Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Innlegg skrevet av Bellare

  1. Det her må vere tidenes verste sommar... Får beskjed om at bestefar har fått lungekreft, nokre dagar seinare kjem beskjeden om at det er med spredning og at han ikkje har så innmari lenge igjen. Dagen etterpå ringer pappa med beskjed om at onkel er funne død heime i si eiga seng. Bestefar blir dårleg og innlagt på lukka isolat, kun flaks at dei fikk alt "opp og gå igjen" så raskt, då alle prøvene var heilt på bunnen når han kom inn. Får vidare beskjed om at han ikkje kjem til og få meir behandling enn den eine kuren han fikk, sidan han ikkje vil tåle det. 

    Og opp igjen på det heile er det nærmast full krig mellom eit par familiemedlem, då den eine er meir opptatt av seg sjølv og å slenge dritt om den andre som faktisk er der gjennom alt. 

    Ser også ut til at den eine lille sjansen for meg å komme meg litt vekk i sommar, gikk rett i vasken. Herlege greier!
    Snart 4 dagar ut i ferien og eg har mest lyst til og grave meg ned allerede.

    Passar ein tysk jaktterrier den her veka, og for ein behageleg hund å ha i hus! Han og Hera er full match :D 
    I tillegg er mamma her med sin hund, men 5 bikkjer i samme hus går overraskande greit og roleg for seg altså. Einaste som kan vere litt knot, er at begge hannbikkjene er kjent for å ikkje gå så greit overens med andre hannbikkjer. Så Fenris er stort sett ute på gangen, og ellers har vi 2 utegardar (ein med og ein utan tak), så en eller begge kan vere ute.

    Nokon hadde glømt å lukke døra mellom gangen og kjøkkenet utan at eg var klar over det, så eg slapp tyskeren ut av buret sitt når han var ferdig og ete på kvelden. Han sprang rett ut i gangen, der Fenris var, så eg fikk jo nærmast full panikk på heile greia. Og det einaste som skjedde, var at tyskeren snuste på søppelposen som sto der, mens Fenris iherdig prøvde å invitere han til leik :teehe:

    • Sad 7
  2. Av dei 10 nye Faverolle egga eg fikk, kom 7 herlige små nøster på torsdag og fredag. Ein nysgjerrig liten gjeng som no bur i eit hundebur på badet. Satsar på at det er nokre høner der, for dei to som klekka forge gong, er begge hanar. Men den eine Silverudds blå'en, trur og håpar eg er ei høne. 

    Og på torsdag blir fem av mine åtte Brahma påskedinosaurar sogningar. Dei ser verkeleg ut som dinosaurar når dei springer avgårde! Er ein fin hane blant dei fem, som har fått namnet Ludvig. Syns han er så innmari fin, at det er på nippet at eg vil behalde han sjølv. Men eg kan ikkje behalde alle fine hanar sjølv heller... Så no må eg berre finne ut av kva tre høner eg ønsker å behalde sjølv, det er ikkje så enkelt gitt :P 

    Så no består flokken av:
    5 Hollandsk Dverg
    1 Kobberhalsa Maran
    2 Tverrstripa Maran
    2 Cream Legbar
    1 Silverudds Blå kylling
    9 Faverolle kyllingar
    8 (snart 3) Brahma kyllingar/ungdyr

    36889858_10160512036810468_7852026993997512704_n.thumb.jpg.298bd420b56d6a73bb145a897bd84cdc.jpg

    36865330_10160512038700468_3319232154633764864_n.thumb.jpg.1f7b8a95666b0c6e3d2f6f1988aa0c03.jpg
    Håpar denne er ei høne :D 

    36885793_10160512037215468_7632385196863520768_n.thumb.jpg.c6bd86b91d04e04c89d531a38ef5b250.jpg
    Ludvig

    36863520_10160512037645468_5819977425370480640_n.thumb.jpg.b5693abfdb84832373ea61e41a01f3f3.jpg

     

    36992465_10160512037205468_1302023690879238144_n.jpg

    • Like 1
  3. 17 timer siden, Red Merle skrev:

    Whippet er veldig interessant. Men de virker utfordrende å ha løse ? Ikke et stort problem, i det dagelige.. Men jeg foretrekker at hunden kan være løs på hytta uten å stikke (det er ikke husdyr der, men campingplass noen hundre meter unna).

