Gå til innhold
Hundesonen.no

Søndags EFIT


Bellare
 Share

Recommended Posts

Hadde eigentleg tenkt at vi skulle ta EFIT i går, men sidan dagen generelt sett var møkkakjedeleg og for det meste besod av «husmor» arbeid, tok eg det heller i dag. I dag skjedde det litt meir, nemleg. Som LP treningssamling i ridehallen frå kl. 10, samt litt frislepp og agilitytrening.

Agilitytreninga gjekk faktisk overraskande bra! Trente så vidt to gangar i sommar, og prøvde oss då blant anna på tunnellen, som Catania syntes var dritskummel på den tida. Prøvde den igjen i dag med litt hjelp frå Birthe (@Tipsi), og då var det null niks problem! Ho tok til slutt heile lengda av den korte tunnellen, utan problem icon_biggrin.gif

Knipsa litt bilder no og litt då, så tidspunkta er kun sånn cirka når dei er tatt.

IMG_4334.jpg
01:00 – Fant ut at det var på tide og finne senga, bruningen var forsåvidt enig i den saken.

IMG_4304.jpg
10:00 – Våkna til det her. Og fant til slutt ut at vi kanskje måtte komme oss opp og ut av senga, om vi skulle få gjort noko vetigt i dag.

IMG_4307.jpg
10:30 – Det plaskar ned ute, men vi kan ikkje snike oss unna morraluftinga gitt :P

IMG_4336.jpg
11:15-ish – Vi kom oss til slutt ut døra, og var på veg opp til ridehallen for og få med oss litt av treningssamlinga.

IMG_4339.jpg
12:00 – Står og glanar litt på alle andre. Og så fikk eg ei lita innføring av korleis eg kan lære inn «ruta» med bruningen icon_biggrin.gif

10710841_10154972487445107_6791583417760
13:00 – Trente litt fellesdekk med to andre som var igjen ei lita stund etter at resten av folket hadde reist. (Bildet er kidnappa av ei som var på treningssamlinga i dag).

IMG_4342.jpg
14:00 – Birthe ( @Tipsi ) kom, og vi hadde hallen for oss sjølv. Catania og Ivo fikk dermed herje litt rundt for og få ut litt energi. Trur det gjorde godt for bruningen icon_smile.gif

IMG_4348.jpg
14:30 – Vi trente litt agility før agilityfolket kom. Her susar Cataniaen gjennom tunnellen, wehooo! icon_biggrin.gif

IMG_4351.jpg
15:00 – Nett komt oss heim igjen. «Kva skjer no då, mutter’n?»

IMG_4355.jpg
16.00 – Var på tide og skifte på senga, så då fant eg fram vinterdyna i samme slengen *grøss*

IMG_4357.jpg
…. – Catania meinte ho måtte passe på det skitne sengetøyet, så det ikkje skulle stikke av! :P

IMG_4358.jpg
17:00 – Etter ein varm dusj, var det på tide med ein varm kopp kakao/Cafè au Chocolate blanding. Nomnom!

IMG_4318.jpg
…. – Det var også på tide med ein aldri så liten matbit icon_smile.gif

IMG_4361.jpg
18:00 – Slappar av med The Originals, og snorkinga til Catania i bakgrunnen :P

IMG_4364.jpg19:00 – Ser litt på all galskapen på Politipatruljen.

IMG_4366.jpg
20:00 – Sjekkar ut pris på den gule treningsvesten, så eg kan leite etter på Dogs4All og samalikne prisane litt. Fint med ein gul og kul vest med refleksar, som ein kan bruke som tur-vest no i mørketida icon_smile.gif

IMG_4369.jpg
20:30 – Ut og «prøvekjøre» dekkenet vi fikk av Birthe i dag. Catania var ikkje heilt begeistra for været :P

IMG_4370.jpg
21:00 – Vi er sofaslavar resten av kvelden, før vi skal finne senga. Så er det påan igjen med ei ny arbeidsveke i morgon tidleg.

  • Like 8
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for fellesdekktreninga, vi trenge det sårt! ;) (Gul Hurtta-vest; 799, kan leverast til deg på Dogs4all;))

Sjølv takk! Frostpinnen treng det også, er jo så kaldt og kjedeleg og ligge sååå lenge :|

Må ikkje friste sånn :P Men takk for tilbudet! Tenkte eg skulle sjå om det er nokon der som har eit aldri så lite tilbud. Skal heller ta kontakt om eg ikkje finn noko, så kunne du (om du skal så klart) levert på samlinga i Florø? :)

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...