Jump to content
Hundesonen.no

9nemor

Medlemmer
  • Content Count

    49
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by 9nemor

  1. 9nemor

    Ute i hundegård - trening

    Hei! Linus er ute i hundegarden når me er på jobb. No vert det litt annleis sidan han er 7 mnd og har vore det heilt sidan me byrja åleine-trening - men nokre tankar likevel: Vere der saman med han, f.eks når det er helg. No er det jo kanskje kaldt og surt, men lage til (eller kanskje de alt har) eittelleranna inne i garden med tak som de kan sitje i. Berre vere stille, lese bok e.l.? Så gjere ærend inn, komme ut etter ei tid. Forlenge ‘innebesøka’ gradvis? Eg tenkjer at han er utrygg, at det er derfor han bjeffar? Og då trur eg det vil trygge han at de er der med han - tydeleg avslappa Lukke til, og god helg vidare til deg også! 🎶
  2. Det er litt nytt, dette, men no dei siste vekene bjeffar Linus på folk som nærmar seg. Dette skjer ute på tur, men også her heime - når han høyrer nokon kjem inn ytterdøra nede, f.eks. Ikkje voldsom bjeffing, men ‘boffing’ og så spring han mot vedkomande. I dag oppstod ein veldig dum situasjon då me var på stranda og leika - folketomt der som det pleier vere, så då leika me litt og kasta pinnar etc. utan band (men eg har alltid bandet i neven, klar til å koble på). Men brått kom det ein eldre mann gjennom skogen som var ute og gjekk. Linus bjeffa og sprang mot mannen - og hoppa opp på han 🙈🙁. Mannen var ikkje spesielt glad for dette, kan du sei - og dette kan me jo ikkje ha! SJØLVsagt kjem eg til å sleppe han laus sjeldnare framover, og truleg aldri når eg er heilt åleine. Men målet er jo at det skal gå heilt fint for han at menneske kjem og går. Eg opplever at han brått synest det er skummelt med folk som kjem mot han - har det med alderen å gjere? Han er jo leiken også, sjølvsagt - men han bjeffar aldri i leik (bjeffar generelt uhyre sjeldan), så eg tenkjer frykt/skepsis. Han har såvidt eg veit ikkje hatt negative opplevingar med menneske, altså... Ved møter får eg han ofte inn i ein ‘sitt’ før dei me møter kjem heilt nær - det fungerer sånn rimeleg godt, og då bjeffar han oftast heller ikkje. Men korleis trenar me med han slik at me kan sikre at han ikkje møter menneske negativt??
  3. Takk for svar! Heilt sant, og min konklusjon også, som nemnt - det blir langline i lomma på strandtur framover, uansett om der er folketomt. Sladretrening er godt tips 👍 Innkalling trenar me gjerne på saman, heile familien - det kan me nok gjere endå meir av ja.
  4. 9nemor

    Hvilken rase skal du ha neste gang?

    Ja, eller neppe akkurat same sidan me har blanding no - men han har mykje av labrador-papsen i seg, og eg ser i grunnen ikkje heilt for meg at det blir noko anna enn ein retriever neste gong. Men kven veit - då er me jo forhåpentleg riiimeleg mange år eldre, og har kanskje andre ønske og behov? Skulle det vore ein mindre hund, ser eg for meg ein mellompuddel - kanskje til og med dverg. Time will show - artig tråd, kjekt å lese kva de tenkjer 👍😊
  5. 9nemor

    Utfordrende tenåring

    Leik/sosialisering med andre hundar, likar han det? Det vert i alle fall Linus KJEMPEsliten av - og ein slags ‘tilfreds’ og kvileklar, endå meir enn etter ein lang tur.
  6. 9nemor

    Gi tegn for å må på do

    Litt på sida, men likevel: Når Linus tissa, sa me kvar einaste gong ‘tissaaa!’ med ‘oppfordrande’ stemme. Så no er det blitt ein veldig velfungerande ‘kommando’ - før me skal inn, f.eks., seier me ‘tissaaaa’ - så snusar han og tissar med ein gong Veldig praktisk! Hos han har elles halen alltid vore eit påliteleg teikn - når den struttar ut, er sjansen veeeeeldig stor for at han treng ein tur ut 😄
  7. 9nemor