    Så og seie alle eg veit som har Whippet, kan ha dei lause utan problem med at dei stikker. Men dei har jo, som mange andre rasar, eit jaktinstinkt som kan slå ut om man ikkje er litt obs.

    Etnahund, veldig lik på Whippet føler eg. Men kanskje litt meir førerorientert? Ei potet som fint kan gå i frå late dagar under eit pledd i sofakroken, til lange fjellturar. Likar å få brukt seg både fysisk og mentalt, elskar å få springe laus og herje rundt.
    Krever ingen pelsstell, men dei røytar og pelsen er bortimot usynleg sidan den er så kort. Minuset er at det er stikkhår, og dei er vonde når dei sitter som ei flis i foten og klør(!) når dei har surrar seg inn i bh'n :teehe:

    Dei har eit voldsomt jaktinstinkt, men dyret her har fortsatt til gode og stikke av. Ho har gått laus i frå dag 1, og held seg alltid i nærleiken. 
    Ingen gneldrebikkje, men varslar når det kjem folk. Men det er vel ein treningssak.
    Bør ha dekken på kalde vinterdagar og kraftige regnværsdagar. Dyret her meinar også det er på grensa til dyremishandling og gå turar i surt drittvær, ho er liksom ikkje så vanntett :P 

  4. Akkurat nå, Ingidano skrev:

    Ville gått for en internettpakke i vert fall. Det er positivt for ett evnt fremtidig hussalg at dere har fiber :) Om dere er fornøyd med kanalene dere har i dag, så trenger dere sikkert ikke flere?  Så lenge kabelen ligger der, så har dere sikkert mulighet til å velge TV i tillegg senere. Det er dyrt å få inn fiber utenom utbygging.

    Ja, vi har tenkt og få lagt inn fiber no når dei har tenkt å bygge ut her. Blir berre litt usikker på kva som er best og lurast og velge av dei forskjellige tilbuda, og kor stor hastighet(?) vi eigentleg har bruk for, når vi kun brukar nettet til netflix, viaplay og den slags + enkel surfing.

  5. Fikk brev om fiberutbygging i området her, og dermed også tilbudspakke på fiberpakke. Men ikkje finner eg noke særleg med info på heimesida til dei som har tilbudet, og ikkje anar eg kor mykje internett vi treng. Per i dag har vi kun 100gb mobilt breiband liksom :P 

    Tilbudet er på
    - Get box mikro med opptak (Get start m/50 poeng) og internett med 300 mbit/s
    - Get box mikro med opptak (Get familie m/110 poeng) og 500 mbit/s

    Av tv har vi per no riksTV, som vi har gratis pga. pappa som har fleire kort.
    Nokon her som har innspel i kva som er bra? Bør vi velge med Get pakke eller kun internett som enkeltprodukt? Og kor mykje internett? 

  6. Akkurat nå, Raksha skrev:

    Hvor lenge vokser høns i størrelse? Mine småttiser er nå 6 uker og har flyttet sammen med de andre, men syns de er så gruelig små. Siden jeg ikke aner hva de er blandinger av så er det håpløst å gjette hvor store de blir. 

    Varierar nok på rase og størrelse, men vil tippe til rundt 20 - 30 vekers alder, sidan det er rundt dei tider dei fleste begynner og verpe

  7. 1 time siden, laikamor skrev:

    Så kjipt å miste så mange, men koselig med de som ble klekket  :)

    Begynt å drømme om høner om vi får oss en egnet plass en gang. Har sett med ut brahma, da jeg liker størrelsen. Kan ingenting om høner, så foreløpig det eneste jeg har å gå på ? Men er det greie høner? Hvordan er det med egglegging? Har forstått at større høner gjerne legger sjeldnere egg enn mindre høner? Er brahma greie førstegangshøns, om det er noe å tenke på? 

