Gå til innhold
Hundesonen.no

9nemor

Medlemmer
  • Innholdsteller

    57
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av 9nemor

  1. Tusen takk for svar! ? Me har veldig godt inntrykk av Siddis, så det kan fort bli det. MEN der er ikkje oppstart før 17. august - det er jo litt lenge til, sidan me har kvalp på snart 12 veker no... skulle gjerne kome i gang fortast mulig. Så nett no vurderer me å heller gå for Doglife sitt (https://online-hundetrening.no/p/valpekurs), for då kan me starte NUH ? No har jo heile familien ferie, og i tillegg er kvalpen ‘passe ung’... Så kan me evt hive oss på kurs frå Siddis etterkvart, kanskje? ? Erfaringar med dei som står bak online-hundetrening/Doglife hundeskole?
  2. Takk! Oh yes, livet vert aldri det same på noko vis! ??
  3. Ja, det var kanskje ein idè! Me bur svært landleg til med ‘gjennomsiktige’ bygdeforhold, og med naboar på begge sider som me stolar 120 % på, så eg er ikkje bekymra for han ute. Men takk for fine innspel! ?
  4. Så gøy! ? Bærebarn på same tida - no er me begge komen til hund ?? Knallkjekt, gler meg til å følge dykk og kvalpen! ?
  5. Ein kollega av meg har ein Bichon Havanaise - ho kan fiiint vere med på fjelltur, er aktiv og sprek som berre det. Men ho KAN også ha dagar med berre nokre kortare ‘leiketurar’ og det er nok. Eg tenkjer ein såpass liten hund kan passe deg, ut frå det du skriv ?
  6. Katten vår har maten sin i gongen vår, med katteluke ut. Ho er mykje ute - regulerer altså dette heilt sjølv. No kjem det straks opp gjerde rundt bakre del av hagen vår, som hunden skal få bruke, og me tenkjer å setje inn hundeluke i ytterdøra så han også kan ha mat og vannskål + seng/soveplass der. Tanken er at han sjølv kan gå ut når me er på jobb om dagane (over sommaren, altså). Spørsmålet er: kva for hundeluker har de gode erfaringar med? Har kikka på desse: https://www.musti.no/petsafe-staywell-aluminium-luke?44851 https://www.zoobilen.no/products/hundluke-swing-15-tunnel-hundedor-til-store-hunder https://www.kkimport.no/topphengslet-inngangsluke.html Og spørsmål 2: Vil (den vesle) katten vår kunne bruke same luka? Det vil jo vere det enklaste...
  7. Så kjekt! Kos dykk med gleding og førebuing! ? (Og så MÅ eg jo lure - er du den same Ivrig som på TI for mange år sidan? ?)
  8. 9nemor her - familiemor i sin beste alder med barn på 7, 11 og 14 - og no altså kvalp på 11 veker Ja, og så har me jo katt også, for all del - ho er 4 år og var ikkje den største forkjemparen for siste tilskot i gjengen... ?? 2 veker no sidan kvalpen kom i hus, og jammen er det godt at sommarferien er her - hektiske dagar, på ein måte (sjølv om det er veldig veldig roleg også) ? Han er ein blandingshund (labrador/puddel), stor og solid (over 10 kg no!), sosial, lærevillig og også lett rampete som han skal vere i sin alder Neste veke vert det camping - då blir det spennande korleis han taklar teltlivets gleder ?? Her inne gledar eg meg til å finne svar på undringar og spørsmål som heilt sikkert kjem til å dukke opp langs vegen ? Ha ein nydeleg dag! ?
  9. Heisan! 11 veker gammal kvalp i hus - tjohei, her er det liv Men veldig veldig kjekt altså! Vurderer online kvalpekurs, sidan det er laaaang reiseveg frå oss til næraste aktuelle ‘fysiske’ kurs - men eg trur det hadde vore fint for heile familien å gå gjennom kurs. Me er glade i boka ‘100 % hverdagslydighet fra valp til voksen’, og tenkte derfor det tilhøyrande kurset kan vere bra. Nokon som har prøvd eller veit om det er verd det?
×
×
  • Opprett ny...