Gå til innhold
Hundesonen.no

9nemor

Medlemmer
  • Innholdsteller

    57
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av 9nemor

  1. Takk - det gjorde godt å lese ?? Me må nok berre prøve å vere så konsekvente som det går an, alle i familien, så trur eg jo eigentleg det vert bra. Men det er vanskeleg for ho på 11, altså - ho er så følsom og empatisk, og synest så syyyyynd på Linus når ho f.eks. avbryt leiken - ho er så redd han skal tru at ho ikkje likar han eller at ho er sint på han lenge ? Nydeleg å ha kvalp i familien, altså - men ja, utfordrande også ??
  2. Ikkje dumt, det - tom mjølkekartong med nokre hòl i og tørrfòr oppi var også super aktivitetsleike her ein periode ??
  3. Ja, finn ein del fint - takk for tips ? Nei, lar han ikkje gjere det heller altså, det var dei første par vekene me hadde han. Men aktivitetar der han ikkje bit kan vere så ulikt - han bit ikkje i same situasjon kvar gong, om du skjønar... Men for oss vaksne er det ganske lett å lese han og velge oppførsel/aktivitet/håndtering ut frå det. Vanskelegare for barna - som dermed oftare får munnen hans rundt armen... Eg trur nok me er på god veg - hadde berre ønskt det gjekk eeeeendå raskare framover ??
  4. Jah. Der er me. Linus er ein på utruleg mange vis SUPER hund! Han er sosial, leiken, treningsmotivert, kjemepfin i lynne i møte med nye både menneske og dyr... Ja, lista er lang. Men. Den bitinga. Det er ganske leit for mellomstemor på 11 som ELSKAR hunden og gjerne vil gjere ALT med han - men så bit han rett som det er såpass hardt at det er vondt for ho. Ikkje HARDT hardt så det vert sår, men så hardt at ho tek til tårene (også fordi det nok gjer vondt i hjartet at gode vennen bit ho, sjølvsagt...) og det er tann-merke i armen, f.eks. Han gjer dette med mange - og det har ikkje med aggresjon å gjere. Det kan godt skje i leik (som han ELSKAR), når han vil sei ‘hei’, når han vert klødd... Då han var mindre øvde me veldig på det med bitehemming - at han fekk tygge på hendene våre, men me avbraut så fort det vart hardare enn heilt forsiktig (han er einebarn, så me kjende at dette kanskje var ekstra viktig). Det mestra han kjempefint etterkvart, så eg er ikkje så redd for at han skal bite HARDT. Men det er jo kjipt med den bitinga likevel - og det har hendt at han har gjort det same med menneske han ikkje kjenner veldig godt, t.d. mor mi. Eg tenkjer jo at dette er normalt for ein så ung kvalp, men vil likevel gjerne ha nokre tips, tankar og synspunkt på korleis me kan minimere dette? Så langt har me sagt ‘nei’ (ja, har valgt å gjere det rett og slett fordi det er så naturleg for ungane), og avbrote det me gjorde (leiken/kløinga...) og vore ‘kjedelege’ littegrann før me fortsatte. Prøver også å tilby han noko anna å ha i munnen (leike, pinne...), og rose når han tygg på det. Må også legge til at han tidlegare var ‘ram’ på å bite i kleda våre og dra - det har betra set ENORMT - så me har god tru ?
  5. 9nemor

    Ny rase?