    Har ikkje så mykje og sei om Brahma enda, då desse er mine første, og dei kun er 3 mnd gamle :P Men dei er, enn så lenge, veldig greie. Dei elskar og gå fritt ute og rote rundt i buskene, men dei er som ungdom flest; dei er nemleg ikkje så gira på og gå inn og legge seg for kvelden, og det er alltid en som springer rundt med meg på slep på kveldstid :teehe:Dei var heilt ekstremt sosiale når dei var mindre, men etter at dei fikk komme ut på dagtid, er dei blitt litt meir sky, i vert fall når dei er ute.

    Dvergane her legger ikkje stort meir enn dei store (Cream legbar og Maran) då, men føler CL hønene legger oftare enn Maran høna.

    Det viktigaste er vel å lage større plass enn du trur du trenger, blir fort bitt av hønsegalskapen :teehe:

    • Like 2
  8. Bestilte meg 20 rugeegg (post-egg) for ein knapp månad sidan, og på laurdag var det klekkedag her. Sjølvsagt blir det problem på strømlinja fredagen og eit tre over linja på laurdagen. På laurdagen var det komt ein sprekk i det eine egget og over midnatt til søndag var det komt en liten Faverolle til verden. I løpet av søndag morgen kom det en til, og utover dagen såg eg ein Silverudds Blå som var på veg ut. Sistnevnte hadde fått hinna tørka fast i seg, så den måtte ha hjelp ut. 
    Og der stoppa alt opp. 

    Etter siste lysinga satt eg igjen med 12 egg, då dei andre var ubefrukta og stopp i utviklinga. Så etter kun 3 klekk, var det grueleg kjedeleg når dei resterande 9 egga var fult utvikla, men døde.

    Men i dag kom rugemaskina mi i posten (har kun lånt ei fram til no), og ho eg kjøpte Faverolle egga av, er så fantastisk snill at ho tidlegare i dag, sendte nye egg. Gratis! Så då får eg håpe det går betre med neste runde!

    34864476_10160398334355468_872145495168909312_n.thumb.jpg.f50c07ecef4157437d6194fb74178df6.jpg
    Tre trøtte små :wub:

    34984475_10160398334520468_706186026116186112_n.thumb.jpg.1f7a885d9f22ca48099d11e877279d33.jpg

    35062856_10160398334580468_659242832434823168_n.thumb.jpg.59f277188e1154021dc2010d4bde3321.jpg
    Lille SB kyllingen som måtte ha hjelp. Fascinerande og sjå korleis dei får plass inni der!

    5b1ea6511ef86_HnsMini_5107.jpg.777ac08f8a9816015030b0653b3a8ff7.jpg
    Hanefar Lars, stakkarn syns tydelegvis det er slitsomt og passe på både store og små ein heil dag :teehe:

    5b1ea6522bfb7_HnsMini_5117.jpg.d209ee42bfd76169b81d916fa8ce1b16.jpg
    Brahmakyllingane (påskekyllingane) har begynt og bli store, 3 mnd. gamle!

    5b1ea652960ca_HnsMini_5160.jpg.855fa4365d67a7f68cff32c11a58c3b8.jpg

     

    • Like 1
  9. 2 timer siden, Meg skrev:

    er det like stor forskjell på dem om du holder dem med i trav? 

    eg ville ikke brukt nakkeline på disse 

    Ja, for når ho først er lei, så er ho lei. Aller helst burde ho vel gått med den andre grå i springer, men skulle vi møte på vilt får sambuar eit lite problem om han har begge :P 

    1 time siden, Heidihj skrev:

    Jeg ville ikke ha brukt nakkeline. Min erfaring er ihvertfall at det blir veldig demotiverende og tungt for begge om man kobler sammen en motivert og en mindre motivert hund. Den motiverte må plutselig dra med deg den andre (i halsen), og den demotivert blir dratt med. Det kan jo såklart slå ut andre veien, men jeg ville ikke satt på nakkeline her. Hadde også sløyfa hanefoten, og gått for to kobbel. Det blir mye morsommere for hun som trekker. Da blir hun ikke begrensa av den andre. 

