i oppdrag å ta endene inn for natta. 
    No er det leggetid, før eg sovnar igjen.

    • Like 8
  3. 4 minutter siden, Tonje skrev:

    Jeg og hundene kom over en stakkars kråkeunge med brukket vinge som satt helt stille, tildekket av møkk og fluer. Samboern som kom for å hente oss ble bøddel, jeg klarer ikke. Nå slipper den å lide en sakte død i hvert fall. 

    Nå koser vi oss i sofaen med film og venter på regnet som er lovet. Det skal visst bli nokså store mengder, da er det ekstra koselig at det er lørdagskveld og vi kan sitte inne:ahappy:

     

    Skal sende regnet vidare eg! :P 

    • Like 1
  4. Kjørte ned på barneskulen nedi her for og trene litt lydighet i finværet. Bruningen var veldig fornøgd og ikkje minst superflink, med tanke på kor lenge det er sidan sist vi hadde ei skikkeleg LP økt :D 

    No ligg ho strekk ut på sofaen :P

    13549202_10157015879350468_1633573715_o.

    • Like 3
  5. Ei aldri så lita oppdatering av dei fine gakkisane våre :D 

    Dei har vokst i rekordfart, men no trur eg dei er fullt utvokst. Kvite og fine har dei blitt, har nesten full fjærdrakt, eter, driter og kosar seg. Dessverre er dei fortsatt merkelege i oppførselen etter kva som no enn har skjedd på mandag. Dei er ekstremt "tunge" og få både ut på morrakvisten og inn på kveldstid. Viser lite interesse for brød, til tross for at dei var reine gribbane tidlegare og kom gjerne springande berre dei hørte brødposen. Ikkje er dei særleg gira på og ete frå hånda lenger heller. 

    Om det har vert folk her dei få timane eg var vekke mandags formiddag, rev, hønsehauk (er mykje av det her), mink eller noko anna som kan ha skremt dei, er for oss ukjent. 
    Kjenner det er trist at dei har blitt sånn, men vi gjer det beste ut av det og prøvar heller la dei bli tryggare her igjen. I dag har dei fått kose seg med masse salat, mais og agurk etter tacoen vi hadde i går. Det falt godt i smak :D 

    13412957_10156930596610468_4612974617799
    Ikkje en mnd. sidan eingong, dei har vokst i rekordfart :|

    13442286_10156931321645468_1437225862220

    13438784_10156988725300468_6236014716637

    13509864_10156973263715468_1264737277_o.
    Mat, mat, maaaaat!

    13555768_10157015701815468_360591933_o.j

    13578924_10157015701870468_2134428953_n.

    • Like 6
  6. 3 minutter siden, Kristiin skrev:

    Jeg har akkurat samme størrelsene på mine hunder. Og bagasjerommet mitt er 93 i bredden. 95 i dybde, og 65 i høyde.

    Jeg måte bruke hele bagasjerommet mitt, slik at de fikk plass. Den største har 5-6 cm større (breddere) bur. Men kunne gått tatt 7-8 cm uten at det hadde gått utover den mindre hunden sin plass. 

    Edit: Hun på 30 kg, kunne ikke ha hadd noe kortere bur i dybden. 

    Så vi bør ha det djupare? :) 

    Sitter og funderar på kva som evt. er best på bredden; 44cm til Cat + 50cm til Fenris, eller 47 + 47? Er jo ikkje sånn at dei skal bli stua inn i buret og bli sittande der, anna enn når vi er ute og kjører og skal noke. Og Fenris er ikkje så ofte med meg i bilen heller, men er min bil vi pleier å ta når vi skal på tur og kjøre nokre timar.

    Edit; blir nok 80 djup, då kan fenris ligge utstrekt ☺

  7. Låner tråden litt eg :) 

    Vi skal ha oss eit dobbeltbur av Kela til ein VW Passat stasjonsvogn -07 modell. Buret må passe til en stor Elghund på rundt 30 kg og Etnahund på knappe 12kg.
    70 (dybde) x 94 (bredde), høres det greit ut som totalmål på buret? Og kvar bør vi dele av buret, så dei har kvar sitt rom? Har ein del og gå på når det kjem til dybden, men vi ønsker gjerne og få plass til ørliten grann bagasje baki der også. Men bikkjene går sjølvsagt først  i rekke :) 

  8. Nett tatt i mot ein stor frys sambuar meinte vi måtte ha, så etterpå blir det å hente nye bilen :D Og endeleg ta mål av bagasjerommet til dobbeltbur, og få eit prisoverslag frå Kelamannen. Blir godt med eit dobbeltbur baki, i staden for eit enkelt variocage baki + sammenleggbart i baksetet. Men pappa klarar ikkje heilt skjøne kva vi skal med enda fleire bur, vi har jo så "mange"  :teehe:

  9. 1 time siden, Snøfrost skrev:

    Kan det ha vært rev eller noe slikt luskende rundt på natta så de hadde blitt litt skremt?