    Labrador eller golden, tenkte eg umiddelbart.
  6. Me har ein sekk med eit anna fullfòr enn det han får til måltida - så det er KJEMPEgode godbitar, synest han ?? Elles så er han veldig veldig glad i eplebitar, rips-, bringe-, blå- og solbær (kjempepraktisk å berre plukke godbitane i hagen etterkvart ?), og så har me av og til delt opp ei kylling-og kalklunpølse i små små bitar - då trur eg me kunne fått han til å prøve på KVA som helst, altså ? Rimeleg matmotivert, han karen her altså - praktisk, men merkar også at me må vere veldig obs på 'tigging' ? Ang godbitane du linkar til så kjenner eg ikkje til dei - me har nokre dyrebutikk-godbitar som det står er for alle hundar, også kvalpar. Dei er gode, men dei er litt store så han vert sitjande og tygge på dei litt (for) lenge før han er klar for meir øving, synest utålmodig matmor... ?
  7. Åååå, ja det ER jo magisk, dette også - skjønar godt samanlikninga ?? Kva slags hund vert det? ? Ang bøker så har me likt veldig godt '100 % hverdagslydighet fra valp til voksen', og så fekk mellomstemor boka 'Valpen flytter hjemmefra' og las veldig ivrig der - fin førebuing ?
  8. Han har senga si på soverommet vårt - og har faktisk ikkje sove i senga vår, berre veeeldig veldig nær ?
  9. det er nok vanleg å la dei ha litt lengre pels om vinteren, den varmar ein del. Og klede i tillegg, ja. Lettvaska pels ift søle, har ikkje sett altfor mykje snøklumpar i pelsen til den eg møter nær dagleg - men det er gjerne ikkje den ideelle vintersportshunden, altså... Tenkjer også på DSG - veldig mykje hund i liten pakke, og ofte gode på agility f.eks. Men også den vil fort fryse om vinteren!
  10. Eg er blitt så ‘begeistra’ for Havanais, eg - hadde den vore litt større ville eg hatt sjølv! ?? Dei kan jo 'alt' - veldig menneskeorienterte og lettrente, i alle fall dei eg kjenner. (For meg skal hundar vere litt store, så første Havanais eg møtte hadde eg nok litt ‘fordommar’ mot - men det er mykje hund i den vesle kroppen, altså!!) Men betydeleg mindre enn 15 kg - dog ville eg ikkje kalla dei miniatyr.
  11. 9nemor

    Feil hunderase

    Den der har eg sett ein del eksempel på! BC som skulle bli god gjetar - funka ikkje godt med sauene - vart ‘kosehund’ for ‘gamle mor’i staden... kjipt liv for mange BCar, det! Elles har eg nokre bekjente som har sheltie. Fordi det var rett størrelse og den var så fiiiiin og søøøøt. Dei er ikkje spes aktive, har trent veldig lite med han, og han er no den typen hund som irriterer eit heilt nabolag fordi han står åleine ute og bjeffar på alt og alle. Leit å sjå. Og då eg vaks opp var det ein nabo som var ufør og hadde vondt for å gå. Han fekk seg ein samojed! ? Stakkars stakkars hund. Så ja - det er nok det med aktivitetsnivå/-behov eg oftast ser som vert ‘feil’ mellom hund og eigar.
  12. Beaphar, står det på pakka. Biodråpar SPOT-ON ?
  13. Me brukar dråpar, men han likevel plukka 5-6 flått av Linus siste månad... Skal seiast at her er MYKJE flått i åt, og han ELSKAR høgt gras og kratt - kryp, rullar, leikar... Så det er jo ikkje så rart flåtten kjem på han..! Og så har me nok ikkje vore så flinke til å ha på nye dråpar etter bading, f.eks. - det må ein nok rekne med å gjere! Skal skjerpe oss ? Svogers anbefalar bravecto - eg vart litt skremd av å google? Forresten null reaksjon på dråpar her - heilt finfin i hud og pels og alt.
  14. Det eller meste til hund er merka med ‘suitable for puppies’ eller ‘not suitable for puppies’, synest eg Me har ein annan type tørrfòr enn ‘det vanlege’ som han får som godbitar (praktisk også fordi ‘knottane’ er mykje mindre i dette... fordel i trening at han vert litt fort ferdig med godbiten for å fortsetje ). I tillegg har me ein boks godbitar frå dyrebutikken - han synest begge deler er omtrent like godt. Eplebitar er noko av det beste han kan få - og så har han fått små pølsebitsar nokre gonger, det var også HEILmaks! ?? Av tyggeting så har han fått griseøyre i nokre veker no (han er straks 14 veker no) - han et veldig lite av det om gongen, men det smakar tydeleg veldig godt og er jo deilig i kløande munn! (Han får det av og til når han treng noko å gnage på for å finne roen )
  15. Me hadde ein veldig enkel og rimeleg sak dei heilt første par vekene - Linus veks så fort at han vaks ut av den på 1-2-3, så greitt å ikkje ha lagt 5-600 på den... No har me ein frå RuffWear, str. S, den kan han nok ha i nokre mnd ? (Den har polstring og er mykje meir ‘påkosta’ og av høgare kvalitet enn den vesle første selen)
  16. Altså - me er i gong med å øve litt på å vere heime åleine med Linus, som no er 3 mnd. Me er førebels kun på max 6-7 minutt, altså (men i bilen har han vore åleine i buret i 1,5 time - sov godt då...). Me skal på ferie til familie dei komande vekene, og lurer på korleis i alle dagar me kan fortsetje treninga då? Må me berre legge det heilt på is? Redd for at me må begynne heilt på ny når me kjem tilbake...
  17. 9nemor

