Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Når LK er på jobb (jobbar turnus) er han åleine heime i arbeidstida. Eg har 8 - 4-jobb med ein dryg halvtime til og frå, så då blir det 9 - 10 timar. Av og til skjer det ting på jobben, og eg må vere lengre på jobb. Eg har overhovud ingen bekymring for om det skulle bli 12 timar nokre dagar. Blir det meir enn det, prøver eg å ordne slik at nokon kan lufte han litt i hagen eller gå ein tur med han.

  2. SELVFØLGELIG hadde arbeidsgiverne tatt større sjanser når det kom til ansettelser om det ikke hadde vært så ekstremt risikabelt for dem. Ihvertfall når vi snakker om små og middels store bedrifter hvor hver enkelt ansatt av av stor betydning.

    SJØLVSAGT hadde dei ikkje det. Iallefall ikkje når vi snakkar om små og middels store verksemder der kvar einskild tilsett tel. Eller t.d. i transporten, der eg er, der kvar tilsette tel sjølv om vi er nesten 300, fordi marginane er marginale. Det er framleis dyrt med sjukdom, eller med folk som brukar ekstra tid. Det er framleis dyrt å ta inn nye folk som må lærast opp. Du skal ha ganske ekstreme endringar i arbeidsmiljølova før det vil vere attraktivt å tilsetje folk ein ikkje har tru på. Då snakkar vi null sjukeløn, ikkje løn under opplæring og moglegheit til å hive ut folk på dagen.

    At ein del sjølvstendige næringsdrivande vil argumentere slik du gjer, vil jo alltid skje, ettersom argumentet "vi vil tene meir pengar på bekosting av dei tilsette" ikkje sel særleg godt. At nokre brukar desse argumenta så mykje at dei trur på det sjølv, gjer dei ikkje meir reelle.

    Det gledes til valgvake!

    Då kan vi iallefall einast om ein ting :D . Skjønt, med jobb og slikt tøys spørs det kor lenge eg burde vere oppe i morgon. Eg er alt nokre timar på overtid i dag...

  3. Å gje arbeidsmiljølova skulda for at bedriftene vel dei best kvalifiserte til jobben er så dumt at det halve burde vore ulovleg. Å løysne på dette regelverket vil på ingen måte hjelpe dei svake med å kome inn i arbeidslivet. Det vil tvertom auke verksemders moglegheit til å ta inn midlertidig (gjerne utanlandsk og billig) arbeidskraft, som dei kan hive ut att så snart det kjem andre, enno billigare til. Du kan ikkje heilt alvorleg tru at bedriftene kjem til å bli helgenar og ta til seg alle som ikkje har fått jobb til no berre fordi dei lettare kan bli kvitt dei att? Då manglar du grunnleggjande innsikt i det å vere arbeidsgjevar.

    • Like 3
  4. Mener jeg har hørt at de ikke vil sitte i regjering med Frp, men kan samarbeide med Frp? Vet ikke helt hvordan det skal fungere, og er veldig spent på hvilken regjering vi får. Høyre/Frp får nok ikke rent flertall, og da tror jeg faktisk, om ikke Frp gjør et veldig godt valg, at Frp må stå utenfor regjeringskonstellasjonen. Da blir det enten en Høyre-ledet mindretallsregjering eller noe lignende. Kanskje en ny Borten-regjering? Det er stemmer i senterungdommen som ha fridd litt mot høyre, og Sp kan naturligvis samarbeide begge veier til tross for å være del av rødgrønt flertall de siste 8 årene.

    Jo, det er jo det dei alltid har sagt. No når det nærmar seg val, derimot, verkar det som at dei har køyrd seg inn i eit spor der det er anten eller (raud-grønt eller H + FrP, der KrF og V må hengje på eller la det vere). Siste halvdel av denne artikkelen, der både Hareide og Grande uttalar seg, er veldig interessant i så måte: http://www.bt.no/nyheter/valg/Jubler-for-jumbotall-2963152.html#.Uizvop04WUk

    "Hareide uttalte i lørdagens partilederdebatt at for han er det viktig å trekke politikken nærmere inn mot sentrum. På Respons siste måling får han muligheten til å oppfylle drømmen. Høyre, Senterpartiet, KrF og Venstre har nemlig reint flertall hvis de også tar med seg Miljøpartiet De Grønnes tre mandager. Hareide avviser en slik konstellasjon. - Vi ønsker å få til et skifte. Vi vil sette oss samen med Høyre, Venstre og Frp og bidra til en ny regjering.