    Kan godt vere rev som luskar rundt, men den kjem seg ikkje inn til dei på natta. Kan i verste fall komme seg inn i midtgangen, men ikkje inn til sjølve endene. Men syns det er litt merkeleg at dei låg ute på graset og kosa seg når eg skulle ha dei inn for natta i går, i staden for og skjule seg i uthuset om det er rev ute og går? Skal seiast at det var enda verre å få dei med seg i går kveld, måtte ned og fylle skåla med fôr og prøve lokke dei med det, men så bråsnudde dei og spurta bortover plassen her og bort til grinda som fører inn til uteområdet dei har.
    Ikkje var dei så gira på brød i går heller, noko dei ellers pleier å kaste seg over som gribbar... :no:

    Var litt bedre i dag tidleg heldigvis :) 

    • Like 1
  10. Då er det møkka, kosta og shina nede i løa til endene, så no har dei fått masse ny sagflis og høy :D Får håpe dei blir fornøgde når dei skal inn for natta, og litt meir medgjerlege enn dei har vert sidan i går kveld. Dei vart plutseleg meir sky og skeptiske i går kveld, utan at eg kan skjøne kvifor. Dei som ellers springer ut i full fart når eg skal sleppe dei ut på morrakvisten, var veeeeldig skeptiske til å i det heiletatt gå ut av rommet sitt i dag tidleg :huh: 

  11. Seng er vanskeleg greier altså! Sidan vi flytta inn her i midten av februar har vi både tenkt, sett og prøvd ein haug med senger og sett på pris hos dei forskjellige forhandlarane her omkring, utan at vi heilt har klart og finne noko. Så i går fant vi ut at vi skulle gå innom Bohus i pausen til min kjære og "berre velge oss ei" :lol:

    Så no har vi endeleg bestilt oss større seng! Får berre håpe den er like god etter å ha vert i bruk ei stund :ahappy:

  12. På 14. juni 2016 at 3:50 PM, Emmy skrev:

    Ja, har lurt på det, men det er så dyrt :P Og så synes jeg terskelen på det buret er litt vel høy, ser ut som at det kan bli litt tungvint å få hunden ut og inn. Terskelen på bilen vår er ikke sååå høy ...

    Eg har variocage med terskel og det er null stress. Er så glad i buret at eg nesten kvir meg litt eg vi må bestille dobbeltbur, som mest sansynleg blir Kela, til nye bilen :P 

  13. Då var gode bilen levert til pappa, så då er det berre å krysse alt som kryssast kan for at han får solgt den litt kjapt. Så no kjører eg midlertidig rundt i en av hans personbilar, med beskjed om at bikkjene skal vere minst mulig i den pga. pels. Ikkje at det er plass til noko særleg med bur i den. Men den var veldig god å kjøre! :P 

    Og så fort audien er solgt, blir det stor passat stasjonsvogn, så sant pappa er ferdig med småplukket som er igjen på den. Forhåpentlegvis blir det ein meir permanent bil, så får tru eg tørr ta sjansen på og bestille eit dobbeltbur som passar i den :ahappy:

  14. Var nett en ukjent kar som ringte på døra her for og gi beskjed om at endene hadde komt seg ut av "huset" sitt. Er ganske sikker på at eg såg ut som eit veldig stort spørsmålsteikn der eg sto, men vart med ut og takka for at han ga beskjed. Då var det altså 2 av endene som satt på feil side av gjerdet og kosa seg, mens dei 3 andre satt noko fornærma på innsida. 

    Er 1 meter høgt gjerde og nettingtak over nesten heile, kun eit lite hjørne utan nettingtak. Har aldri sett dei prøve og fly eingong, så kan seg ei eg er litt i stuss over korleis dei har klart å fly over der :lol:

    Ender må forresten vere blant dei kulaste dyra som finst. Spesielt når dei får raptusbyger og springer rundt som tullingar etter å ha bada :teehe:

    • Like 10
  15. 3 minutter siden, Snøfrost skrev:

    eventuelt et i skinn/lær. De er jo ganske gode å holde i.
    Selv har jeg billige kobler og bruker hansker ;)

    Lær skulle eg heller kjøpt til bruningen :D Men ulven må nok ha strikk for å dempe mulige rykk, sjølv med strikk kjennes det til tider ut som han prøvar å rive av meg armen om eg ikkje følger heilt med :P Blitt tipsa om NonStop sin kjørestrikk, det ser ganske greit ut, ut i frå bilder, så får be sambuar ta det inn på butikken :) 

×
×
  • Opprett ny...