Gå til innhold
Hundesonen.no

Ragnhild

Medlemmer
  • Innholdsteller

    95
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnhild

  1. Om ingen andre kan så kunne vi møttes ved f eks den grusbana ved rema 1000 wergeland, så kunne eg sjekka tenner og sånt. Har aldri vore på utstilling før, men sålenge du seie kva eg skal gjer kan eg gjer det
  2. *slett* blei dobbelpost ved uhell - mobiltelefon
  3. Kan hende eg kan slenge meg på i morgon viss det blir litt utpå kvelden. Har middagsplanar fra 17, usikker på kor lenge det varer. Men viss det blir ei samling er eg gira på å komme! Satt i nygårdsparken i dag og lillegutt blei veeldig frustrert over at han ikkje fikk hilse på den lille søte kvalpen etpar meter unna. Og det toppa seg på bybana når vi havna rett vedsida en hund, da var det pipekor, jippi!! Så det er noke av det eg har å jobbe med, viss han er sånn på Bønes i helga blir ikkje det så veldig kjekt. (Skal heldigvis berre kikke)
  4. Eg kan dagtid onsdag, torsdag ettermiddag og fredag på dagtid (har vertfall ikkje plana enda)
  5. Hei! Eg kunne gjerne tenkt meg å vere med på ditta en gang! Eg kan kommande veke. Er litt usikker på korleis Theo vil oppføre seg på ei sånn trening egentlig, så mest berre for å sjå kva det går i. Virka kjekt å stille han ut, han er snart 8 mnd, men må finne ut kor "ille" han oppføra seg før eg i det heile tatt vurdera noke slikt. Ikkje ille som i hissigpropp, men som i "hallo-vil ingen leike med meg eller?:D" Han er meget eksemplarisk når det berre er oss, men mista veeeldig lett fokus for tida, viss det kjem ei bie, en fugl eller noke anna spennande som menneske eller hund så vi trenge trening! Viss det er lov å snike seg med (Er forresten ganske ny på forumet, har vertfall ikkje skreve noke særlig her før, men virka kjekt å bli kjent med kjekke hundefolk i Bergen!)
  6. No veit eg ikkje kva dei andre har svart, men tenkte eg skulle dele mi erfaring. Min kvalp var vant med kloklipping fra oppdretter, så vi fortsatte å klippe jevnlig kvar veke etter vi fikk han. Plutselig hadde det gått 1,5-2 veker siden forrige klipp, og den gangen var kloklipping plutselig ikkje noke kjekt. Følte eg satt med en stukken gris i fanget mitt, var heilt vill og panisk. Veit ikkje om det var fordi det i mitt hode var "krise" at vi hadde glømt rutina, og kvalpen blei stressa av meg, eller at det berre hadde gått for lang tid sida sist. Deretter prøvde vi med klikker og forskjellig, men etter mange vekes prøving der vi fikk en liten bit her og der og lite framgang, endte vi opp med å prøve "tvangsklipping". Det gikk heller ikkje bra. Endte opp med å ha klosaksa i handa kvar kveld på kosestunden, og en gang tok eg en liten snei av tuppen av ei klo, mens Theo låg og halvsov. Han merka at det skjedde, men merka og at det ikkje var farlig eller vondt, og brydde seg ikkje. Forstatte sakte men sikkert og klippe på denne måten, og plutselig kunne vi gjere det som før igjen, på ryggen i fanget mitt. Sjølvsagt med masse godbiter innimellom For tre-fire veker sida var eg uheldig og klipte for langt. Hadde potetmjøl så blødninga stoppa, men Theo likte dette svært dårlig, og vi gikk nesten tilbake til start, særlig på bakbeina, som han egentlig alltid har "vrikka" litt på mens vi klipper. No går det endelig bra igjen! Har heldigvis et matvrak, så har lurt han på den måten, ved å løfte opp potane mens han står over matskåla, ta en liten bit av klørne, og han har igjen erfart at dette ikkje er farlig og forbinder det kanskje med mat og godbiter også? (No klipper eg mens han står eller ligger på golvet, viss han står løfter eg berre forsiktig men bestemt den poten eg skal klippe på - særlig praktis på baklabbane! Så mitt råd: Ikkje gi opp! Og har du en matglad hund så utnytt det til det fulle! Vi hadde mange fortvilelsesøkter før vi endelig fikk det til, men gikk til slutt
