Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Innlegg skrevet av Bellare

  1. Første feriedag :D Våkna av trippinga til Catania utanfor soveromsdøra, så då sto eg opp. Og sidan det var ei stund før sambuar måtte opp og på jobb, lagde eg god baconfrukost og kokte kaffi til han sto opp. Då var det en som lurte på kva galt som hadde skjedd eller om det var feber på gang :lol:

  2. På 14. juni 2016 at 0:15 AM, Paranomia skrev:

    20140630-203544-74144729.jpg
    Vi brukte sånn her til våre moskuser. Veldig greit og lett å gjøre rent :) 

     

    Korleis lagde dåke til for at dei skulle komme seg oppi og utav? Stige, trapp? Fant eit barnebasseng/sandkasse på Biltema som eg kjøpte, men er litt høg kant på den. Dei er veldig klønete med gildebaljane, men kjem seg både oppi og utav utan noko hjelp. Og dei elskar det! :D 

    Søndags kveld prøvde vi og la dei gå ned i løa sjølv, for eiga maskin, og det førte til ein god del latter. Tok si tid og få dei ned, men allerede i går merka eg stor framgang. Så når eg tok dei ut etter arbeid i dag, kom dei gakkande ut mens eg spylte skålene deira, og så nærmast sprang dei etter meg opp bakken og bort til innheininga dei har fått :lol:
    Skal sette opp netting"tak" så dei kan vere ute frå morgen til kveld, til det er ferdig må dei vente med å komme ut til etter arbeidstid. Er dessverre ein del hauk her vist nok, forge eigarane av huset her, hadde hauk etter duene sine blant anna :|

    13445945_10156942972080468_1929669597_o.

    13467853_10156942972310468_1260641022_o.

    13444117_10156942973395468_66276004_n.jp

    • Like 3
  3. 10 timer siden, Paranomia skrev:

    20140630-203544-74144729.jpg
    Vi brukte sånn her til våre moskuser. Veldig greit og lett å gjøre rent :) 

    Hadde tenkt på eit slikt, sidan eg hadde sånn når eg var lita. Men pappa meinte eg ødela det i dei tider :whistle::teehe:
    Enn så lenge har eg fått med meg to gildebaljar frå jobb, som dei skal få teste ut i dag, når eg er ferdig å sette opp siste resten av gjerdet til uteområdet dei skal flytte inn på :D 

    Men kva får man kjøpt slike no, og ca pris ligger dei på? :) 

  4. Ikkje at eg joggar så mykje då, men magebeltet til ruffwear er fantastisk god og behageleg. Lommane er ørliten grann små, men man får plass til posar, nøklar og mobil, så sant den ikkje er for lang. Er "beinfeste" så den ikkje skal skli opp (kan tas av), så føler man ser passe snål ut med dei på, men sidan beltet sitter så godt når dei er der, får man heller leve med det :teehe:

    Er det eg har pleid å bruke når vi har gått tur sammen :) 

    • Like 1
  5. 15 timer siden, mushi skrev:

    Nå herlige! På tide med større basseng snart? :D 

    Ja, det er nok det. Dei har jo vokst så innmari, ser nesten forskjell på størrelsen deira, frå morgenfôring til ettermiddagsfôringa samme dag :|

    Har fått beskjed om at ein gildebalje skal holde fint til dei, men eg er blitt litt hønemor, så eg har starta sjå på barnebasseng i hardplast. Dei er litt større :whistle::aww:

    • Like 1
  6. Har aldri tenkt over kor artig det kan vere med ender :D På dei knappe to vekene dei har vert her, har dei blitt veldig tamme. Kjem springande når eg går ned for og gi dei fôr og nytt vatn, dei lar seg til og med blir klappa litt når dei er opptatt med maten. Er dei sultne og eg er opptatt med å fylle opp med vatn først, så prøvesmakar dei på det aller meste første; vannslangen, skoa mine, buksa mi... Dei er nokre skikkelege matvrak, enda dei får fôr 3 gangar dagleg + brød og gras når dei er ute :P 

    Brukar eit reisebur for katt/liten hund når eg skal ta dei ut, og dei har blitt så morosame når eg skal ha dei inn i buret. Dei to første trenger litt hjelp til og bli ført inn i buret, nummer tre må ha en dytt i baken og så tusslar dei to siste fint inn i buret på rekke og rad utan hjelp :lol:
    Når eg tar dei inn på kvelden nærmast "sparkar" dei opp burdøra og stormar ut, er så vidt eg rekker å få satt ned buret skikkeleg. Og så ekstremt pratesjuke til dei har fått kveldsmaten sin!