    Hund

    Nokre vener av oss landa på finsk lapphund - ettersom eg forstår ein fin første hund (veit jo ikkje om dette er dykkar første hund, men likevel), og mindre krevande enn collie når det kjem til aktivitet og aktivisering. Fin tur-hund, god energi. Men den liknar jo ikkje nødvendigvis på dei rasane du nemner, altså, anna enn at dei alle er gjetarar ?
  18. Å nei og nei og nei ??? Viss det går an vil eg også gjerne vite kven dette gjeld - har mange bekjente i området, også hundeeigarar, så dette var ekkelt ??
  19. Berner sennen ? Vakraste og flottaste hundane eg veit - men heilt aldeles urealistisk at mannen min skal gå inn for så stor hund... Så det får bli med draumen ? Meir realistisk neste hund: Golden retriever. ‘Alltid’ vore ein av favorittane mine i både lynne og utsjånad ?
  20. Takk for kjempefine innspel, alle saman! ?? LEIK - genialt! Det blir fokus dei komande dagane - love it! ?
  21. Linus er 12 veker, og han er rimeleg lettlært når det kjem til kommandoar og ‘triks’. Me har ikkje trent mykje, men han har veldig raskt lært seg dei grunnleggande (sitt, gi labb, ligg...). Han får godbitar når me trenar på dette - og det gjer me jo støtt og stadig, i små korte økter. Så er han også av og til ivrig på å bite/rive i buksebein/jakke/genser. Då hender det at me brukar ein kommando for å avlede - og så føl me gjerne opp med nokre fleire kommandoar, for å halde oppmerksomheten på ‘noko fornuftig’. Han får då godbitar for desse. MEN me mistenker VELDIG at han rett og slett hoppar/riv i kleda fordi han veit at det då kan vanke godbitar... ? Me skjønar jo her at me må passe oss veldig med ein sånn hund, så me ikkje belønnar uønskt åtferd! Men kva er lurt, her? - droppe å avlede med ‘treningskommandoar’? (Synd om me må det, for det fungerer ofte veldig godt) - droppe å gi godbit kort tid etter ‘pøbling’? (Går nok veldig ut over motivasjonen, i alle fall der og då... kanskje også på sikt, sidan han er såpass ‘smart’ - at han skjønar at kommando slike gonger ikkje gir ‘uttelling’...?) - ...noko anna lurt? ?? Eg ser jo godt at me ideelt sett ‘kjem han i forkjøpet’ og heller gir han ei lita treningsøkt FØR han ‘girar seg opp’ og tøysar, men det er ikkje veldig forutsigbart når det vil skje, altså... Lurer også på om de har tankar rundt det å vere SÅ godbit-motivert - korleis kan me best mulig benytte oss av det, og kva må me passe på?
  22. Dette må me også i gang med - men ja, det er vanskeleg! Driv og set opp gjerde rundt ein stor del av hagen as we speak, og tenkjer faktisk det er lettare å starte med åleinetid ute i garden enn inne. Han er VELDIG glad i å vere ute, nemleg, og er kjempegod til å aktivisere seg sjølv i hagen... Tankar om det?
  23. Linus-guten, 12 veker ??
×
×
  • Opprett ny...