Gå til innhold
Hundesonen.no

PL - Opptrening etter operasjon


Recommended Posts

*mase, mase, mase*

Yngste frøkna på 9 mnd. vart operert for patellaluksasjon på begge kne for nøyaktig 3 veker sidan. Kva type PL det var er eg litt usikker på sidan veterinæren/kirurgen snakka i eitt sett for og informere meg mest mulig om kva som skjer med kneet og korleis det eigentleg skal vere. Veit furen vart fiksa litt på, og det har blitt satt inn ein skrue i kvart kne.

Når eg spurte kirurgen om turar og sånn etter operasjonen, så fikk eg beskjed om at det var berre å gå sidan frøkna måtte bruke bakbeina frå dag 1. Og då gjerne i ulent terreng.
Den første veka var det så klart veldig vondt, og vi holdt oss kun i hagen der ho prøvde så godt ho kunne å balansere på frambeina og gå på den måten.
Fram til no har vi kun gått i nabolaget, men sidan eg bur midt i sentrum, så er det stort sett kun asfalt her, og eg må gjerne kjøre eit lite stykke for og komme til eit meir ulent terreng som då blir greiare og gå på.

Spurte veterinæren her heime om kva han hadde å sei ang. opptrening, men fordi eg hadde operert på andre sida av landet, og han då ikkje viste kva metode o.l som var brukt, så anbefalte han meg heller å ta ein telefon til klinikken som opererte. Som sagt, så gjort. Snakka med kirurgen som opererte, og han sa alt hørtes veldig bra ut, og at eg no kunne starte opptrening til lengre turar. Sidan ho også klarar og gå i trapper, så kan ho få lov til det også.

Men blir så usikker på kor langt eg eigentleg kan gå med ho. Veit eg ikkje skal dra ho med på evig lange turar, men er det nokon som har erfaring og som kan sei sånn ca. kor langt eg kan gå med ho, og kor langt eg kan forlenge for kvar gong det skjer?

Venstre fot, som også var verst plaga av PL, er ikkje heilt god enda. Ho brukar den, men ser at ho er ein ørliten grann halt enda. Hjalp ikkje på at visse personar gløymde å lukke ytterdøra på hytta i går heller akkurat, så då tok ho seg ein luftetur/sprint runde rundt hytta på eiga hånd, og eg fikk tilbake ein meir halt hund. Ser ut til å ha gått bra då ho er tilbake til "normalen" i dag.
Nemnte dette til kirurgen som opererte, og han har trua på at det kjem seg med tida.

Men er det nokon som har erfaring med Patellaluksasjon operasjon og tida etterpå? Kva kan eg forvente seinare? Ca. når er ho på normalen igjen, og når er det vanleg at hundar etter ein slik operasjon kan vere med på normalt lange turar, springe fritt og sånt noko?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

vi har funnet den bernaisen med minst karbs. Saumfarte en liten haug bokser på butikken  så den går liksom akkurat. Men kunne gjerne tenkte meg å lært å lage selv. Sikkert mer sunt også  får ta en dag og prøve! 

 

Du vet du poster i en tråd angående pattela luksasjon?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Guest Belgerpia

Jeg dør av latterkrampe.... sorry......... det værste var at jeg gikk tilbake og sjekket om det var skrevet noe om mat i TS sitt innlegg...

Angående opptrening, det er viktig å gå - og da sørge for at hun går - om du forsøker å gå ett kvarters tid sånn ca. annenhvertime en ukes tid og så øker til en halvtime hver tredje time så begynner det vel å hjelpe tenker jeg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...