Fred er ein 4 år gamal borzoi-hann som har vore ein tur på eigahand og vore i kontakt med naboen sine sauer. Han må difor omplasserast.
Vi er så heldige at vi har funne ei bra familie til han, men dei kan ikkje overta han før i midten/slutten av juni. Så vi treng ein plass han kan vere i mellomtida.
Fred er kjempesnill med folk, både vaksne og ungar. Grei å ha i huset, og ha med på tur eller i bil. Han er 47 kg og har eit sterkt jaktinstinkt, så den som skal passe han må forstå kva det betyr. Han kan gå i lag med andre hannhundar etter å ha blitt kjent med dei. Tisper er han flott med uansett storleik. Han kan ikkje bu i lag med katter.
Vonar det er nokon som kan hjelpe oss, for alternativet er at eg må flytte med Fred til vener fram til familien kan ta imot han.
Varig omplassering kan også vere eit alternativ om du kan overta han i løpet av kort tid.