Hei! Tispa vår(Bichon-blanding) på 5,5år starta på løpetid ca 20desember.Ho hadde blødninger ca frem til 29desember. Og første nyttårsdag fekk vi lånt en hannhund av samme blanding. Dei hadde 4-5 vellykka parringar med heng. I dag 4 januar la eg merke til at blødningane var tilbake. Las litt om livmorbetennelse og vart stressa, GRUSOMT stressa! Har snakka med veterinærvakt som bad oss om å ta temp(38°C). Og bruke bleie for å sjå etter gul/grønn utflod. Alt er sikkert bra, men ka kan grunnane til blødninga være? Er det vanlig med blødning to-tre dagar etter parring? Har googla så linja gløder men blir ikkje klokare...