Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Hollandske dverghøns [emoji4] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  2. Litt utafor, i Eikefjorden. Søk på Sunnfjord hundepark på fjaseboka, så finn du. Er vel offisiell opning 1. August, men eit av områda er ferdig og klar for bruk allerede, så gledar oss til å teste det ut i morgon [emoji1] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  3. Om dei var inne i restriksjonstida, så er det vel kanskje ikkje så rart. Våre la då kun eit egg no og eit egg då, noko oppdretter syntes var veldig merkeleg, sidan dei skulle lagt egg for leeeenge sidan. Men dei hadde jo ikkje lys 12 timar i døgnet då heller. Men etter at dei fikk komme ut i utegård med tak og tilgang til uthuset sitt, og er ute dag og natt, så har dei trykt ut egg så det jomar etter (1 egg per and, per dag). Så vi nærmast svømte i egg her ei stund Fint med bakeglad stemor då, så ho og pappa fikk ein heil del Dei har (heldigvis) roa ned eggproduksjonen no i rugetida.
  4. Så spennande! Her er dei vel snart ferdig, så er spent på om det blir noko resultat av all ruginga Kyllingane fikk komme ut i dag også, så dei storkosar seg ute i sola. Verkar litt skeptiske når eg ikkje er der, for når eg var nedom og såg til dei, holdt dei seg rundt døropninga. Kom ut og var meir ute på graset og rota i det når eg var ute med dei, men når eg skulle gå igjen, var det nesten så dei gikk litt i stå. Og han eine starta gale enda meir Dei kan ikkje klage på utsikta i vert fall
  5. Då er den grei Må betale for å komme inn og gjerdet skal vere nytt. Men trur alikavel eg hiver langline på eldste gråbikkja, så kanskje eg slepper å springe rundt på 8 mål for å få fatt i han igjen.
  6. I ein privat eigd hundepark, kven har ansvaret om ein hund klarar å bryte seg ut? Sambuar som starta spørre om det i går, etter vi booka tid i ein ny hundepark i området, og eg anar ikkje
  7. Hønsa fikk komme ut i det fri for første gong i dag. Driv å skal lage til ein utegård til dei av ei gammal trampoline, men var vist noke greier som måtte sveisast sammen først. Så då prøvde eg å sleppe dei ut, frittgåande, i dag. Var heldigvis fint vær, så satte sperrer forran dørene, så dei kunne gå ut og inn som dei sjølv ville. Dei var veldig skeptiske til å begynne med, så då reiste eg på butikken imens. Til eg var tilbake, var dei komt seg ut i gangen berre Såg til dei ørten hundre gangar i løpet av dagen, og når dei først var komt seg ut, holdt dei seg stort sett i samla flokk og kosa seg. Ungkarane vi hadde gikk ute på samme område, dei var derimot ikkje fullt så begeistra for at naboane fikk komme ut. Når eg kom ned for siste gong og skulle prøve få hønsa inn igjen, gikk endene eit lite stykke bak og trykte flokken framover og vekk frå løa. Hønsa tok det heile med stor ro då, heldigvis Ungkarane våre flytta i dag. Mora til ei god venninne heilt frå barndommen har blitt plaga med sneglar i hagen, så ho ville gjerne kjøpe dei. Der får dei stoooort uteområde og trakke rundt på. Så får håpe dei tek den nye jobben sin på alvor! Hanefar (ein av fire) holdt vakt på dørstokken, når eg var nedom og såg til dei tidlegare i dag Prøve å få dei i samla flokk inn igjen for kvelden. To kjekke og fine kara er dei Kjenner eg må ha litt is i magen når eg slepper ut hønsa, livredd for at dei skal forsvinne. Og så er dei jo så små og dermed ikkje så enkle å få auge på i høgt gras. Får prøve å manne meg opp til i morgon, gikk jo så fint i dag!
