Gå til innhold
Hundesonen.no

Bustedamen

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bustedamen

  1. Hei, mitt første innlegg etter masse sniklesing Litt bakgrunnsinfo: Eg overtok ei voksen Jack Russell- tispe for 4 månader sidan (ho er 7 år) får ein småbarnsfamilie som ikkje følte dei hadde tid lengre. Dette er min første hund - eg bur åleine i by, og jobbar ved sida av studier. Eg er dønn forelska i bikkja^^. Det eg merkar etterkvart (ja, kort tid, eg veit) er at hunden virkar meir stressa no enn heilt i starten - forståeleg ettersom ho vert varm i trøya, går eg utifrå. Ho er åleine når eg er på jobb - dette er ho vane med frå før, og bjeffar ikkje dersom eg går ut døra - så lenge eg har fylgt 'reglane': Stå opp, tissetur, dusjing, frukost, ut døra. Dersom eg er frekk nok til å gå ut om kvelden derimot, bjeffar ho. Eg har ikkje stått og tatt tida på kor lenge ho gøyr, men ho er roleg når eg kjem tilbake (ho kan sjå meg på trappa - ligg i sofaen og kikkar heilt til eg dreg fram nøklane - då er det tid for velkomstkomité). Då eg først fekk ho, varsla ho på veeeldig masse (les: alt) som skjedde utanfor - dette har ho roa seg på no. På dei fyrste turane våre drog ho voldsomt for å koma fram til møtande hundar, men om ho fekk lov å helsa, var ho ikkje interessert i noko anna enn ein liten 'sniff' på den andre hunden. Dette har vorte verre; no gøyr ho av full hals ved synet av annan hund, dreg i bandet - men dersom ho får koma bort, snuser ho ein gong for så å ignorera fullstendig. Den andre hunden er jo no superoppmerksom, men er den dum nok til å prøva seg på ein liten snusing sjølv, kjeftar ho (dette varierer litt frå hund til hund - eg er ikkje erfaren nok til å sjå skilnad på oppførsel i møte med tispe, hannhund, unghund, etc). Det KAN virka som ho er meir nervøs (?) i forhold til store hundar - då kan ho bjeffa på hunden, men så snu seg og bjeffa på meg - som om ho seier OMG SER DU IKKJE DENNE SVÆÆÆÆRE BIKKJA OMGOMG SKAL DU IKKJE GJERA NOKO??? Dette skjer mest dersom eg får ho til å sitta (prøver...) og matar ho godbit mens den andre hunden passerer. Andre gonger fungerer 'sitt-og-få-snop-mens-hund-går-forbi' kjempefint...så eg har liksom ikkje noko mønster. Eg har hatt ho med 'innom' på jobb eit par gonger (stort kontor). Ho vert veldig stressa; pesing, nervøs vandring, og dersom eg er for treg med å bli ferdig med ærendet, set ho igang med skarp bjeffing mot meg (altså, fokuserer intenst på meg go gøyr, heilt til me beveger oss mot utgangen). Same situasjon på studiestaden min; her hadde eg i utgangspunktet drømt om å ha eit bur/ kasse til ho under pulten, men dei 2 gongene eg har prøvd å ha ho med, skjer samme stressa oppførsel som endar i bjeffing på meg, heilt til me beveger oss ut. Altså, så lenge me går rundt omkring er ho stille, men med eingong eg f. eks. står og snakkar med medstudentar i klasserommet, set ho igang med konserten FWIW så er det ein 5 min tur til jobb, medan når me kjem på skulen har me gått i godt tempo i 40 min (altså ikkje dagsaktiviteten til hunden, men som eit bilde på korleis me 'kjem inn i ' situasjonen). FWIW2 er Bustetrynet svært fokusert på meg - i den grad at andre bemerkar det. Eg har tenkt at det er naturleg for ein omplasseringshund - ho vart flytta frå heimen sin og no er eg det einaste sikre i tilværet... Pheeeewwww, lang artikkel...takk til alle som tek seg tid til å lesa Nokon meiningar om kva denne 'offentleg innandørs'- stressinga kan vera? Ho oppfører seg ikkje slik på besøk i privatheimar ( ho stressar litt, men ikkje på samme måte).
×
×
  • Opprett ny...