    Det kan jo være at dere har et for høyt tempo for elghunden her? Ikke alle et komfortable med høy fart og galopp.

    Hera er veldig vimsete og kan fort springe ut mot grøfta og nærmast stoppe, så føler hanefoten har hjelpt litt med at ho må holde litt meir fokus sidan ho er kobla så tett med Catania då. Men får prøve og sjå korleis det går med to kobbel.
    Vi har normalt lav fart med litt intervallar innimellom, men aldri type veldig høg fart pga. dei to grå.

    1 time siden, Malamuten skrev:

    Jeg ville hatt to bånd istedet eller at hera festes lengre opp på båndet. 

    Får prøve det på neste tur! :) 

    • Like 1
  10. Korleis er det å bruke nakkeline på to bikkjer på forskjellig "nivå" forran sykkel? Catania trekker godt på framover, mens Hera går fort lei og blir fort hengande litt etter... Per i dag er dei kobla ihop med hanefot, men alt blir så skeivt på Catania når ho trekker på som juling framover, mens Hera henger etter som eit anker bak. 
    Når Hera først er i slaget og finner ut at ho skal jobbe, då jobbar dei veldig fint ilag.

    Slenger med ein gammal film frå i fjor, ca sånn er det når ho begynner og gå lei. Til tider enda verre.

     

  11. 6 minutter siden, Raksha skrev:

    Åh har både bra og dårlig om dem ja. Krysser fingre for full pott på neste runde også :D

     

    Jepp, men slik er det vel med det aller meste. Noken er superfornøgde, andre overhode ikkje :P 

  12. 7 timer siden, Raksha skrev:

    Hvaslags rugemaskin låner du @Bellare ? 

    Vi fikk kyllingene fra barnehagen på fredag, og de har flyttet inn i stua og er så utrolig kule! Digger dem :D Gruer meg til å kaste dem ut av stua jooo... men regner med at om en liten mnd så er det helt greit likevel :lol: De vokser og øver seg på å fly og i det heletatt. 

     

    Covatutto eit-eller-anna. Likar den overhode ikkje, men av dei egga med liv i som eg ruga ut forge gong, vart det full pott på klekkinga. Så då satsar eg på at det går like bra denne gangen :P 

  13. Brahma kyllingane er 7 veker i dag, og sidan dei har blitt så store, flytta eg dei inn til dvergane. Stakars dvergane skjønte ingenting, brått vart dei innvadert av ein gjeng "drittungar" på heile 8 stykk! :teehe:

    Blitt fullstendig bitt av hønsebasillen. Vurdert opp og ned og i mente om eg skal bestille meg ei rugemaskin snart, men kunne enda berre låne den eg ruga ut Brahmaene i. Så no har eg bestilt meg 10 stykk rugeegg av stor Faverolle. Prøvar å komme i kontakt med ei dame til, i håp om og få bestille nokre rugeegg av Silverudds Blå, fortsatt ikkje fått noke svar og eg eig ikkje tålmodighet!