  8. Vert hos tannlegen og trekt visdomstann nr. 2, så då er eg halvvegs i mål. Kun dei to verste igjen. Den første av dei skal vekk i slutten av november. Heldigvis såpass lenge til at eg ikkje har begynt å grue meg enda
  9. Begge ungkarane har blitt sluppe ut for dagen, kyllingane har fått ein halv brokkoli vi hadde liggande og dei tre andre endene har fått opna porten så dei kan komme ut på graset. Burde vel snart utvide enda meir, dei er effektige plenklipparar Så no er eg berre sånn passe småirritert på været. På mine 2 veker med ferie, har eg kun hatt 3 finværsdagar, den beste var i går med over 30*c i sola. I dag derimot, er det overskya, regn i lufta, tåke i fjella og kjølig. Einaste positive er at det er sykkeltemperatur, så kanskje vi får sykla litt med bikkjene i dag, når sambuar er ferdig på jobb.
  10. Var nede på kunstgrasbana til skulen for og trene litt RL, saman med @FlippogRime i sta. Var folketomt der, kun eit par bilar på parkeringa. Så når vi hadde begynt å trene, kom ei som jobbar der kjørande (trur vi har møtt på ho kvar gong vi har trent der). Ho parkerte bilen sin og skulle inn på skulen, men stoppa for og kose med Flipp og Rime til Birthe, før ho gikk vidare. Etter ei lita stund hørte vi ungar, så då pakka vi sakene og gjorde oss klare for og gå. Då kom samme dama ut igjen og gav grei beskjed om at vi IKKJE fikk lov til å vere der før om 2 veker, for då er SFO ferdig for sommaren! Eg var sikker på at skulen/SFO der nede hadde tatt ferie, ellers hadde det ikkje blitt trening før seinare på dagen
  11. Kan ta søndag veke 28, om den fortsatt er ledig
  12. Eine anda har låge på 5-6 egg dei siste par vekene, men no har damene brått bytta om på kven som skal ruge. Lyste eit av egga i går og forhørte meg med to andre som har litt meir peiling, og dei trudde det var liv. Og kva finner eg i andegården i dag? Eit knust egg som låg midt i utegården Håpar dei resterande egga får ligge, hadde vert veldig gøy om dei hadde klart å ruge ut sjølv. Korleis er det med utskifting av høy og strø der dei har rugeplass? Bør det ventast med til ruginga er ferdig?
  13. Så fint det ser ut! Og den vaglepinnen, så enkel og fin i kul grønnfarge
  14. Diggar kaningleikene! Med en stykk elghund som ikkje alltid er sååå gira på godbitar, så funkar stort sett kaninleika. Ei frøken som rota rundt i treningsbagen i helga, og drog den fram sjølv. Og i dag på trening, var den gamle som låg i vesten, gull verdt for innkallingstreninga
  15. Tusen takk Ho kan når ho vil, i går var ho meir "på". Vi sliter litt med at halen detter litt i ringen når vi skal stå, for det er jo sååå kjedeleg når det ikkje skjer noke! Har ingenting å hente enda, sidan ho ikkje har gått laushundprøve, så vi tar det i grunn mest for treninga sin del. Stiller i junior, så då sjåast vi nok der, ja Du får ta fram krølltanga
  16. Var på Dombås i helga, for å stille Hera på den doble elghundutstillinga som var der. Møtte oppdretter der også, som var veldig fornøgd med resultater ho fikk, så det er jo bra. Vi må berre trene litt meir På lørdagen var ikkje Hera med i det heiletatt, men det er nok vår egen feil. Vi glømte igjen buret heime, og så var det mykje venting, litt kjefting på andre og generelt sett mykje å følge med på. Når det var juniorklassen sin tur, var alle inne samtidig, sprang ein runde eller to, vart målt og sjekka tenna på, så var det ut og vente på tur igjen. Fikk beskjed om at vi måtte passe på sjølv, når det var vår tur, så det var jo greit. Eg sto klar, og når han forran meg var ferdig i ringen, gikk eg inn. Dommaren vart så grisesur fordi eg hadde gått inn frå "feil side" og sa høglytt at om alle gjorde sånn, kom det til å ta så mykje unødvendig tid og ja... Kan ikkje heilt