    Dei har blitt kjempestore på den korte tida dei har vert her, og en av endene har komt i stemmeskifte :teehe:

    13335602_10156908369230468_4803548024011

    13392979_10156919608035468_902973154_n.p

    13405571_10156919608305468_182150739_o.j

    • Like 16
  7. Akkurat nå, Snoffe skrev:

    Vet at endene til svigermor får brød hver dag (eller nesten hver dag), men brødet må være lagt i vann (som en slags grøt). Det er vist veldig viktig da ender trenger vann for å klare å spise.  

    Herlige dyr da! 

    Skal du ha dem som kjæledyr eller er de tenkt å bli mat på et tidspunkt?

     

    Ja, det har eg fått med meg. Så dei får det i vatn :) 

    Blir nok (dessverre) mat på eit tidspunkt. Men det hadde vert morro og avla fram kyllingar sjølv når dei her er gamle nok, og så ta det litt deretter.

    • Like 1
  8. Utruleg morro at dei allerede har blitt litt meir frampå og ikkje står pressa opp i eit hjørne når eg er inne med dei. I sta kom dei springane når eg kom inn for fôring, og når eg tok inn vannslangen så det skulle bli litt enklare for utskifting av vatn, så kom dei utruleg nok springane då også, til tross for at vannslangen var der for første gang i dag. 
    Og den eine lot seg, for første gong, bli klappa litt under fôringa :D 

    Fikk med to brød frå jobb i dag, men er litt usikker på kor mykje dei kan få kvar dag? Til no har dei kun fått nokre få småbitar eit par gangar om dagen.

    13344674_10156885689785468_2249235375785
    Deilig med nytt vatn og brødsmular :D 

    • Like 4
  9. Ein aldri så liten introduksjon av dei søte, små nykomlingane våre, som vi henta på søndag. Dei er ikkje håndtert så mykje, så dei er veldig skeptiske av seg, så den saken jobbar vi med ved og håndfôre dei. Dei er rundt 3-4 veker gamle, og vi mistenker at det er to andriker sidan det er to som er større og med kraftigare føtter enn dei andre.

    Når eg var innom dei i dag tidleg for fôring og utskifting av vatn, hadde dei ete opp gårsdagens "kveldsmat", og var jo då sjølvsagt sultne. Så då kom dei utruleg nok nærmast springane når eg satte meg på huk med fôr i hånda, veldig morro! 
    Er straks ferdig med "sommarhuset" deira, som vi skal gjerde inn i hagen vår utafor huset vårt. Då får dei masse utetid i sommar, og vi får beita ned litt gras :P 

    Film og fleire bilder kan sjåast på instagram @Sikvax :) 

    13288495_10156884435830468_173005042_o.j

    13342269_10156884436480468_935473261_n.j

    13334314_10156884437975468_1641191240_o.

    13334763_10156884438495468_1230404053_o.
    Dei grisar fælt med vatnet sitt!

    13334513_10156884438820468_1419130924_o.
    Deilig med nytt og friskt vatn :D 

    Skjermbilde 2016-05-31 kl. 13.55.18.png
    På morgonen i går, hadde dei lagt seg inn i buret :P 

    • Like 17
  10. Eit aldri så lite bildedryss frå den siste månaden. Snøen er endeleg vekke, og det har blitt så fint og grønt her. Sauene til naboane er satt ut på beite, og det er herleg og sjå at Catania ikkje bryr seg noko med verken dei eller lamma. Ho har dog fått skikkeleg ferten av hjort i det siste, og går fullstendig bananas om ho merkar at det er ein i nærleiken.

    Tidlegare i veka, når vi var med Fredrik som skulle gjere seg kjend i terrenget for blodsporprøva i dag (han er sporleggar), tok ho hjorten vi såg forsvinne inn i skogen, på overvær. Eg fulgte på, og det heile endte opp med at den brått kom ut frå nokre busker ovanfor oss, og sprang forbi knappe 10 meter i frå oss! 
    Kan sei det sånn at ho vart enda meir hysterisk då, hyler og kavar noko veldig.

    Her er også tonnevis med turmuligheter, og eg gler meg til å få utforska enda fleire!