    Samme budskapet gjentas av Venstre-leder Trine Skei Grande.

    - Nå har De Grønne stått litt på siden, og Senterpartiet er på den andre siden. Vi står på det vi lover. Vi skal få til en borgerlig regjering hvis det blir borgerlig flertall."

    Kvifor det plutseleg er vorte slik, er uforståeleg for meg, men desto viktigare å få med seg om ein ikkje vil ha FrP i regjering.

  5. Jeg klarer ikke bestemme meg kjenner jeg. Står mellom Ap og Venstre. Men så er jeg relativt stor motstander av FrP, så heller i dette øyeblikk mot å stemme Ap for å kunne fortsette med Jens som statsminister. Mye, mye heller det enn mørkeblått. Kunne de borgerlige "garantert" meg at det ble samarbeid mellom H, V og KrF er det mer sannsynlig at jeg hadde stemt V. Men jeg tror ikke jeg tør å ta en stemme fra Ap til fordel for noe som kan gå i favør av FrP :P

    Både Venstre og KrF har vel "garantert" at dei kjem til å setje seg ned og forhandle med FrP etter valet. Då alternativet H, KrF, V, Sp og evt MdG vart teke opp, var både Venstre- og KrF-leiaren klare på at Høgre og FrP var einaste alternativ.

  6. Men de har vel igjen en rævva dyrepolitikk?

    Dei har nok ein meir husdyrvennleg politikk enn det som gjerne slår an her inne. Eg hellar vel òg meir mot at vi burde ta vare på rovdyra vi har her i landet, men for å vere heilt brutalt ærleg: Det finst viktigare ting å jobbe for enn om vi skal ha 4 eller 8 ulv i Noreg, når det finst millionar på millionar av ulv i store, folketomme område i verda som strengt tatt eignar seg mykje betre til denslags dyr.

    Desverre er det jo mange som stemmer basert på ein sak. Det er jo fullt lovleg, men forferdeleg dumt for demokratiet.

    Jeg har fremdeles ikke bestemt meg jeg..er visst totalt politisk lappeteppe iflg valgomatene,sosialist i hjerte og sjel - men de rødgrønne har skuffet meg stort altså.. vel og bra at Norge går bra, at vi overlevde finanskrisen med skinnet i behold etc - men som en sa - med Norges økonomiske forutsetninger måtte en regjering som ikke klarte det, vært total idiot!

    Så nå lurer jeg på, hvordan stemme for å få lagt ned pelsdyr-næringen? Rødgrønt fikser ikke det pga SP.. Da gjenstår Venstre - men klarer de det i en borgerlig sammensvergelse? Og så kan jeg ikke utstå menneskesynet til de borgerlige..

    :icon_confused:

    Dei borgarlege kjem iallefall ikkje til å gjere noko godt for verken pelsdyr eller andre dyr. Erna Solberg / Høgre var vel ganske klare sist veke på at dei ikkje kom til å leggje ned noko pelsdyrnæring. Så er då spørsmålet om det er best med ein regjering med eit 6%-parti for pelsdyr eller ei regjering med eit 30%-parti for pelsdyr...

  7. Såvidt eg har oppfatta, jobbar verken NU eller nokre av dei seriøse partia (usikker på MdG) for å leggje ned oljeindustrien. Dei jobbar for å ikkje utvide oljeindustrien. Det er heller ingen som ikkje er takknemlege for det olja har gjort for oss. Berre sånn apropo kva folk har sagt, og ikkje har sagt.

  8. Jeg antar petroleumsalderen ikke ta slutt på mange herrens år så jeg har det ikke travelt med å bekymre meg om noe som - i mine øyne - ikke et en problemstilling i min generasjon, neste generasjon og den deretter. Det er mye igjen å hente, spørsmålet er bare hvordan man skal hente det opp ;) Og er man desperat nok, finner man en måte, sånn fungerer vi mennesker (oppfatter jeg verden som). Flyktninger ror over middelhavet, fengselsinnsatte rømmer fra rømningssikre fengsler og junkies desperat etter penger selger sjela for en "hit". Vi er avhengige og kommer ikke til å gi oss med det første, dessverre, tror jeg :) For med den kunnskap jeg har om kartlegging av og leting etter petroleum, boring og produksjon, samt infrastruktur rundt, er det MYE igjen å hente. Det lønner seg bare ikke nå når enklere felt eksisterer. Bare vent til den enkle olja blir sjelden og man pusher lengre...

