Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Innlegg skrevet av Bellare

  1. Har ei stund vurdert å prøve ut fløyte når det kjem til innkalling. Det lille dyret som tusla etter matmor og kom når eg ropte slutta jo raskt etter at dyret fylte 4 - 5 mnd. og har i godt over eit halvt år vert langlineavhengig. Kunne eigentleg tenkje meg å sleppe langlina og la den henge etter, men sidan dyret fint kan finne på å fyke avgårde om ho ser ein person og/eller ein hund, så tar eg ikkje den sjansen.

    Har jo dermed hørt at fløyte kan (ikkje nødvendigvis sjølvsagt) føre til ei sikrare innkalling. Men blir litt usikker på korleis eg skal starte innlæring av det.

    Skal eg "fløyte" idet ho kjem springandes mot meg og gjerne hoppe, sprette og vere morosam, og samtidig rose, belønne og gjerne leike når ho har komt til meg? Altså prøve å oppføre meg som ein skikkeleg raring og vere den mest morosame personen i heile vide verda? :P

    Eller finst det betre innlæringsmetodar på fløyta?

  2. No jobbar eg i ein ferskvaredisk bak i ein matvarebutikk, og eg har sett hund i butikken to gangar. Hund i matvarebutikk er ikkje greit med mindre det er ein førarhund som gjer ein jobb. Ein veit aldri kven som er allergisk og ikkje, og kva om hunden drar med seg baseluskar inn i butikken og spreiar dei til diverse matvarer?

    Ser heller ikkje poenget med å dra med seg ein hund inn i ein matvarebutikk. Plutseleg kjem det ein person som er hyperallergisk og skal prøve eit plagg som er fullt av hundehår...

    Einaste gangane eg drar med meg frøkna inn på eit shoppingsenter er når vi skal på dyrebutikken eller om eg skal ein svipptur innom postkontoret for å hente/poste ein pakke. Det ligger opent, rett ved inngangsdøra til shoppingsenteret.

    Ein ting eg har merka meg er at mange senter kun har "hund forbudt" skilt ved ein eller to ingangsdører, men dei resterande dørene ikkje har slike skilt.

    Har dere aldri hunden deres på kjøkkenet, da?

    Sist eg sjekka var det ein vesentleg STOR forskjell på eit privat kjøkken heime, og ein offentleg matbutikk der alle moglege mennesker handlar.

  3. Er da enkelt å mentaltrene ein hund sjølv om den ikkje går laus. Lær hunden lydighetsøvelsar og diverse andre morosame/hjelpsame triks. Tren spor (pølsespor t.d), det er super trening og ikkje minst kjekt! Om du MÅ ha hunden laus for å trene den, så anbefalar eg langline sidan du helst skal ha kontroll over den, spesielt med tanke på det at den kan gå etter mennesker.

  4. Å ha eit spesifikt rasenamn i kennelnamnet er ikkje så bra med tanke på at du plutseleg ein dag kan avle på ein anna rase. Norsk kan vere litt negativt om du skulle få kjøparar frå andre land og diverse. Når eg skulle søke hadde eg så mange rare og teite namn at eg til slutt fekk tips om å bruke f.eks. dei to første bokstavane i fornamn og etternamn, samt ein Z eller X heilt på slutten så ein slepp den teite 's greia. Dermed endte eg opp med Sikvax liksom (som eg enda ventar på skal bli 100% godkjend) :P

  5. Obsideisan, gjekk litt fort i svingane sidan frøkna måtte så fælt ut på do... Men uansett, ser også ut som at selen sitter greit på ho, hadde den på mens eg gjekk ei runde rundt i nabolaget, og den sklir ikkje når ho vimsar rundt histen og pisten. Er godt mulig er reagerte litt fordi på y-selen har så stor halsopning.

    Verka som at ho følte den var litt ubehageleg når ho drog, men det kan kanskje vere fordi ho er vandt til ein y-sele som sikkert har eit anna trekkpunkt?

    Hadde eg berre hatt litt peiling på selar, så hadde dette sikkert ikkje vert så vanskeleg :rolleyes2:

  6. Nett fått Gresshoppa selen eg bestilte til Pia, men vart litt usikker på størrelsen. Det var ingen størrelsesguide på iPet.no der eg bestilte den, og fant vel ikkje så mykje størrelsesguide andre plassar heller når det kom til selen. Bestilte den i halsopning 30cm sidan det er det ho brukar på halvstrupen sin.

