Gå til innhold
Hundesonen.no

9nemor

Medlemmer
  • Innholdsteller

    57
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av 9nemor

  1. Den gode hundepass-løysinga vår er ikkje tilgjengeleg når me skal på ferie i sommar, så no vil me gjerne finne ei tilsvarande fin løysing for hundeguten vår på 2 år. Det er uaktuelt å ha han ein plass der ein praktiserer 'hard disiplin', og stort uteområde er også eit stort pluss, då han er van med å vere mykje av dagen ute på god plass. Støle SER jo fint ut - men det gjer dei jo gjerne alle plasser, sånn på nett - treng ikkje bety at det ER bra... SÅ: nokon som har hatt hunden sin der, og vil dele erfaringar?
  2. Kjempefin serie - veldig imponert over breidda i castinga, både kva gjeld eigarar og kvelpar. Syns også Maren er flink og behageleg - men også tydeleg - både med hundar og menneske. Foreldra mine - som ikkje har hund - synest det er kjeeempekoseleg å sjå, samtidig som alle me som har hund kjenner oss igjen, mimrar kanskje litt om hektisk kvelpetid - og får nokre små fine tips med. Noko hundekurs er det jo ikkje meint å vere, tenkjer eg - men veldig fint at det gir eit realistisk bilde av livet med kvelp, som motsats til alle søøøøøte 'vrangforestillingsbilder' av kosete og primært sovande kvelpar ?
  3. Linus på 9 mnd strevar med tørr hud og ein del kløe for tida - langt bedre etter skift til allergivennleg sjampo og balsam (+ droppa sele, som virka å gi han trøbbel). MEN han er framleis tørr og klør litt på ryggen - og me vurderer å byte fòr. Han har til no gått på Royal Canin Puppy - eg tenkjer å prøve utan korn og gjerne fiskebasert. Mange 'gode' merke har ikkje like godt utval av kvalpefòr synest eg, men landa halvvegs på dette? https://www.dyrekassen.no/carnilove-dog-salmon--turkey-for-large-breed-puppy Erfaringar?
  4. Nei, ingenting å sjå der! Så eg vil tru han har reagert på kjemikalier i selen, gjerne, og ikkje sjølve materialet...?
  5. Oppdatering: Etter 1,5 veke utan sele - og ei vekes tid med ErMidra sjampo og balsam (balsam fleire gonger pr dag på området) er han myyyyykje betre! Dei hårlause flekkene har no kortkort svart pels, og han klør veldig veldig mykje mindre ?? Me fortset behandlinga med balsamen til huden ser heeeeeeilt ‘kløfri’ ut (og sikkert etter det også, men sjeldnare) - og når den nye peksen er blitt litt lengre skal me prøve sele igjen (veldig mykje ‘linevikling’ rundt beina når me festar lina i halsbandet, så me gler oss alle til sele igjen trur eg ).
  6. Han fekk denne selen i overgangen nov/des, og den har ikkje vore vaska. Så det er absolutt mulig at det er den - i dag kjende eg litt sånn skurvete hud rett bak eine frambeinet også, det er jo også rett der selen går. MEN han har gulaktig belegg på huden lenger bak enn der selen går, altså - men det er gjerne sånn med ein allergisk reaksjon, eventuelt? (Eg kjenner eg er litt småstressa - viss det ER midd og han burde fått behandling er det så kjipt å berre vente... men me skulle følge med på evt forverring og gi beskjed med ein gong, så må berre følge godt med!)
  7. Ja, tenkte også det - kasta den i vaskemaskina i går. Men tør likevel ikkje bruke den desse to vekene, i alle fall - kanskje etter han er bra igjen?
  8. Unghunden vår på snart 9 mnd har siste veka klødd mykje og mista pelsen flekkvis nokre plasser. Det er 3 flekker som ligg akkurat langs ‘kanten’ av selen hans, og dyrlegen mistenker derfor at det kan vere reaksjon på selen. Så no skal han vere uten sele i 2 veker, samt at me skal bade han med ErMidra sjampo og bruke spraybalsam dagleg. Blir det forverring i perioden, eller det ikkje vert betre innan 2 veker, skal han testast for midd - men sidan det låg akkurat i den ‘stripa’ hadde ho mest tru på allergisk reaksjon. Javel, det er jo kjempegreitt viss det ‘berre’ er det. Men kva med dei dagelge sporlineturane i skogen som han eeeeelskar - det vert lange to veker! ?? Og: viss dette hjelper, er det sele i skinn som er løysinga, då?? (Han har no RuffWear-sele, vil tru det er nylon eller noko?)