    Akkurat nå august

    Ei venninne av meg og familien hadde heilt gitt opp, etter 4 veker. Kastrert ung hankatt som berre brått ikkje kom heim ein kveld. Men så kom han heim! 😊 Så ikkje mist håpet heilt, i alle fall - det er robuste dyr ❤️🐱 I dag har Linus-guten svømt! Du og du, kor kjekt det var når han berre våga å legge på svøm! 🥳🎶 Me bur 2-3 min. spasertur frå ei fin strand, og eg EEEELSKAR å bade, så dette har vore eit sterkt ønske - og derfor vart eg så inderleg gira då det løsna (me har vore nede og vassa nesten kvar dag heile sommaren 😉) 🧡👍🏊‍♂️
  8. Mi ferske erfaring: Linus er no 4 månader, og er no åleine opptil 6 timar medan me er på jobb og skule. (Me hadde ferie frå me overtok han og inntil for ei veke sidan). Det gjekk uventa fint med åleinetrening, altså! Me var førebudde på å ha han med i bilen/måtte heimom til han midt på dagen til han var minst 6 mnd.
  9. Linus sin første sele var ein sånn: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=182985761 (ikkje vår dette, altså - berre det første og beste bilder eg fann av akkurat rett sele ) Den sat såpass ‘tight’ framme at det aldri var noko bite-issue... men kanskje han berre ikkje kom på at han skulle prøve, kva veit eg? 😄
  10. 9nemor

    Valp biter når han blir ivrig

    Avledning har vore gull verdt her også - og det er heilt vanleg at dei er meir leikne (‘bitete’) på ungar enn vaksne. Fordi ungane opplevest som meir leikne... 😊 Her har ungane ofte hatt enten ei leike eller nokre godbitar i lomma. Så kan dei enten gå direkte i trening med han - det likar han godt (veeeeldig godbit-motivert han vår, altså!! 😄), eller evt tilby han 'akseptabel' leik. Elles: gå inn og stå mellom når det vert voldsomt - då vert det mindre moro... Altså mellom barna og hunden.
  11. ...ja, tips til det? Linus HAAAATAR å få selen tredd over hovudet. Han synest rett og slett det er skummelt, og det er lite bedring å spore... Han har hatt selen han no (Ruffwear) har i over 1 mnd., men framleis er det skummelt å få den på. Når den berre er over, er alt heeeeeilt greitt og han er så roleg som berre det.. Så det er ikkje prinsippet sele, men det forferdelege sekundet når sela vert tredd over, altså... 😄🙃🧡 Det GÅR jo, men det er ikkje veldig kjekt for han å få denne vesle stunda med frykt fleire gonger kvar dag... Og sele vil og skal me ha - han likar ikkje spes godt å gå med båndet i halsbandet. Eg har funne denne typen, men synest det er lite polstring framme... *kresen*
  12. Enig i det! Men tenkjer ikkje at det nødvendigvis er noko motsetning mellom opning framme og god passform... Det er det me gjer også - trer på litt ‘ufølsomt’. Så vert heile hunden heeeeilt roleg etterpå. Men eg synest ingenting om at han skal oppleve det voldsomme stresset fleire gonger kvar dag - så fint med alternativ, synest eg
  13. Tusen takk - den X2 der ser super ut! 👍😊 Og takk for tips, Pixie - me skal ikkje gi oss heilt. Men han går rett i stress når han ser selen - småbjeffar (og denne karen bjeffar ALDRI - utelukkande når han er redd!) og kavar. Ikkje ein ideell situasjon for roleg trening, altså... Men skal prøve å gripe anledninga når det ser ut til å vere litt ro i kroppen 👍
  14. 9nemor

    Hjelp til valg av hunderase

    Labrador dekkar vel så og seie alle kriteria dine. Ikkje nødvendigvis glad og fornøgd ute heile dagen om vinteren, kanskje - men klarar fint ein arbeidsdag åleine (men treng jo då sjølvsagt mykje nærleik resten av dagen - inderleg sosiale individ, jaffal dei eg kjenner).
  15. 9nemor

    Jeg vil se!

    Eg vil sjå hunde- og kattekos 🐱🐶❤️
  16. 9nemor

    Siste måltid/vann før natta.

    ‘Kveldsmat’ ca 20 her, og så er det natt for han ein gong mellom 21 og 22. Vatn har han alltid, også på soveplassen. Har ein tissetur ut i løpet av natta enno, men den vert seinare og seinare på natt så reknar med det nærmar seg heil natt, kanskje? 😊
  17. 9nemor

    15 veker, biting..

