Gå til innhold
Hundesonen.no

15 veker, biting..


9nemor
 Share

Recommended Posts

Jah. Der er me. Linus er ein på utruleg mange vis SUPER hund! Han er sosial, leiken, treningsmotivert, kjemepfin i lynne i møte med nye både menneske og dyr... Ja, lista er lang. 

Men. Den bitinga. Det er ganske leit for mellomstemor på 11 som ELSKAR hunden og gjerne vil gjere ALT med han - men så bit han rett som det er såpass hardt at det er vondt for ho. Ikkje HARDT hardt så det vert sår, men så hardt at ho tek til tårene (også fordi det nok gjer vondt i hjartet at gode vennen bit ho, sjølvsagt...) og det er tann-merke i armen, f.eks. 
Han gjer dette med mange - og det har ikkje med aggresjon å gjere. Det kan godt skje i leik (som han ELSKAR), når han vil sei ‘hei’, når han vert klødd... 

Då han var mindre øvde me veldig på det med bitehemming - at han fekk tygge på hendene våre, men me avbraut så fort det vart hardare enn heilt forsiktig (han er einebarn, så me kjende at dette kanskje var ekstra viktig). Det mestra han kjempefint etterkvart, så eg er ikkje så redd for at han skal bite HARDT. Men det er jo kjipt med den bitinga likevel - og det har hendt at han har gjort det same med menneske han ikkje kjenner veldig godt, t.d. mor mi. 

Eg tenkjer jo at dette er normalt for ein så ung kvalp, men vil likevel gjerne ha nokre tips, tankar og synspunkt på korleis me kan minimere dette? 

Så langt har me sagt ‘nei’ (ja, har valgt å gjere det rett og slett fordi det er så naturleg for ungane), og avbrote det me gjorde (leiken/kløinga...) og vore ‘kjedelege’ littegrann før me fortsatte. 
Prøver også å tilby han noko anna å ha i munnen (leike, pinne...), og rose når han tygg på det. 

Må også legge til at han tidlegare var ‘ram’ på å bite i kleda våre og dra - det har betra set ENORMT - så me har god tru ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har på alle mine valper kun brukt en metode for å begrense bitingen; hyle til med en litt høy skarp lyd, akkurat som en annen valp ville gjort hvis den ble bitt for hardt. Har alltid virket. 
Å si nei, fy osv.. skjønner ikke en valp. Et valpeskrik skjønner den instinktivt ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, simira skrev:

Har du lest gjennom andre tråder om samme tema? Det ligger en del gode råd der.

Ja, finn ein del fint - takk for tips ?

Akkurat nå, Sofie & Aska skrev:

Ville ikke latt han bite i det hele tatt. Driv med aktiviteter der han ikke biter og slit han ut med noe konstruktivt på den måten. Biter han så Avbryt det dere gjør. 

Nei, lar han ikkje gjere det heller altså, det var dei første par vekene me hadde han. Men aktivitetar der han ikkje bit kan vere så ulikt - han bit ikkje i same situasjon kvar gong, om du skjønar... Men for oss vaksne er det ganske lett å lese han og velge oppførsel/aktivitet/håndtering ut frå det. Vanskelegare for barna - som dermed oftare får munnen hans rundt armen... 

Eg trur nok me er på god veg - hadde berre ønskt det gjekk eeeeendå raskare framover ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Ivrig skrev:

Jeg har jo ikke så mye peiling, men satt og varmet opp til morgendagens valpehenting med denne:

 

Men ut i fra det du skriver så ser det ut til at dere  gjør alt riktig, og at det kommer til å gå seg til.

Takk - det gjorde godt å lese ?? 
Me må nok berre prøve å vere så konsekvente som det går an, alle i familien, så trur eg jo eigentleg det vert bra. Men det er vanskeleg for ho på 11, altså - ho er så følsom og empatisk, og synest så syyyyynd på Linus når ho f.eks. avbryt leiken - ho er så redd han skal tru at ho ikkje likar han eller at ho er sint på han lenge ? Nydeleg å ha kvalp i familien, altså - men ja, utfordrande også ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er også mest spent på 8-åringen. Han er heldigvis vant til litt «ville valper» fra Svigers, men det gjør jo vondt.

Jeg tenker JEG kommer til å trene en del slik som i videoen over. Så heller la minstemann leke dralek/apport (mer avstand til hendene) og trene enkle kommandoer osv. Leste et sted at det var smartere at de voksne leker med valpen, og barna trener. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Ivrig skrev:

Jeg er også mest spent på 8-åringen. Han er heldigvis vant til litt «ville valper» fra Svigers, men det gjør jo vondt.

Jeg tenker JEG kommer til å trene en del slik som i videoen over. Så heller la minstemann leke dralek/apport (mer avstand til hendene) og trene enkle kommandoer osv. Leste et sted at det var smartere at de voksne leker med valpen, og barna trener. 

Ja, lurt tenkt! Me har også skilt på det sånn, og ungane er knallgode til å trene med han (særleg ho her - mellomsta, altså ?). Men han kan finne på å bite ho i ein treningssituasjon også - viss han vert veldig gira/utålmodig/ivrig/eittelleranna... 
Men ja, trening, turar og draleik funkar supert for dei to yngste her å leike med han - særleg snusetur for då er han veldig oppteken av snusing og det trengst lite ‘handtering’ ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...