Bellare Skrevet 1. Oktober 2017 Rapporter Skrevet 1. Oktober 2017 00:30 – På tide og finne senga. 07:00 – Hera måtte skikkeleg på do, så då var det berre å hive på seg ei bukse og eit par sko. Catania syns det var litt i tidlegaste laget på ein søndag. 11:30 – Vi hadde lagt oss igjen, og vart vekt av mamma som ringte. Vi skulle ut på besøk til mormor og besten + resten av bøtteballetten. Slektningar frå østlandet er på besøk. 12:00 – Vi har komt oss ut av senga og ut på tissetur før frukost. 12:30 – Før vi kjørte avgårde, måtte eg fôre endene og hønene. Har sett etter egg hos hønene kvar dag denne veka, men kanskje ikkje så rart eg ikkje har funne egg, når dei har gjømt dei unna lengre inne i rugekassa. Måtte jo ha lys for og sjå dei! 13:30 – Vi er hos mormor og besten, fint og strekke litt på beina der! 14:30 – Slappe av litt inne. 15:30 – Vi skal til å kjøre heimover igjen. Enya må sjekke ut og markere litt der Catania tissa. Viktige greier! 16:30 – Endene og hønene har fått nytt vatn, og eg plukka egg frå anda som er ute. Begynner å hope seg litt opp her, enda eg har gitt vekk litt til mamma! 18:30 – Ser kakekrigen. 19:30 – Sitter inne og tek livet med ro, mens vinden ruskar godt ute. 20:30 – Satte på «Min bror bjørnen 2». 21:30 – Kveldslufting. Eg er superpingle når eg er aleine, enda verre når det er uvær, og sjølvsagt er det dei dagane bikkjene kniper igjen… 22:30 – Inne og hører vinden suse ute. Blir nok ikkje gjort stort meir no, så tenker eg avsluttar her. 11 Siter
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.