    Og om ei veke skal vi utvide flokken med fem stykk Pekingender. Rydding pågår i utegården, der tidlegare eigar av huset hadde hønene sine. Eit noko dystert syn som møtte meg der nede, då der er mange inngrodde gjerder som vi må trekke opp med bil, men det blir nok veldig bra til slutt trur eg. 
    Enn så lenge får dei ha uteområde i hagen utafor huset her. Inneområdet skal lagast klart til veka, tjohei :D 

    13139187_10156813723890468_3205320674453
    Herlege turmuligheter rett utanfor huset! Her, oppe ved Instebøstølen.

    13178831_10156827847315468_8242842478368

    13240534_10156849010670468_2325404869899
    Godbitsøk i luftegården på mindre produktive dagar.

    13237821_10156824464655468_7678208772080
    Hjortevilt "rett utanfor" huset.

    13151974_10156799017945468_5189259636897

    Luftegården-Mini_9872.jpg

    Luftegården-Mini_9889.jpg

    Luftegården-Mini_9926.jpg
    Legg i frå seg kameraet og leik med meg!

    Luftegården-Mini_9940.jpg

    Leik-Mini_0021.jpg

    Leik-Mini_0025.jpg

    Leik-Mini_0033.jpg

    Leik-Mini_9968.jpg

     

    • Like 1
  11. Før ein kjapp tur til Førde for og sjå sjefen hoppe ut i paragliding, då Catania fikk vere ute i starten for litt miljøtrening.
    Når vi kom heim, tok vi oss ein 2 timers tur opp forbi Instebøstølen. På veg ned igjen fikk ho ferten av hjort som mest sansynleg nett hadde kryssa vegen, for ho gikk fullstendig bananas :lol:

    Ho har låge fint sammenkrølla i sofaen sidan vi kom inn døra for nokre timar sidan. Knapt nok letta på skrotten når eg styrte på inne på kjøkkenet :ahappy:

    13233082_10156830321210468_1543467502455

  12. Akkurat nå, SandyEyeCandy skrev:

    Jeg trur selvfølgelig ikke at dere ikke kommer til å behandle endene bra, jeg synes bare det er rart å skaffe seg et levende dyr uten engang å vite hvor mye mat de skal ha. :teehe:

    Når sant skal seiast, så hadde eg ingen aning om kor mykje vom bruningen skulle ha når ho starta på det. Måtte fint google meg fram til prosentmengden der. Blir vel det samma her, tenker eg. Man lærer så lenge man lever. ;) 

    • Like 3
  13. 1 minutt siden, SandyEyeCandy skrev:

    Jeg gleder meg til å se bilder, for jeg eeelsker ender, men jeg må jo si jeg blir litt overraska over at dere skal hente dere fem levende skapninger om dere har SÅ lite kunnskap om hold av dem som alle spørsmålene dine tyder på, altså... :hmm: Finnes det ingen "Andeby for dummies" eller noe sånt dere kan ty til, da? 

    Tenker at en plass må man begynne, om det så er fem stykk vi startar med? Og så er det vel bedre å spør om litt for mykje, enn alt for lite og ende opp med å kanskje feile veldig for ting man ikkje viste. Og det er nettopp fordi eg har lite kunnskap om ender, at eg spør; for og få meir kunnskap og lære mest mulig til vi får dei i hus.
    Og joda, eg har lest og spurt på Fuglepraten (forum ala hundesonen, men for fjærkre), men det er ikkje allverden med aktivitet der, og dermed ikkje alltid at man får svar. Har søkt rundt ellers også, men finner ikkje så mykje informasjon.

    Er veldig klar over at det er fem små levande vesen vi skal ta oss av og stelle med, men om ikkje du har det, så har i vert fall eg trua på at dei skal få det veldig fint og godt her :) 

    • Like 2
  14. 15 timer siden, Krutsi skrev:

    Vi holdt ender som vi holder høner, og fri tilgang på for.. Om sommeren åpnet vi bare dørene og de fikk gå der det passet seg :) og de trives, la egg og klekket unger osv..

    Bare husk at det er ingen automatikk at andunger er svømmedyktige, så vannskåler bør ikke være for dype.. Vi hadde moskusender og mistet flere unger fordi mora skulle ha de med på svømmetur.. 

    Får dei neppet sitt nedi ein fôrsilo disko sak, eller brukar du noko anna til og ha fôret i?