    No som det har vert ganske fint vær dei siste dagane, syns eg det er superdigg å la dørene hos hønene stå opne, så dei kan gå ut og inn som dei sjølv vil. Dessverre har vi minst ein katt som har rekt rundt her den siste veka, spesielt luska rundt nede med inngangen til hønene. Så når sambuar skulle lukke inn dei store hønene i går, etter eit par timar ute i finværet, kom han ned til katten som sto rett på utsida av dørterskelen og store Lars (Maran) rett på innsida... Dumme katt, ødelegger for all friheten til hønene :( 

     

    • Like 2
  14. Etnahund er ein sjeldan rase her til lands. Meg bekjent, er det vel under 100 individ i Noreg. Er jo uhyre få som har hørt om rasen, og tenker det kanskje kan ha litt med at folk som er på utkikk etter ein familiehund, gjerne ikkje ser så mykje på gruppe 5 hundar? Spisshundar er jo "kjent" for og vere meir lauskjefta og urhundar muligens meir stri, egenrådige og sære.
    Dei er jo heller ikkje den enklaste rasen og skaffe seg, då det er svært få kull både her til lands og i nabolanda.

    Sjølv kom eg over rasen reint tilfeldig, var jo slettes ikkje det her eg var på leit etter ein gong. Men jo meir eg las, jo meir lot eg meg fascinere :P 

    • Like 1
  15. To alternativer som har funka her:
    1. Gå roleg men bestemt bort og ta tak i hunden

    2. Springe i motsatt retning, rundt i ring, subbe med beina samtidig. Lys pipestemme, hoppe opp og ned og la naboane vere på nippet til å få deg tvangsinnlagt for særs unormal oppførsel :teehe: Være morsom, rett og slett. Ha med godbitar, leike eller whatever, så hunden forhåpentlegvis blir meir interessert i deg og ikkje alt anna. 

    • Haha 2
  16. På 8.4.2018 at 4:33 PM, Raksha skrev:

    Jeg kom akkurat på at kyllingene vi får vil være ca en uke når vi får dem, og jeg har aldri hatt så unge kyllinger før uten mor.  Hjeeelp?! De trenger nok og god varme, det vet jeg, og trekkfritt. Men hvordan forer dere så unge kyllinger? Hvilket underlag har dere? Noe mer det er lurt å vite? 

     

    Har pleid å fôre på oppdrett lett i 2-4 veker som eg har kjørt i stavmikser, før dei har fått heile pellets. Denne gangen hadde eg noko kyllingfôr liggande som eg fikk av ei venninne, og dei pelletsa er såpass små, så dei knuste eg ikkje. Bløyta kun opp litt i eit syltetøylokk som dei fikk den første veka. 

    Anbefalar den HER frå avem, til vatn. Angrar ikkje eit sekund på at eg kjøpte ein slik, unngår så mykje drit og griseri i vatnautomaten :P 

    Som underlag har eg brukt "tissekladdar", slike som er meint til å ha i senga. Dei passa akkurat inn i hundeburet dei budde i på badet. Og som varmekilde hadde eg kyllingmor. 

    I dag er dei 3 veker og har no flytta ned i løa til unghønene, i sitt eige store kaninbur så dei ikkje skal bli knerta av dei store. Der har dei fått flis, litt høy/halm og ei varmelampe som varmekilde :) 

    • Like 1
  17. Var å røntga Hera før påske, og no har begge resultata endeleg komt :D 
    HD: B
    AD: 0 

    5acbd01ecd75d_NKKBergenMini_4872.jpg.32198bffefec8560fd98af94b8766ad5.jpg

    Så var vi i Bergen på NKK utstilling i går, og der gikk det over all forventning! Skulle berre hatt den hersens elghundprøva, men får prøve oss på den til hausten :P 

    "50 cm. Utmerket type. Velformet hode. Korrekt bitt. Utmerket hals. Meget gode vinkler. Bra utviklet bryst. Sterk stabil rygg. Godt utviklet muskulatur, som gir henne gode bevegelser. Korrekt hale. Noe uttrøytet pels, men god struktur på det som er. God farge, med godt selemerke. Beveger seg godt. Fint temp."

    Excellent, CK, Nordisk reserve cert og plassert som 2 BTK.

