Gå til innhold
Hundesonen.no

Varmt i bilen? Sjå hit :)


Recommended Posts

Etter å ha fått denne fantastiske "aircondition"-vifta montert i bilen, er det HEILT slutt på at hunderommet i kassabilen fungerar som ein steikeovn når me er på tur, så eg tenkte eg ville dela tipset i tilfelle det er fleire som har samme problem. :)

Mannen til tremeningen min har vore mekanikar i Tollvesenet i Belgia, og dette er nesten samme modell som Tollvesenet brukar i sine hundebilar, og det er altså då han som har stått for monteringa og trekking av det elektriske i min bil. :) Viftene fås kjøpt i dei fleste fargar og størrelsar for å matcha bilane dei skal monterast på (eg hadde kvit Caddy når han bestillte mi - men så plutseleg bytta eg bil... :P), og ein får med brytarar som monterast inn i dashbordet for styring av vifta. Ein kan velga om ein vil stilla vifta til å trekka luft INN i bilen, eller blåsa lufta UT, (og sjølvsagt av/på) og ein stiller styrken på vifta med ein brytar i dashbordet. Vifta koblast anten til batteriet til bilen, eller man setter inn eit eiget batteri til vifta, slik at vifta kan gå sjølv om bilen er slukket. Har no fått testa vifta i min bil på varme dagar (og med ca 190 kilo hund blir det ganske fort varmt og innestengt luft bak i bilen...), og denne fungerar PERFEKT, og held det godt og avkjølt i hunderommet. :)

Eit par bilder av vidunderet (beklagar uskarpe bilder, men eg krangla litt med autofokus) :)

post-11570-0-88338000-1371310688.jpg

post-11570-0-84959700-1371310691.jpg

post-11570-0-35716300-1371310694.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje fått den endelege prisen sjølv endå, men når den vart bestillt meinar eg han sa at prisen for vifta var rundt 1500-2500kr (om ikkje eg hugsar heilt feil). Så kjem sjølvsagt jobben utanom, men så effektiv som denne vifta er, så kunne eg med glede ha betalt mykje, mykje meir. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...