    No overraskar du meg. Eg har heile vegen trudd at det var dårlege formuleringar og vanskar med å få fram det du eigentleg meinte som var problemet ditt, men her stadfestar du altså direkte at du meiner at vi i all overskueleg framtid KUN skal basere den norske økonomien på olje, og at det ikkje må "kastast vekk" pengar på å utvikle andre inntektskjelder for staten Noreg, før vi alt veit at det er for seint. Dette var skuffande.

    Når det gjeld stort sett alle andre politiske meiningar du har, veit vi vel begge (og sikkert mange andre :P ) at vi held til på ulike planetar. Desverre tyder mykje på at du får viljen din i år (vi kan jo alltids håpe at høgresidefolka trur for sterkt på siger og ikkje gidd å stemme, men erfaringsmessig er det vel like mange på vår side som trur for sterkt på tap, og ikkje ser vitsen). Heldigvis, som du sjølv seier, er forskjellen på dei norske politiske fløyane liten globalt sett, og Noreg vil nok vere relativt venstreorientert i mange år framover.

    Godt val, alle saman :) .

    • Like 2
  9. Eg har full forståing for utstilling som eit avlsverktøy, det ER faktisk slik at utsjånaden spelar ei rolle, anten ein likar det eller ikkje. Ein berner sennenhund er ingen berner sennenhund om han ikkje har dei brune augebryna, og ein corgie er ikkje ein corgie om han har hengjeøyrer. På ei utstilling sjekker dei òg tilstanden på andre viktige faktorar, som tenner, testiklar, labbar osv. Då blir det for meg openbart at utstilling (utført på rett måte) må vere ein del av kravet til avl, sjølvsagt i kombinasjon med helsesjekkar og evt bruksprøver eller anna som er relevant for den einskilde rase.

    Når det er sagt, synst eg sjølv ustilling er dritkeisamt, og kun eit naudsynt onde. Vi har prøvd oss tre gongar, og berre klart å gjennomføre ein gong (utruleg kor mange småting som må hugsast i forkant! :P ). Må berre få teke den hersens andreutstillinga, og få Laffen avlsgodkjend, så trur eg ikkje det blir veldig mange fleire utstillingar på oss.

  10. Ååååh! Så fantastisk :D . Dette har eg jo gått heilt glipp av i ein travel somar. Gratulerer så mykje :) .

    Ho er nydeleg, og foreldra er jo råflotte. No må eg visst finne fram kartet att og finne ut kvar Rena er :P .

    • Like 2
  11. Eg tok sertifikat på bil og lastebil parallellt. Sidan det er krav til sertifikat på bil for å ta lastebilsertifikatet, måtte eg berre :P . Byrja å øvekøyre med bil straks eg fylte 16 (med unntak av ein prøvetur med speiderleiaren sin bil langt oppi fjellet då eg var 11 og nokre rundar på ein gard på Hadeland då eg var 15), og med lastebil då eg var 17. Tok bilsertifikatet på 18-årsdagen, lastebilsertifikatet 7 veker seinare, og vogntogsertifikat på dagen 18 år og 3 månader. To dagar seinare starta eg i jobb som trailersjåfør :ahappy: .

    • Like 1
  12. Usikker på kva valtråd som gjeld for tida, men sidan eg ser med skrekk på måten ein del miljøfolk flokkar til MDG, tillet eg meg å kopiere det eg har skrive i den andre tråden over her:

    MDG-bølgjen er jo ei gåvepakke for dykk på høgresida. Veldig mange av dei som no stemmer MDG, ville "normalt" (les: om MDG ikkje var aktuelle) stemt SV. Dei aller, aller fleste kjem frå dei raudgrøne (og eit par frå Venstre, men dei er jo alt under sperregrensa, og har ingenting å tape). Om no SV hamnar under sperregrensa, om så berre med ti stemmer, tapar dei i verste fall 3-4 representantar, som vi då risikerer at hamnar på høgresida. Med SV under sperregrensa er alt håp om noko anna enn ein mørkeblå regjering definitivt ute.

