Vi er en familie med to barn. Ein på snart tre og ein som fyller sju over sommaren. Vi er begge i full jobb og hunden vil da måtte kunne vera heime aleine opp til sju timer fem dagar i veka.
Vi likar å gå på turar i skog og fjell i helgene, men klarar ikkje gjennomføre ein veldig aktiv livsstil i kvardagen då skulearbeid o.l krev sitt.
Har en liten hage som skal bli inngjerda før det kjem hund, og huset skal bli så og sei ferdig oppussa.
Hunden skal vera ein familiehund som i hovudsak skal vera oss voksne sitt ansvar, men vi ønskjer at ungane skal kunne delta på sin måte. Ungane ønskjer helst ein liten hund, mens vi voksne har hatt mest lyst på stor.
Eg reagerar på pelsen til mange hunder og ser dermed etter råd innan dei som er kalla allergivennlige.
Vi er klar over at disse krev eindel pelsstell og er forberedt på det.
Det å skaffe oss hund er ikkje ein hastesak, og ungane har fått beskjed om at han minste uansett skal vera fire år før det kjem hund i hus. På denne måten har vi god tid til å få inn kunnskap om rase, hundestell og valpefase.
Det er mykje viktigare for oss at hunden er den rette hunden på innsida enn utsida.
Vi har også snakka med ungane om at det er oppdretter som velgjer hunden ut i fra kven vi er og ikkje ut i fra kva farge ungane ønskjer at den skal vera.
Mannen er oppvokst med stor blandingshund(schæfer/slovakisk cuvac) som var ein fantastisk familiehund. Eg har mest erfaring med onkelen min sin bichon frisé som vi fikk låne når eg voks opp. Det einaste eg ikkje likte med den var at den alltid yppa seg med andre hunder og at den aldri vokste av seg kvalpefaktene. Det skal seiast at onkelen min har hatt mange av denne hunden og eg veit ikkje kvar mange av dei eg har hatt med å gjera for dei hadde alle det samme namnet. Men eg veit at eg har hatt med dei både som kvalp og som vaksen.
Er det nokon som kan komme med råd til ein god familiehund til oss og eventuelle oppdrettere?
For oss er det også viktig at hunden ikkje er avkom av innavl.