    Nei, det er eg klar over. Kan vist vere greit og legge steinar nedi, så dei rekker nedi med beina. Men reknar med også kyllingane bør ha tilgang til vatn heile tida? :) 

  15. Vi skal hente oss 5 stykk andekyllingar av rasen Pekingand om eit par veker. Og av den grunn har eg eit lass med spørsmål, sidan eg er ganske så grønn når det kjem til fjærkre. Har skjønt det sånn at dei treng stort sett det samme som høner, men at dei må ha tilgang til ein liten vanndam så dei kan dukke heilt nedi med hodet for å vaske nebb og auger. 

    Til og kun vere 5 kyllingar, så har dei veldig stor plass på inneområdet. Held det då med kun ei varmelampe, eller burde vi stenge av ein del av området? Og kor mange watt bør varmelampa vere på (150 eller 250)?
    Ca når kan vi starte fjerne varmelampa?

    Underlag inne; meinar å ha lest at sagflis kan tette igjen nasebora(?) til kyllingar, er det då best med høy eller berre la dei gå på betongen? Kva underlag er best når dei er voksne?

    Kor mykje fôr skal dei ha som kyllingar? Og kan dei ha fri tilgang når dei blir voksne, eller bør dei kun få nokre gangar om dagen? Skal dei ha kalk, slik som med høner?

    Kan man, som voksne, la dei gå ute på inngjerda område, på dagtid når vi er på arbeid f.eks.?
    Bør man ha "nettingtak" over inngjeringa? 

    Er pekingender flygedyktige? 
    Bør dei ha fôtring, i så fall kva str pleier passe til den typen ender?
    Når blir dei kjønnsmodne? Og korleis veit vi om dei legger "mategg?" eller kyllingegg?

    Noko spesielt av utstyr man bør ha sånn ellers?

     

    Huff, mange rare spørsmål! Men gledar meg veldig til vi skal hente dei søte små, og ønsker ha alt - eller i vert fall det meste - på plass. Inkludert informasjon :D :lol:

    I dag starta eg røske opp gjerdestolpar og hønsenetting nede i hønsegården. Men ser der er ein haug med jobb igjen, fant eit godt skjult og inngrodd gjerdesak + piggtråd i sjølve utegården, likar ikkje! Men trur det blir bra når eg har fått fiksa opp der. Og så skal hagen utafor stua gjerdast inn, så kan dei gå der også, og lage eit "skjul" til dei under terrassen :) 

  16. Akkurat nå, Sprettballen skrev:

    Aner ikke. Måtte til med google. Ser at Faraohund, diverse podengo, podenco, meksikansk nakenhund, basenji osv. også er i den gruppa. Det var jeg ikke klar over, for det er ikke akkurat hunden jeg tenker at passer inn i spisshundgruppa. Vil heller si de ligner mer på mynder i såfall. De man tenker på som spisshunder har jo en del likhetstrekk i utseende om ikke annet, som gjør at man kjenner dem som spisshunder, mens de overnevnte der virker litt malplasserte?

    Det er jo urhunder, så dei er eigentleg ikkje så malplasserte. Verkar kanskje berre sånn sidan gruppe 5 er mest kjent som "spisshund"? Sjølv om gruppa eigentleg heiter spisshund og urhund :P 

  17. Akkurat nå, Sprettballen skrev:

    Går etnahund som spisshund? Det visste jeg ikke! Trodde de var mer i slekt med myndene.

    Jupp. Gruppe 5 er spisshund og urhund, og Etnaen er jo ein ur-rase :) Men meinar å ha hørt at dei gjekk som mynde før, om eg ikkje tar heilt feil?

  18. Det kjem seg, sakte men sikkert! Blomstrane vart satt litt utan mål og meining, så ser litt rotete ut kanskje :P Litt usikker på om eg skal plante den store i blomsterbedet eller sette den i ei potte for seg sjølv? I morgon får eg få ut dei siste fire sekkane med jord, og håpe eg har nok til dei siste flekkane. Og så sette gulrøtter! Kor lang tid pleier det ta før dei startar å spire? :D 

    13220932_10156822595440468_8274078666488

  19. Oppdatering av presentasjonen + nye bilder :) 

    Rase: Etnahund
    Navn: Catania
    Kjønn: Tispe
    Alder: 3 år (blir 4 i september
    Farge: Rød
    Kennel: New Caprica
    Beste utstillings utstillingsresultater: BIR, BIG3 6-9 mnd. klasse
    Beste Jakt/agility/lydighet/lurecoursing og andre: 145,5 poeng i lydighet

    13177839_10156821250695468_3300938049314

    12347892_10156240931935468_3076829904309

×
×
  • Opprett ny...