Hei! Eg er rimeleg fersk her inne, så veit ikkje om denne tråden høyrer heime her eller ikkje, men statsar på det sidan det trass alt heiter hundeprat
Eg er litt nysgjerrig på rasen whippet, og håpar nokon som har denne rasen eller har erfaringar med den vil ta seg tida til å svara på nokre spørsmål
Eg og min kjære er begge veldig fasinerte av denne rasen og vurderer den som ein hund nr 2(me fekk for ein mnd sidan ei nydeleg lita boxertispa i hus, så ein eventuell hund nr 2 tilhøyrer uansett ei fjern framtid til. Me har foreløpig meir enn nok med ho tutta med har;) Men det stoppar oss ikkje i å drøyme for dét!) Men me er usikre på korleis ein whippet hadde gått saman med boxer, med tanke på størrelse/robusthet når hunden er kvalp og når den er vaksen. Er det nokon som har desse to rasane saman? I tillegg lurar me på korleis whippet er, sånn generelt, som kvalp og vaksen? Me har og lese at sjølv om whippet er mynde, så er den "mindre typisk mynde" enn mange av dei hine mynderasane, kva meinast med det? Kva vil det seie i praksis?
Det vart litt mange spørsmål her no, men håpar nokon tek seg tida til å svara:)