  9. Hei! Linus er ute i hundegarden når me er på jobb. No vert det litt annleis sidan han er 7 mnd og har vore det heilt sidan me byrja åleine-trening - men nokre tankar likevel: Vere der saman med han, f.eks når det er helg. No er det jo kanskje kaldt og surt, men lage til (eller kanskje de alt har) eittelleranna inne i garden med tak som de kan sitje i. Berre vere stille, lese bok e.l.? Så gjere ærend inn, komme ut etter ei tid. Forlenge ‘innebesøka’ gradvis? Eg tenkjer at han er utrygg, at det er derfor han bjeffar? Og då trur eg det vil trygge han at de er der med han - tydeleg avslappa Lukke til, og god helg vidare til deg også! ?
  10. Takk for svar! Heilt sant, og min konklusjon også, som nemnt - det blir langline i lomma på strandtur framover, uansett om der er folketomt. Sladretrening er godt tips ? Innkalling trenar me gjerne på saman, heile familien - det kan me nok gjere endå meir av ja.
  11. Det er litt nytt, dette, men no dei siste vekene bjeffar Linus på folk som nærmar seg. Dette skjer ute på tur, men også her heime - når han høyrer nokon kjem inn ytterdøra nede, f.eks. Ikkje voldsom bjeffing, men ‘boffing’ og så spring han mot vedkomande. I dag oppstod ein veldig dum situasjon då me var på stranda og leika - folketomt der som det pleier vere, så då leika me litt og kasta pinnar etc. utan band (men eg har alltid bandet i neven, klar til å koble på). Men brått kom det ein eldre mann gjennom skogen som var ute og gjekk. Linus bjeffa og sprang mot mannen - og hoppa opp på han ??. Mannen var ikkje spesielt glad for dette, kan du sei - og dette kan me jo ikkje ha! SJØLVsagt kjem eg til å sleppe han laus sjeldnare framover, og truleg aldri når eg er heilt åleine. Men målet er jo at det skal gå heilt fint for han at menneske kjem og går. Eg opplever at han brått synest det er skummelt med folk som kjem mot han - har det med alderen å gjere? Han er jo leiken også, sjølvsagt - men han bjeffar aldri i leik (bjeffar generelt uhyre sjeldan), så eg tenkjer frykt/skepsis. Han har såvidt eg veit ikkje hatt negative opplevingar med menneske, altså... Ved møter får eg han ofte inn i ein ‘sitt’ før dei me møter kjem heilt nær - det fungerer sånn rimeleg godt, og då bjeffar han oftast heller ikkje. Men korleis trenar me med han slik at me kan sikre at han ikkje møter menneske negativt??
  12. Ja, eller neppe akkurat same sidan me har blanding no - men han har mykje av labrador-papsen i seg, og eg ser i grunnen ikkje heilt for meg at det blir noko anna enn ein retriever neste gong. Men kven veit - då er me jo forhåpentleg riiimeleg mange år eldre, og har kanskje andre ønske og behov? Skulle det vore ein mindre hund, ser eg for meg ein mellompuddel - kanskje til og med dverg. Time will show - artig tråd, kjekt å lese kva de tenkjer ??
  13. Leik/sosialisering med andre hundar, likar han det? Det vert i alle fall Linus KJEMPEsliten av - og ein slags ‘tilfreds’ og kvileklar, endå meir enn etter ein lang tur.
  14. Litt på sida, men likevel: Når Linus tissa, sa me kvar einaste gong ‘tissaaa!’ med ‘oppfordrande’ stemme. Så no er det blitt ein veldig velfungerande ‘kommando’ - før me skal inn, f.eks., seier me ‘tissaaaa’ - så snusar han og tissar med ein gong Veldig praktisk! Hos han har elles halen alltid vore eit påliteleg teikn - når den struttar ut, er sjansen veeeeeldig stor for at han treng ein tur ut ?
