Hei! For 2,5 veke sidan fekk vi kvalp i hus. Border collie/Australian shepherd blanding. Vi har to barn, på 1 og 3 år. Kvalpen var er 11 veker gammal, og kvalpebitinga synes eg har eskalert den siste veka.
Sønnen min på 3 år kan ikkje sitte i sofaen, eller gå over gulvet uten at kvalpen heng i armar eller bein. Eg har prøvd det meste, både å vere streng, samt og ta kvalpen over grinda som deler stua og gang (breid åpning på ca 1,5 meter, må ha mulighet for å dele av, pga 1 åringen som er på golvet innimellom) men med ein gong han slepp innat, så er det påan igjen. Han hoppar opp i sofaen til 3 åringen og startar å bite..
Eg blir rimelig fortvila, og utslitt av heile greia. Er det nokon som har gode råd å gi? Prøvar også avlede, men feks leike eller grisehale, men han finner fort vegen i sofaen igjen. Sønnen min er begynt å få uakseptabelt mykje småsår og klor etterkvart.. Skal skaffe meg kong og fylle med leverpostei feks, det vil nok falle i smak, han er ganske matglad.
Han blir også fryktelig hyper på ettermiddag kveldstid, og jakter både på ungane og katten. Spring som ein tulling uten mål og meining gjennom rommet. Han søv lite iløpet av dagen, så har tenkt tanken på overstimulering..? Når han får desse "bygene", så "snappar" han etter meg når eg skal prøve å roe han også..
Beklager at det vart langt, men håper virkelig nokon av tips eller råd, eller kan fortelle meg at ting blir bedre...