    Selen verka litt trang å få på, mulig det er fordi det ikkje er klips-opning, men sånn ein på tre over haude for så å tre labbane ut i riktig opning. Selen sklir framover så sant den ikkje blir trekt bak, og eg får akkurat plass til to fingrar mellom selen og huda på sida. Kanskje ikkje så enkelt og sjå på ein slik pelsdott som det her, men ser det ut som at selen sitter som den skal, eller burde eg gått opp ein størrelse? Følte liksom den vart litt liten...

    315003_10150861882820468_791750467_21148984_1271351634_n.jpg

    296525_10150861882410468_791750467_21148981_2089150148_n.jpg

    299946_10150861881935468_791750467_21148979_711798256_n.jpg

  7. Nei, er som med dei fleste andre hundar. Dei treng sosialisering, miljøtrening, tur og mentaltrening. Og dei fleste Coton eg har møtt på utstillingar verkar som rolege og harmoniske hundar. Sjølvsagt så kan det vere miljøet der og då også sidan det er mykje som føregår på ei utstilling, men jah.

    Pia er av den usikre typen. Kan reagere (bjeffe) på enkelte mennesker, og nesten alt av hundar. Mamma har litt kontakt med eigarane til søskena til Pia (mamma er oppdrettaren til Pia) og etter det eg har hørt, så er dei glade og harmoniske hundar som elskar nærmast alt, og som er med på stort sett det aller meste. :)

  8. Drog med meg det lille udyret bort i parken i dag. Sol, blå himmel og knappe 2 plussgrader er vel ingenting og sei på? Var bra vått i parken i dag, men trur ikkje frøkna brydde seg noko særleg. Ho var meir opptatt med å rase rundt, ja... og kjefte på forbipasserande sjølvsagt.

    308104_10150857771950468_791750467_21125001_984790152_n.jpg

    1.

    320249_10150857772120468_791750467_21125002_1013260061_n.jpg

    2.

    312697_10150857772945468_791750467_21125005_1624149326_n.jpg

    3.

    299875_10150857777345468_791750467_21125037_1552627285_n.jpg

    4.

    318336_10150857781940468_791750467_21125075_1705412196_n.jpg

    5.

    310181_10150857782115468_791750467_21125077_1896792725_n.jpg

    6.

    301023_10150857783010468_791750467_21125088_2030448867_n.jpg

    7.

    291752_10150857785155468_791750467_21125111_1846941105_n.jpg

    8.

    316172_10150857785355468_791750467_21125113_409099439_n.jpg

    9.

    295769_10150857786365468_791750467_21125123_742727346_n.jpg

    10.

    312911_10150857788125468_791750467_21125140_277942992_n.jpg

    11.

    302499_10150857788590468_791750467_21125146_778033818_n.jpg

    12.

    314495_10150857789655468_791750467_21125155_1357406966_n.jpg

    13.

    306398_10150857790435468_791750467_21125164_1565336234_n.jpg

    14.

    316695_10150857790860468_791750467_21125169_1034237146_n.jpg

    15.

    312275_10150857793315468_791750467_21125202_753106787_n.jpg

    16.

    316574_10150857793500468_791750467_21125204_1585324203_n.jpg

    17.

  9. Både eg og mamma (som eg fortsatt bur hos) har Coton, og det er ein herleg rase! Når det kjem til det med at dei er allergivenlege, så kjem det heilt an på kva ein person er allergisk mot, så folk kan reagere på ein Coton. Dei er røytefrie og mister pels som vi mennesker mistar hår, ein fin ting med det at ein ikkje finn pelsdottar over alt.

    Sidan vi no har to Coton i hus, der eg har trent begge to, så ser eg stor forskjell når det kjem til innlæring av øvelsar. Mamma's Coton tok ting mykje raskare enn min, men dei begge går fortsatt under kategorien lettlært. Men det kjem litt an på individa, enkelte tek ting raskare enn andre.

    Dei krev ein del pelsstell ja, og det er noko ein starte med med ein gong etter at kvalpen er i hus. Hos dei fleste oppdrettarar blir kvalpen tilvendt både pelsstell og kloklipp, så det er då din jobb å fortsette på denne jobben. For du vil ikkje ha ein hund du må "slåst" med for å klippe klør og børste pelsen på.

    Men ja, du kan klippe dei. Hugs berre på at det tek rundt 2 år før pelsen er fullvokst igjen. Men på grunn av at Coton kun har "hår" og ikkje underull som dei fleste andre rasar, så er det ein rase som bør bruke ein varmedress på vinterstid.