skjøne at det skal ta så mykje lenger tid å komme inn frå den eine sida av ringen, enn den andre Har skjønt at dei er veldig nøye på måling av elghund, men når dei skal vere så nøye på det, burde dei vel vere litt meir nøyne på og faktisk la bikkjene stå på ei rett plate av noko slag når det er ute? Bortimot alle bikkjene på lørdagen hadde krympa, fordi det vart målt rett på graset. Så Hera har gått i frå 50 cm på NKK Bergen, til å krympe 2 cm lørdag og vokse 1 cm igjen søndag På søndagen fikk eg spørsmål om det var lenge sidan ho hadde dusja, så ho må dusjast før ho skal stillast på Elverum. Sidan ho ikkje er skitten eller feit i pelsen, så har eg ikkje tenkt så mykje på akkurat det nemleg Lørdag: Kritikk: 48 cm. Utmerket helhet. Fint uttrykk, en aning runde øyne, aning store ører. Lang lend over kryss og hale. En aning tung uten å bli for tung i kryss. Åpne vinkler i skulder og gjennom handled. Godt vinklet, passe benstamme, tilstrekkelig stramme poter. Trang hase. Pendlende i front. VG. Søndag: Kritikk: 49 cm. Middels stor, veldig god type. Noe lett hode, vakre øyne, velplasserte ører. Kort, sterk kropp, utmerket hale. Noe lett benstamme. Beveger seg bra. Pels uten anmerkning. Farge kunne vært noe renere. Korrekt bitt. VG.
  17. Neste helg du tenker på kanskje [emoji28] det betyr at eg enn så lenge har begge dagar? [emoji14] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  18. Er i morgon og søndag eg er satt opp. Men om noken andre ønsker søndag et det greit for meg [emoji4] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  19. Hatar å pakke når værmeldingane er så ustabile der vi skal. Først melder alle regn, så melder yr overskya og sol, mens storm melder drittvær... Så no er det pakka litt av alt, som vil sei alt for mykje av unødvendige kle
  20. Det seier vel meir om dei enn det gjer om deg. Å trene ein litt egenrådig rase fører vel ofte til at man blir meir løsningsorientert? Det vil no eg sei er ganske så positivt. Sjølv om det sikkert er veldig frustrerande til tider Dei fleste trenar vel hund for å ha det gøy, men enkelte har vel eit såpass høgt konkurranseinstinkt at dei tek "gøy" til eit nytt nivå. Sjølv trenar eg kun for gøy, konkurrerar for å ha eit mål å trene mot. Vi MÅ ikkje ha resultater, men gode resultater kan jo gjere ting litt ekstra morro Og kva rolle spelar det om man blir ståande fast i ein klasse, anten det er RL, AG, LP... Så lenge hund og førar faktisk har det gøy på bana sammen? Så får folk berre sei kva dei vil.
  21. Sidan gnagaren i hus (les: Hera) gnagde over Haqhiana kobbelet sitt når ho satt i bilburet, var det berre å kjøpe nytt. Så no ventar eg på to stykk Haqihana kobbel. Eit rødt med refleks på 5m og eit grønt på 3m. Neste gang blir det kjetting
  22. Ein jegar som meinar han såg ein ulv på 20m hold, nokre få km frå huset vårt, tidlegare i dag. Kan ikkje sei eg er så begeistra for det akkurat, sjølv om det hadde vert litt kult å fått tatt bilder av den
  23. Catania var hos Optimal Dyrehelse og fikk massasje- og laserbehandling (og noke anna, men hugsar aldri kva det heiter ) i dag. Kun for forebygging. Det var vist litt overraskande at det var så lite å "fikse" på, med tanke på aktivitetane vi driver med, PL-operasjonen på begge kne for nokre år sidan og null rehabilitering i ettertid. Så det var jo superbra Sist Catania var der, var etter PL-operasjonen. Er vel 4 år sidan no, faktisk! Då var ho veldig stiv, men det hjalp veldig med ei behandling hos Merethe
  24. Ååh takk, såg no at det var komt, berre ikkje fått noke varsel om det ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  25. Skulle du sende ut passordet til alle i går, @Kristin_nord? Ikkje fått noke her i vert fall
×
×
  • Opprett ny...