JUL!!!!!
Pyntar litt i Oslo i desember, men feirer ikkje jul her så da blir det moderat.
Elskar gaver! Både å gje og å få, så dei er vart påbegynt i september, dess meir personleg dess betre! Er 27 stk berre i familien eg kjøper til, pleier å slå meg saman med søstrene på dei=) Kvart år før jul tek også eg og søstrene ein tur på danskebåten saman, på turen ned er det listelaging og planlegging, så brukar me heile dagen i køben på å handle gaver saman, så er det litt meir handling på taxfree og kos og digg koldtbord på veg ned att. Hurra!
Leiger ein bil og kjøyrer heim(til mamma og pappa som bur ca 7timar unna) så tidleg som mulig i desember! Viss mannen ikkje får fri like tidleg som meg reiser eg utan han, men tek med meg barna og hunden så han får jo ein slags fri da :rolleyes2:
Heime er det avslapping og avslapping som står på menyen, pyntar litt kvar dag. Er få steder i huset som ikkje er pynta til slutt! !
Når søstrene mine også endelig kjem heim er det stas! Da begynnar inntaket av usaklege mengdar Lærum julebrus(som er best i verden) godis og nøtter som er spredt rundt om i huset.
Bittelillejulafta reiser eg, søstrene, hunden og pappa opp på fjellet for å finne det perfekte juletreet!(med varierande hell, men morro er det uansett=) Hunden er slett ingen snøhund, men han kosar seg med å bykse opp av snøen der han får det til og markere på trea som ikkje er bra nok! Når me kjem heim trur eg hunden har den beste luren i året
Lillejulafta kjøyrer me rundt om i bygda og deler ut gaver til alle me kjenner, på kvelden pyntar eg og søstrene det flotte treet medan me høyrer på Jussi Bjørling's O helga natt julecd!<----Awsome! og etter det ser heile familien på grevinnen og hovmesteren! Eg er så heldig at min elskede ikkje har nokon juletradisjonar og hans familie er på Tenerife i jula, så han vil mykje heller feire med oss!
Julafta startar med at nissen har verdt på døra til barnerommet(der eg søv med mann og barn no=) med julestrømpe som blir påbegynt medan eg og søstrene ser på tre nøtter til Askepott! Koslegaste stemningen i verda!! Følelesen eg får inni meg når eg kjem opp trappa og ser det pynta treet med alle gavene(som det ikkje er få av, og som nissen har lagt der i løpet av natta) er ubeskriveleg fantastisk! Heile dagen går med til kos og tøys med heile familien, og lukta av pinnekjøtt spredt i heile huset!! mmmmm!!
På kvelden kjem mommor og mannen hennar også og eter pinnekjøtt, kålrabistappe, poteter og ribbefett. Med multekrem og krumkaker (og sjokolademusse for dei som vil ha det) til dessert=)
Så ventar alle i spenning! Brått bankar det på døra! NISSEN ER HER!! Han kjem inn, helsar og deler ut enda fleire gaver! Så går han (og pappa kjem ut fra do) Etter det leser eg og søstrene opp til/fra lappane på alle gavene og deler ut fortløpande, når den siste pakken er delt ut er det på tide å ÅPNE!! Resten av kvelden viser me fram gaver til kvarandre, takkar og klemmer og har det heilt topp!!
Romjula er avslapping god stemnig og ingenting anna! Jul er for meg det beste som finnes!!
Hurra for jul!!