Eg har begge deler , så kan ikkje fortelle deg kva rase du bør velge Men kan no skrive litt om mi erfaring og mine to individ:
Eurasieren min er svært gla i mat og derfor veldig enkel å trene med, han kan også belønnast med leik men går fort lei. Det er ikkje mange eurasiere som er glad i mat/leik så eg har vore heldig med min. Når vi trener så må eg passe på og avslutte før det blir for kjedelig. Variasjon og korte økter er viktig! På tur er han ikkje den flinkeste til å gå fint i band sjølv om vi har trent mykje på dette, opplever at mange eurasiere er slik... Men han blir med på lange fjellturer så sant det ikkje er for varmt. Min har ein del jaktinstinkt så sjelden eg har han laus, blir som regel at han går i langline. Han er svært sjølvstendig og har ingen problem med å stikke av på tur. Samtidig er han veldig mjuk, så eg kan ikkje snakke så veldig strengt til han. Her er collien og eurasieren veldig like. Han har veldig enkel pels, så minimalt med pelsstell. blir børsta godt kvar dag i røyteperioda, elles ca 1 gong i veka. blir bada 3-4 gonger i året
Collien (korthåret) vart kjøpt fordi eg ville ha ein hund eg kunne trene meir med og konkurrere med. han er litt meir kresen enn eurasieren, så go'bitane bør vere av beste kvalitet. Han er svært glad i drakamp, så det blir til at eg belønner mest med det. Veldig flink å bånd i band fra han var kvalp, kan gå laus på fjellturer ( når det ikkje er båndtvang) og enkel å stoppe dersom han skulle springe etter eit dyr.
Eg synst mine to er litt like, dei har hatt litt trasig spøkelsesalder - eurasieren vart redd folk/collien andre hunder - men kom ut att på den andre sida som velfungerandes hunder. Fortsatt litt smånykker på collien, men vi er på god vei til ei løysning. Eg konkurrerer i rally med begge to, eurasieren gjer det knallbra og collien litt miljøberørt ( framande hunder) men i år har det virkelig løsna
Eurasier og Collie er i utgangspunktet vidt forskjellige , så kjem ann på kva du er ute etter og kva individ du ender opp med. Eg er i allefall veldig fornøgd med mine to valg - men som sagt, eg har vore heldig med min eurasier med tanke på matlysta hans. Det er enklare med ein hund som er glad i mat! Med tanke på pelsstell - går utifra du tenker langhårscollie, så er det mykje meir pelsstell på collien