Gå til innhold
Hundesonen.no

Betla

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Betla

  1. Tusen takk for gode råd! Setter veldig pris på det. Fikk kose med ein portis nå i påsken, det var ein nydelig hund med eit veldig behagelig vesen. Hode mitt klarte ikkje tenke på å spør om slikt akkurat da. Tenkte mest på allergisk reaksjon akkurat då. Klødde litt i nasa akkurat når eg holdt på, men gav seg med ein gong vi trakk oss vekk. Fikk heller ingen utslett på kroppen, men må treffe rasen fleire gonger for å finne ut om det er noko allergi der eller ikkje.
  2. Tusen takk for info om dogweb. Dette skal eg huske når vi kjem så langt. Tusen takk for et godt bokforslag også, den skal eg få tak i og sette meg inni. Kan bli mange gode lesestunder i den med barna også om den er godt forståelig for dei. Puddel er ein av rasene vi har tenkt på. Når det gjeld kongepuddelen er min erfaring at det er ein flott hund med eit herlig vesen, vertfall når dei er vaksne. Men har ingen erfaring med dei som kvalp. Dei andre størrelsane har eg ikkje erfaring med. Vi har også vert innom tanken på portugisisk vannhund, men har blitt meir usikker ut i frå at den kanskje krever meir fysisk aktivitet i kvardagen enn vi alltid kan gi.
  3. Vi er en familie med to barn. Ein på snart tre og ein som fyller sju over sommaren. Vi er begge i full jobb og hunden vil da måtte kunne vera heime aleine opp til sju timer fem dagar i veka. Vi likar å gå på turar i skog og fjell i helgene, men klarar ikkje gjennomføre ein veldig aktiv livsstil i kvardagen då skulearbeid o.l krev sitt. Har en liten hage som skal bli inngjerda før det kjem hund, og huset skal bli så og sei ferdig oppussa. Hunden skal vera ein familiehund som i hovudsak skal vera oss voksne sitt ansvar, men vi ønskjer at ungane skal kunne delta på sin måte. Ungane ønskjer helst ein liten hund, mens vi voksne har hatt mest lyst på stor. Eg reagerar på pelsen til mange hunder og ser dermed etter råd innan dei som er kalla allergivennlige. Vi er klar over at disse krev eindel pelsstell og er forberedt på det. Det å skaffe oss hund er ikkje ein hastesak, og ungane har fått beskjed om at han minste uansett skal vera fire år før det kjem hund i hus. På denne måten har vi god tid til å få inn kunnskap om rase, hundestell og valpefase. Det er mykje viktigare for oss at hunden er den rette hunden på innsida enn utsida. Vi har også snakka med ungane om at det er oppdretter som velgjer hunden ut i fra kven vi er og ikkje ut i fra kva farge ungane ønskjer at den skal vera. Mannen er oppvokst med stor blandingshund(schæfer/slovakisk cuvac) som var ein fantastisk familiehund. Eg har mest erfaring med onkelen min sin bichon frisé som vi fikk låne når eg voks opp. Det einaste eg ikkje likte med den var at den alltid yppa seg med andre hunder og at den aldri vokste av seg kvalpefaktene. Det skal seiast at onkelen min har hatt mange av denne hunden og eg veit ikkje kvar mange av dei eg har hatt med å gjera for dei hadde alle det samme namnet. Men eg veit at eg har hatt med dei både som kvalp og som vaksen. Er det nokon som kan komme med råd til ein god familiehund til oss og eventuelle oppdrettere? For oss er det også viktig at hunden ikkje er avkom av innavl.
×
×
  • Opprett ny...