    Men for all del, Coton er ein super og allsidig rase som kan vere med på lange turar i skog og mark til korte turar rundt om i nabolaget (du bør sjølvsagt gi dei lange turar nokre gangar i veka), det er ein super rase til agility sidan dei er så raske og snur på ein femøring, dei kan brukast til freestyle og lydighet.

    Det negative er at dei er ein varslar. Men om ein er obs på det frå dei er små, så kan dette trenast vekk. Eg har fått meg ei utfordring med mi sidan ho utagerar (bjeffar) på dei fleste hundar, men ho er på betringens veg. Mamma's Coton synest alt og alle er supre, og så sant ho får kos av mennesker, uansett alder, så er ho storfornøgd! :)

  10. Etter ein spasertur tidlegare i veka såg eg ein mann som sykla med ei Schipperke gallopperandes ved sidan av. Kan vel sei eg fekk blod på tann og har no svært lyst til og prøve å sykle med mitt lille udyr. Sist eg sykla med hund (BC) for nokre år sidan endte det i bråbrems og kræsj i mitt eige sykkelstyre, ikkje særleg behageleg akkurat... Derfor blir jo springer eit "must". Men etter å ha søkt litt rundt på nettet har eg sett to typar. Den "vanlege" og ei slags stang som står rett ut.

    Kva type er å anbefale når det er snakk om ein liten hund ein skal sykle med?

    Når det kjem til tilvenning av springer og sykkel er det vel lurast å gå/trille sykkelen mens hunden er festa til springeren den første tida, for så å sykle saaaaaakte og små mini mini turar? Og prøve å halde oss vekke i frå asfalt?

  11. Kastrering er ikkje ei sikker løysing til alt. Hunden kan forandre atferd til det positive, men han kan også forbli som han er, ingen garanti. Når han begynner å knurre om du skal ta i frå han noko, trekker du deg unna?

    For det høres på ein måte ut som at faren din er øvst på rangstigen, så kjem bikkja, så du...

  12. Eit frustrerandes problem ja. Kjenner til det der! Jobba med frøkna mi i rundt 4 mnd. før eg såg tydeleg framgang, og enda kan ho finne på og "dette tilbake" i gamle spor, og eg må jobbe ekstra hardt for og få ho opp igjen på dagens nivå. Ho har då aldri hoppa mot/glefsa mot andre, men ho gneldrar. Gneldrar, gneldrar och gneldrar! Spesielt på hundar, men også enkelte folk.

    Kan vel ikkje komme med så mykje anna tips enn det å trene mykje på kontakt. Om det er ein hundeklubb som arrangerar sosialtreningar ein eller to gongar i veka, så anbefalar eg deg på det sterkaste å reise på dei. Der får du veiledning, og sjølv om alle dei andre gjer ein ting, så kan du godt gjere noko heilt anna for å jobbe med å få hunden din til og bli tryggare (om det er usikkerhet?).

    Ros når ho er stille og prøv å få kontakt når ho bjeffar/utagerar. Ellers vil eg faktisk anbefale deg å gå mykje tur i trafikerte gater. Frøkna mi har blant anna gått i frå å ikkje tåle ei einaste sjel, til no å tusle stille og roleg (så sant ho ikkje ser ein anna "skummel" hund) på tur utan å utagere. :)

    Men du må ta tida til hjelp.

    Også mulig ho reagerar på nervane dine om du går med hjartet i halsen på tur. Det gjer mi nemleg :rolleyes2: Får håpe du får hjelp av hundepsykologen og på passeringskurset :)

    • Like 1
  13. Ja, virkelig. Vi har vært i kontakt med både NKK og Raserådet lenge og vet fint hva vi kan og ikke kan. Jeg spør om det er ok å drive med oppdrett på den måtten.

    Det er ikkje OK å drive avl på den måten der nei. Er ikkje kun helsa som skal vere i orden på ein hund før den skal kunne brukast i avl, mentaliteten må også vere på plass :)

    Det einaste ho oppnår er å øydelegge ryktet til rasen og sitt eige rykte.

    • Like 1
  14. Finn.no er vist ikkje bra for helsa. Sitter her og har så lyst til og ringe enkelte av dei som har kvalpar no. Men det går jo sjølvsagt ikkje :thumbsdown:

    Men etter å ha sett på haugevis med kvalpebilder, så ser eg at enkelte har meir markert pels (langhåra) på blant anna øyra, mens enkelte har svært lite. Er jo heilt fersk når det kjem til Saluki, men ein god oppdrettar ser vel om kvalpane blir langhåra eller korthåra når dei har vakse litt?

    Har tisper mindre pels enn hannhundar? Eller er det individuelt frå hund til hund?

×
×
  • Opprett ny...