  15. Ei venninne av meg og familien hadde heilt gitt opp, etter 4 veker. Kastrert ung hankatt som berre brått ikkje kom heim ein kveld. Men så kom han heim! ? Så ikkje mist håpet heilt, i alle fall - det er robuste dyr ❤️? I dag har Linus-guten svømt! Du og du, kor kjekt det var når han berre våga å legge på svøm! ?? Me bur 2-3 min. spasertur frå ei fin strand, og eg EEEELSKAR å bade, så dette har vore eit sterkt ønske - og derfor vart eg så inderleg gira då det løsna (me har vore nede og vassa nesten kvar dag heile sommaren ?) ???‍♂️
  16. Mi ferske erfaring: Linus er no 4 månader, og er no åleine opptil 6 timar medan me er på jobb og skule. (Me hadde ferie frå me overtok han og inntil for ei veke sidan). Det gjekk uventa fint med åleinetrening, altså! Me var førebudde på å ha han med i bilen/måtte heimom til han midt på dagen til han var minst 6 mnd.
  17. Linus sin første sele var ein sånn: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=182985761 (ikkje vår dette, altså - berre det første og beste bilder eg fann av akkurat rett sele ) Den sat såpass ‘tight’ framme at det aldri var noko bite-issue... men kanskje han berre ikkje kom på at han skulle prøve, kva veit eg? ?
  18. Avledning har vore gull verdt her også - og det er heilt vanleg at dei er meir leikne (‘bitete’) på ungar enn vaksne. Fordi ungane opplevest som meir leikne... ? Her har ungane ofte hatt enten ei leike eller nokre godbitar i lomma. Så kan dei enten gå direkte i trening med han - det likar han godt (veeeeldig godbit-motivert han vår, altså!! ?), eller evt tilby han 'akseptabel' leik. Elles: gå inn og stå mellom når det vert voldsomt - då vert det mindre moro... Altså mellom barna og hunden.
  19. Enig i det! Men tenkjer ikkje at det nødvendigvis er noko motsetning mellom opning framme og god passform... Det er det me gjer også - trer på litt ‘ufølsomt’. Så vert heile hunden heeeeilt roleg etterpå. Men eg synest ingenting om at han skal oppleve det voldsomme stresset fleire gonger kvar dag - så fint med alternativ, synest eg
  20. Tusen takk - den X2 der ser super ut! ?? Og takk for tips, Pixie - me skal ikkje gi oss heilt. Men han går rett i stress når han ser selen - småbjeffar (og denne karen bjeffar ALDRI - utelukkande når han er redd!) og kavar. Ikkje ein ideell situasjon for roleg trening, altså... Men skal prøve å gripe anledninga når det ser ut til å vere litt ro i kroppen ?
  21. ...ja, tips til det? Linus HAAAATAR å få selen tredd over hovudet. Han synest rett og slett det er skummelt, og det er lite bedring å spore... Han har hatt selen han no (Ruffwear) har i over 1 mnd., men framleis er det skummelt å få den på. Når den berre er over, er alt heeeeeilt greitt og han er så roleg som berre det.. Så det er ikkje prinsippet sele, men det forferdelege sekundet når sela vert tredd over, altså... ??? Det GÅR jo, men det er ikkje veldig kjekt for han å få denne vesle stunda med frykt fleire gonger kvar dag... Og sele vil og skal me ha - han likar ikkje spes godt å gå med båndet i halsbandet. Eg har funne denne typen, men synest det er lite polstring framme... *kresen*
  22. Labrador dekkar vel så og seie alle kriteria dine. Ikkje nødvendigvis glad og fornøgd ute heile dagen om vinteren, kanskje - men klarar fint ein arbeidsdag åleine (men treng jo då sjølvsagt mykje nærleik resten av dagen - inderleg sosiale individ, jaffal dei eg kjenner).
  23. Eg vil sjå hunde- og kattekos ??❤️
  24. ‘Kveldsmat’ ca 20 her, og så er det natt for han ein gong mellom 21 og 22. Vatn har han alltid, også på soveplassen. Har ein tissetur ut i løpet av natta enno, men den vert seinare og seinare på natt så reknar med det nærmar seg heil natt, kanskje? ?
  25. Ja, lurt tenkt! Me har også skilt på det sånn, og ungane er knallgode til å trene med han (særleg ho her - mellomsta, altså ?). Men han kan finne på å bite ho i ein treningssituasjon også - viss han vert veldig gira/utålmodig/ivrig/eittelleranna... Men ja, trening, turar og draleik funkar supert for dei to yngste her å leike med han - særleg snusetur for då er han veldig oppteken av snusing og det trengst lite ‘handtering’ ?
×
×
  • Opprett ny...