Hei! Eg treng litt råd om min engelske Cocker Spaniel på 2,5 år. Han er ein kjekk hund, men me er 6 i familien og ikkje alle er like populære. Min mann har heile tida av ein eller annan grunn vore upopulær hos hunden. Hunden adlyder stort sett aldri han, og hunden blir sint viss mannen min tullar med ungane eller meg (kitlar, leikesloss ol.). Då knurrar han, og stiller seg mellom mannen og oss andre. I det siste har knurringa eskalert, og me syns no det er litt ubehagelig. Han knurrar og viss me kjem for nærmt viss han har fått litt god mat i skåla, eller viss han søv og nokon kjem litt brått på han. Men dette er kanskje meir normalt? Han kan og knurra viss ein gjest kosar med han, og fleire kjem bort. Me forstår ikkje alltid heilt kva han vil med denne knurringa, men alle blir jo litt skeptisk når han gjer det. Eg må legge til at mannen min har aldri trekt seg vekk eller "gitt seg" i dei situasjonane der hunden er sint på han. Er det nokon som har råd, eller vil synse litt opp denne adferden? Eg vil gjerne at hunden skal vera lukkeleg, og kunna stola på at hunden er Ok når eg er vekke. Det er tydelegvis eg som er "sjefen" i hans auge. På forhånd takk! helsing nytt medlem. Sent from my iPhone using Tapatalk