    Å stemme på MDG fordi ein ønskjer ein betre miljøpolitikk i Noreg, er som å hogge ned regnskogen for å bygge vindmøllepark. Vil ein ha miljø, er det eit sterkast mogleg SV i ein raudgrøn regjering som gjeld. Det er stort sett på miljøspørsmål at SV har hatt gjennomslagskraft dei siste 8 år, og der har dei gjort det bra (det er sjølvsagt nettopp difor Audun Lysbakken forgjeves har forsøkt å få til ein skikkeleg miljødebatt inn mot dette valet). Ved å stemme MDG i år, vil vi ta frå SV all moglegheit for gjennomslag i miljøsaker, og gje all makt til det blå alternativet, som er heilt klare på at miljø ikkje er ei sak. MDG vil sitje som eit protestparti utan nokon som helst makt, og miljøsaka vil bli ein enno meir latterleggjort sutrearena der absolutt ingenting vil skje.

    MDG-bølgjen er ein fullstendig katastrofe for miljøsaka, og eg vrir meg av at så mange stemmer MDG FOR miljøet.

    ---

    Når det gjeld diskusjonen om å stemme blankt / ikkje stemme osv, har eg ein ting å seie: Nei, det ER ikkje stemmeplikt i Noreg, og heldigvis for det! Slik eg ser det, er det eit større demokratisk problem med folk som stemmer utan å ha det minste peiling på kva dei faktisk stemmer folk, og tildels bommar grovt i forhold til det samfunnet dei faktisk vil leve i, enn at ein del folk ikkje stemmer. Så får det berre vere så politisk ukorrekt som det vil for min del.

    Sjølv kjem eg til å stemme Senterpartiet, som òg har ein god miljøpolitikk (om ikkje heilt på høgde med SV), og i tillegg ein flott distriktspolitikk, matpolitikk, pengepolitikk og ikkje minst utanrikspolitikk.

    • Like 1
  13. Sjukt at så mange har kastet seg på MDG-bølgen, de har eksistert siden 1988 og klima/miljøsaken har ikke endra seg mye på 4 år. IntraNorge er vel det største oljeboring i nord-norge, men MDG har ikke enerett på meninger om det :P

    MDG-bølgjen er jo ei gåvepakke for dykk på høgresida. Veldig mange av dei som no stemmer MDG, ville "normalt" (les: om MDG ikkje var aktuelle) stemt SV. Dei aller, aller fleste kjem frå dei raudgrøne (og eit par frå Venstre, men dei er jo alt under sperregrensa, og har ingenting å tape). Om no SV hamnar under sperregrensa, om så berre med ti stemmer, tapar dei i verste fall 3-4 representantar, som vi då risikerer at hamnar på høgresida. Med SV under sperregrensa er alt håp om noko anna enn ein mørkeblå regjering definitivt ute.

    Å stemme på MDG fordi ein ønskjer ein betre miljøpolitikk i Noreg, er som å hogge ned regnskogen for å bygge vindmøllepark. Vil ein ha miljø, er det eit sterkast mogleg SV i ein raudgrøn regjering som gjeld. Det er stort sett på miljøspørsmål at SV har hatt gjennomslagskraft dei siste 8 år, og der har dei gjort det bra (det er sjølvsagt nettopp difor Audun Lysbakken forgjeves har forsøkt å få til ein skikkeleg miljødebatt inn mot dette valet). Ved å stemme MDG i år, vil vi ta frå SV all moglegheit for gjennomslag i miljøsaker, og gje all makt til det blå alternativet, som er heilt klare på at miljø ikkje er ei sak. MDG vil sitje som eit protestparti utan nokon som helst makt, og miljøsaka vil bli ein enno meir latterleggjort sutrearena der absolutt ingenting vil skje.

    MDG-bølgjen er ein fullstendig katastrofe for miljøsaka, og eg vrir meg av at så mange stemmer MDG FOR miljøet.

    Sjølv kjem eg til å stemme Senterpartiet, som òg har ein god miljøpolitikk (om ikkje heilt på høgde med SV), og i tillegg ein flott distriktspolitikk, matpolitikk, pengepolitikk og ikkje minst utanrikspolitikk.

    "- Den regjerende rødgrønne koalisjon må frykte et alvorlig nederlag i valget, skriver avisens utsendte medarbeider. Hvorfor, jo fordi folket ser ut til å kjede seg i all velstanden, og ønsker å prøve ut noe nytt. Det finnes ellers ingen åpenbar grunn til at et regjeringsskifte skulle være påkrevet, snarere tvert imot, heter det: Økonomien går fremragende, ledigheten holder seg lav og boligprisene stiger, i motsetning til Danmark og Nederland."