  7. Okei. Ja, ser det med tissetrening og aleinetrening. Har nemlig funne to aktuelle oppdretterar i nærheten som planlegger for vår/sommar 2013. Fordelen er jo den at eg lett kan ta fri og vie full tid til hunden. Likte også poenget med at man kan ha med hunden på skitur om vinteren - elskar å gå på ski! Eg går med en følelse av at det kjem til å ordne seg uansett, men har lyst at valget skal vere mest mulig gjennomtenkt. Alt går aldri som planlagt uansett, men nokre ting er greit å tenke gjennom. Fordelen vil vel kanskje vere at kvalpen vil bli vant til fleire miljø? Eller blir det så stort tidsrom at den vil "glømme" Bergen mens den er i Nordfjord?
  8. Hei! Eg er heilt nyregistrert her, heilt utrulig at navnet mitt passa som brukernavn. Har vert innpå fleire gangar før og lest, men i dag ville eg skrive noko. Så til grunnen at eg registrerte meg: eg og sambuar ønsker å skaffe hund innen kort tid. Det blir mest sannsynlig Wheaten Terrier, men vi må sjølvsagt besøke ein oppdrettar og helse på nokre før vi bestemmer oss :-) Studerar i Bergen og heimstad er i Sogn og Fjordane. Spørsmålet er då om vi skal få hunden i sommarferien eller før jul. Begge er studentar(22år) med varierande lengd på skuledagar, og kan avogtil skippe forelesing (ikkje alltid obligatorisk). Derfor vil det vere lurt å få kvalpen i sammanheng med ein ferie, slik at vi kan vie full tid til han. Men noko som er ein stor fordel er at eg har fri dette halvåret, jobbar kun som ringevikar. Derfor kunne det kanskje vore lurt å fått kvalpen rundt mai/juni(veit dette er snart, men dette er noko vi har tenkt på lenge!), slik at eg då kan la vere å ta på meg vakter når kvalpen er ung og tilpassar seg. Vil det då vere problem å ta med hunden heim i sommarferien? Bør kvalpar vere på same stad heile "startfasen"? Har ikkje funne noko særleg om dette når eg har lest på nett. I feriane er eg og kjærast glad i å vere heime hos familiane våre, og kunne tenkt å hatt med kvalpen til kvar vår familie(dei bur 50 min frå kvarande), sånn i juli f.eks. Vil dette berre bli forvirrande for vår lille krabat? Eg føler det er best å få hunden no før sommaren begynner, så kan vi komme godt i gang med kvalpetrening før vi reiser på første langtur nordover til Nordfjord. Einaste er korleis kvalpen då vil reagere på dette. Får vi den før jul kan vi f.eks. skaffe hunden når eksamensperioden begynner. Då vil dagane vere ganske fleksible og vi kan bytte på å lese/vere med hund. Vi er jo to om det! Så blir det jo då også å ta med hunden nordover, men kun for ei veke/ti dagar. I sommar vil det vere snakk om fleire veker. Uff, syns dette er vanskelig. En må jo alltid prioritere og legge til rette når kvalpen kjem, men vil at det skal bli best mulig for oss alle tre. Det er første gang vi kjøper hund, begge to, men har erfaring med hundar i fra slekt/venner tidligare. Har aldri hatt ansvar for ein liten kvalp, men er innstilt på å gjere ein god jobb og ta i mot alle råd eg får! Tar gledelig i mot tips
  9. Hei! Eg er heilt nyregistrert her, heilt utrulig at navnet mitt passa som brukernavn. Har vert innpå fleire gangar før og lest, men i dag ville eg skrive noko. Så til grunnen at eg registrerte meg: eg og sambuar ønsker å skaffe hund innen kort tid. Det blir mest sannsynlig Wheaten Terrier, men vi må sjølvsagt besøke ein oppdrettar og helse på nokre før vi bestemmer oss :-) Spørsmålet er då om vi skal få hunden i sommarferien eller før jul. Begge er studentar(22år) med varierande lengd på skuledagar, og kan avogtil skippe forelesing (ikkje alltid obligatorisk). Derfor vil det vere lurt å få kvalpen i sammanheng med ein ferie, slik at vi kan vie full tid til han. Men noko som er ein stor fordel er at eg har fri dette halvåret, jobbar kun som ringevikar. Derfor kunne det kanskje vore lurt å fått kvalpen rundt mai/juni(veit dette er snart, men dette er noko vi har tenkt på lenge!), slik at eg då kan la vere å ta på meg vakter når kvalpen er ung og tilpassar seg. Vil det då vere problem å ta med hunden heim i sommarferien? Bør kvalpar vere på same stad heile "startfasen"? Har ikkje funne noko særleg om dette når eg har lest på nett. I feriane er eg og kjærast glad i å vere heime hos familiane våre, og kunne tenkt å hatt med kvalpen til kvar vår familie(dei bur 50 min frå kvarande), sånn i juli f.eks. Vil dette berre bli forvirrande for vår lille krabat? Håpar eg har plassert spørsmålet i rett tråd. Tar gledelig i mot tips Studerar i Bergen og heimstad er i Sogn og Fjordane.
×
×
  • Opprett ny...