    5acbd0885b442_NKKBergenMini_4867.jpg.e60f19c2cd8f85f23f03900ab29bf011.jpg

     

     

    Slenger med en film frå påska også :D 

  18. 1 time siden, Raksha skrev:

    Så fine! Hvilken rugemaskin har du? Drømmer om egen rugemaskin etterhvert om jeg ikke får noen gode rugere selv da. 

    Har ingen sjølv enda, men ønskar meg ei Kingsuro Rcom maskin! Starta i ei Brinsea- og avslutta i ei Covatutto maskin :) 

    • Like 1
  19. Her klekte vi ut kyllingar for ei veke sidan, så då kom det 8 små Brahma kyllingar. Planen er å behalde to-tre høner sjølv, så eg er spent på kor mange som er av kvart kjønn :P 

    Og for eit par veker sidan, fikk eg to stykk kobberhalsa Maran kyllingar på rundt 6-7 veker, dessverre mistenker vi at den eine fikk koksidiose, så den vart til slutt avliva. Men den andre, Lille Pip, lever i beste velgåande saman med dvergane. 

    Trine (tverrstripa maran) har endeleg begynt å verpe, så no ventar eg utålmodig på at CCL hønene skal begynne :D 

    Så her har eg no:
    2 Tverrstripa Maran (høne og hane)
    2 Cream Legbar (høner)
    1 Kobberhalset Maran (høne)
    5 Hollandsk Dverghøns (3 høner og 2 haner)
    8 Brahma kyllingar

    29572689_10160092316365468_5943382125310

    29663681_10160103203995468_2118942368_n.

    29547178_10160103202250468_1185150622_n.

    29541881_10160092316030468_2798917807917

    29511932_10160092316220468_1663864748799

    • Like 2
  20. På 14.3.2018 at 12:45 AM, KarolineS skrev:

    Hei!

    Ja, i Sogn og Fjordane:-) Tusen takk for tips! Har sjekka de ut og tatt kontakt, men det ser ikke ut som om de tilbyr pass på dagtid. Men enig, de ser ut som om de har fått masse gode tilbakemeldinger så verdt å vite om!

    Veit at ho i vert fall går tur og slikt med hundar på dagtid. Du har også "Let's walk heimekennel", ho held til på jølster :) 

  21. 2 timer siden, yurij skrev:

    Jeg har ikke prøvd enda, starter med Galastop rundt 1. mai for å prøve ikke spolere EM . For å fremskynde, ikke utsette . Skal du utsette må du sprøyte masse og det er 6 mnd karenstid fra effekten er ute . Galastop skal være uten bivirkninger

    Spelar i grunn ingen rolle om vi framskyndar eller utsetter, så lenge den blir flytta på for ikkje å spolere jakta enda ein gong :P Men det er ingen kreftfare ved bruk av Galastop?

  22. Elghundtispa i hus har valgt å legge løpetidene sine på veldig feile tidspunkt. Ho har ganske nøyaktig 6 mnd. mellom kvar, noko som atter ein gong vil føre til at neste løpetid mest sansynleg vil havne i begynnelsen av jakta igjen. Noko som igjen kan føre til at ho nok ein gong ikkje får blitt med på elgjakta. 

    Så er det nokon som har erfaring med å utsette den?
    Og erfaring med å bruke galastop for å utsette løpetida?
    Og korleis blir evt. løpetidssyklusen om den blir utsatt ein gong?
     

  23. Hadde samme problem med Pia, når ho var kvalp. Såg ho at vi skulle i bilen, stritta ho imot og ville overhode ikkje inn i buret eller bilen. Men ho kunne bli bilsjuk. Tok ho ofte med på små kjøreturar, men først etter kvalpekurs, der ho var mykje inn og ut av bilen + ho var sliten, så roa det seg veldig. Til slutt var det heilt greit og kjøre bil, hoppa frivillig inn sjølv og ingen problemer med hyling lenger.
    Så å slite han ut litt i forkant, kan muligens hjelpe :) 

    • Like 1
×
×
  • Opprett ny...