    Det der er eit utruleg godt sitat, som mange burde tyggje godt på før dei stemmer.

    • Like 5
  14. Jeg tenker at det har litt med hva man gjør ut av det. Jeg pleier f.eks å spise frokost i bilen mens jeg hører på lydbok, drikker kaffe og lager en fin våkne-stund av det. Jeg sparer jo dermed også inn den tiden jeg hadde brukt hjemme på det samme, og alt i alt står jeg ikke opp veldig mye før jobb enn det jeg gjorde før, da jeg bodde i gangavstand. Det er verst på vei hjem, da vil jeg jo bare hjem så fort som mulig!

    Jepp, same her. Eg trur eg et meir i bilen enn ute av bilen :lol: .

    Var forresten intervju med politiet i radioen i går, der dei snakka om alt det ville folk gjorde på medan dei køyrde, og eitt av skrekkdøma politimannen drog fram, var eting. Han hadde til og med vore borti folk som både spiste og drakk (altså vanleg drikke, ikkje alkohol) medan dei køyrde. Tenkje seg til :| .

  15. Eg har 42km til jobb, brukar 35 minutt kvar veg. Som de gjerne forstår, er det smått med kø :) . Køyrer mykje heller 4 mil køfritt enn 1 mil med kø. Hadde tidlegare 6 mil kvar veg, brukte ca. 50 minutt. Gjekk greitt det òg.

    Eg har ingen problem med å køyre ein time kvar veg til jobb for å kunne bu slik vi gjer no! (einebustad på landet med stor tomt og få naboar)

    • Like 1
  16. Vi hadde ein hokatt på ca året då vi fekk Laffen. Vi passa heile tida på at helsing og alt skulle gå på kattens premissar, og tvang aldri nokon til noko. Det gjekk aldri bra, og ein dag forsvann katten, og vi såg ho aldri att :( . Det hjalp nok heller ikkje på at ho var gravid då Laffen kom, og at ho ikkje kom overeins med ungane sine, særleg ikkje den eine som vart buande att her. Ho var nok ikkje heilt god i utgangspunktet. Trist likevel.

    Den katten vi hadde att, derimot, er Laffens beste ven :D . Dei har vakse opp i lag, kattunge og kvalp, og det kunne ikkje vore betre. Pusen brukar Laffen som kosepute, og Laffen brukar pusen som tyggeleike :P . Og begge elskar det :lol: .

  17. Det viktigste først: Canis-gründerne Cecilie Køste og Morten Egtvedt har (etter hard innsats denne uka) kjøpt rettighetene til Canis-merket tilbake igjen, og Canis-konseptet kommer dermed til å fortsette.

    Surprise, surprise...

  18. Å samanlikne Touran og Berlingo er jo som å samanlikne ein 14 fot Askeladden med ein 50 fot cabincruiser :lol: .

    Eg er ein gjerrigknark, så eg ville utan tvil gått for Berlingoen :) . Heilt ok bil, med god plass til hund pluss bagasje, til utruleg lite pengar (både når det gjeld investering og drift / vedlikehald / reparasjonar). Men han er sjølvsagt eit hav unna køyrekomforten og "luksusen" du får i ein Touran.

    • Like 1
  19. :lol: ! Og jeg som tenker på "hjemme" hver gang jeg ser en sånn bil, noe som forøvrig begynner å bli skrekkelig lenge siden.

    Såg faktisk ein god del Lundehengjarar her i mai. Dei fleste sto i grensekøen, med ukrainske nummerskilt :teehe: .

    • Like 1
  20. "Gjeldssanering" er vel et annet ord for denne type konkurser :aww:

    Det du beskriver er vel ikke helt uvanlig i båtbransjen. Forskjellen er bare at produksjonen flyttes utenlands etter oppstart :rolleyes:

    Stemmer det. Vår "kjære" nabo her i Os, det norskaste av det norske, er jo eit kjempedøme på det. Dei fleste her kjenner vel namnet Askeladden...

    Såpass ja - det var jeg overhode ikke klar over - vokst opp "vedsidenav" johs lunde "lager/parkering" (i mangel på bedre ord) på sola jeg, så det er liksom et veldig kjent navn for meg. Men har jo aldri satt meg inn i hva de driver med.

    Johs Lunde er vel det verste sjellsordet du kan bruke i transportbransjen :lol: .

×
×
  • Opprett ny...