    Jah. Der er me. Linus er ein på utruleg mange vis SUPER hund! Han er sosial, leiken, treningsmotivert, kjemepfin i lynne i møte med nye både menneske og dyr... Ja, lista er lang. Men. Den bitinga. Det er ganske leit for mellomstemor på 11 som ELSKAR hunden og gjerne vil gjere ALT med han - men så bit han rett som det er såpass hardt at det er vondt for ho. Ikkje HARDT hardt så det vert sår, men så hardt at ho tek til tårene (også fordi det nok gjer vondt i hjartet at gode vennen bit ho, sjølvsagt...) og det er tann-merke i armen, f.eks. Han gjer dette med mange - og det har ikkje med aggresjon å gjere. Det kan godt skje i leik (som han ELSKAR), når han vil sei ‘hei’, når han vert klødd... Då han var mindre øvde me veldig på det med bitehemming - at han fekk tygge på hendene våre, men me avbraut så fort det vart hardare enn heilt forsiktig (han er einebarn, så me kjende at dette kanskje var ekstra viktig). Det mestra han kjempefint etterkvart, så eg er ikkje så redd for at han skal bite HARDT. Men det er jo kjipt med den bitinga likevel - og det har hendt at han har gjort det same med menneske han ikkje kjenner veldig godt, t.d. mor mi. Eg tenkjer jo at dette er normalt for ein så ung kvalp, men vil likevel gjerne ha nokre tips, tankar og synspunkt på korleis me kan minimere dette? Så langt har me sagt ‘nei’ (ja, har valgt å gjere det rett og slett fordi det er så naturleg for ungane), og avbrote det me gjorde (leiken/kløinga...) og vore ‘kjedelege’ littegrann før me fortsatte. Prøver også å tilby han noko anna å ha i munnen (leike, pinne...), og rose når han tygg på det. Må også legge til at han tidlegare var ‘ram’ på å bite i kleda våre og dra - det har betra set ENORMT - så me har god tru 😊
  18. 9nemor

    15 veker, biting..

    Ja, lurt tenkt! Me har også skilt på det sånn, og ungane er knallgode til å trene med han (særleg ho her - mellomsta, altså 😉). Men han kan finne på å bite ho i ein treningssituasjon også - viss han vert veldig gira/utålmodig/ivrig/eittelleranna... Men ja, trening, turar og draleik funkar supert for dei to yngste her å leike med han - særleg snusetur for då er han veldig oppteken av snusing og det trengst lite ‘handtering’ 😊
  19. 9nemor

    15 veker, biting..

    Takk - det gjorde godt å lese 😊🌼 Me må nok berre prøve å vere så konsekvente som det går an, alle i familien, så trur eg jo eigentleg det vert bra. Men det er vanskeleg for ho på 11, altså - ho er så følsom og empatisk, og synest så syyyyynd på Linus når ho f.eks. avbryt leiken - ho er så redd han skal tru at ho ikkje likar han eller at ho er sint på han lenge 🧡 Nydeleg å ha kvalp i familien, altså - men ja, utfordrande også 🐶😄
  20. 9nemor

    Valpegjengen 2020

    Ikkje dumt, det - tom mjølkekartong med nokre hòl i og tørrfòr oppi var også super aktivitetsleike her ein periode 😄😉
  21. 9nemor

    15 veker, biting..

    Ja, finn ein del fint - takk for tips 😊 Nei, lar han ikkje gjere det heller altså, det var dei første par vekene me hadde han. Men aktivitetar der han ikkje bit kan vere så ulikt - han bit ikkje i same situasjon kvar gong, om du skjønar... Men for oss vaksne er det ganske lett å lese han og velge oppførsel/aktivitet/håndtering ut frå det. Vanskelegare for barna - som dermed oftare får munnen hans rundt armen... Eg trur nok me er på god veg - hadde berre ønskt det gjekk eeeeendå raskare framover 😉🙃
  22. 9nemor

    Akkurat nå august

    Enig! 👍😊
  23. 9nemor

    Ny rase?

    Labrador eller golden, tenkte eg umiddelbart.
  24. 9nemor

    Godbiter til 10 uker gammel valp.

    Me har ein sekk med eit anna fullfòr enn det han får til måltida - så det er KJEMPEgode godbitar, synest han 😄😉 Elles så er han veldig veldig glad i eplebitar, rips-, bringe-, blå- og solbær (kjempepraktisk å berre plukke godbitane i hagen etterkvart 😄), og så har me av og til delt opp ei kylling-og kalklunpølse i små små bitar - då trur eg me kunne fått han til å prøve på KVA som helst, altså 😄 Rimeleg matmotivert, han karen her altså - praktisk, men merkar også at me må vere veldig obs på 'tigging' 😉 Ang godbitane du linkar til så kjenner eg ikkje til dei - me har nokre dyrebutikk-godbitar som det står er for alle hundar, også kvalpar. Dei er gode, men dei er litt store så han vert sitjande og tygge på dei litt (for) lenge før han er klar for meir øving, synest utålmodig matmor... 🙃
  25. 9nemor

    Valpegjengen 2020

    Åååå, ja det ER jo magisk, dette også - skjønar godt samanlikninga 😄🧡 Kva slags hund vert det? 🌼 Ang bøker så har me likt veldig godt '100 % hverdagslydighet fra valp til voksen', og så fekk mellomstemor boka 'Valpen flytter hjemmefra' og las veldig ivrig der - fin førebuing 👍
×