Gå til innhold
Hundesonen.no

Vippao

Medlemmer
  • Innholdsteller

    16
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Hunderase
    Eurasier

Nylige profilbesøk

1,760 profilvisninger

Vippao's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/14)

  • First Post
  • Collaborator
  • Reacting Well
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Recent Badges

2

Nettsamfunnsomdømme

  1. Utan at eg har kjempegod peiling, så kan eg jo fortelle om vår erfaring Me har også ein rase (Eurasier), som er utsatt for å reagere på mykje protein i tørrfôret. Me gav valpen vår Orijen Puppy, men det byrja ho etter nokre månadar å reagere med kløe på. Ho er no 11 månadar og har gått ei stund på tørrfôr frå Acana (har gått over til vaksenfôr) i kombinasjon med V&H, og det har fungert veldig fint! Sjølv om det er ein del proteinar i V&H, så er det jo eit reinare produkt (Veit at ein del med min rase til og med fullfôrar på V&H utan problem).
  2. @Belgerpia Les gjerne det andre svaret eg skreiv til Malamuten over her Det var _ikkje_ på grunn av oppførselen me reiste til veterinær, men sidan veterinæren vår er nøyen la ho også merke til at her var det innbilt på gang... og eg ville gjerne ha nokre tips for å gjere tida enklare for ho. Kos har ho så klart fått, men ettersom ho produserte mjelkesekret ville me unngå vidare stimulering av mjelkeprodukjon - derfor fekk ho ikkje kos akkurat på magen. Kan også tilføye at ho no er like frisk og trygg som ho var før jul, og også med den energien og dei hormonar som høyrer denne alderen til, er ho i all hovudsak ei ordentleg gladjente! PS. spør gjerne, i staden for å trekke slutningar. Eg har ingenting i mot å svare og forklare, om eg har formulert meg uklart/utydeleg.
  3. Takk for forslag @Enirtak Frøkna har kvikna til igjen frå forkjølelsen, så no blir det både fysisk og psykisk trening ute igjen- jippi! Det gjer ting veldig mykje enklare når ein har liten leilegheit Takk for alle råd og forslag, det har hjulpe
  4. Takk for svar og tips! Ser eg har forklart meg frykteleg dårleg.. Må innrømme at eg var bittelitt satt ut når eg skreiv innlegget, då frøkna vart teken med til dyrlegen pga forkjølelse, og var ikkje heilt forberedt på at det skulle vise seg at ho har innbilt også Ho har vore sær sidan rett før jul, men tenkte ho berre var pubertetsidiot for tida. Altså har ho jo gått ei stund med innbilt utan at me har tenkt over det, så då får me heller ro oss i land den siste biten også Ho har stressa litt ekstra og derfor trøbla med å roe seg inne, og det var med hensyn til det eg var ute etter tips til hjernetrim... det fekk eg nok alldeles ikkje fram i innlegget mitt, samt at eg ser eg kanskje overdreiv litt med tanke på godbitar- ho er glad i godbitar altså, berre går litt fort lei Fryse ned maten har ikkje fungert spesielt godt, men skal teste ut godbitar på flaske, og muligens investere i ei aktiveringsleike eller to
  5. Har vore til veterinær, men ho ville avvente litt, og sjå om det kom seg utan å bruke det. Frøkna verkar foreløpig ikkje veldig plaga, men pip og sutrar ein del når me er ute, samt at ho er periodevis skvetten og småredd rundt framande folk (ho er dog fortsatt veldig nysgjerrig, så ho insisterar på å bort å helse, men blir skummelt når ho har kome bort ). Den biten kan me jo uansett berre unngå i ein periode framover. Hadde vore så greit om det gjekk over av seg sjølv, men om det ikkje blir betre snart, får me heller vurdere Galastop på nytt
  6. Hei! Tispa her i heimen (snart 10 mnd) har fått konstatert innbilt svangerskap, og for å gjere det heile enno betre har ho blitt forkjøla. Kjip kombo! På grunn av forkjølelsen skal me ikkje ta ho ut på lufteturar, anna enn at ho skal få gjort frå seg. Altså kan me ikkje gi ho ekstra fysisk trim for å hjelpe mot innbilt før forkjølelsen er over. Med andre ord må me prøve å stimulere ho meir mentalt, og lurte derfor på om nokon har tips til innandørs hjernetrim? Ikkje har ho så god appetitt for tida heller, så ho er ikkje så enkel å motivere i lengre periodar. Må vel gå til innkjøp av noko ordentleg snadder, type indrefilet Har jo tenkt på til dømes godbitsøk og terping på lydighetstrening, men kanskje har de nokre idear til ting me kan trene på som er skikkeleg morsomt for ei lita frøken? Om de har tips til andre ting som kan hjelpe mot innbilt også, tek eg gjerne i mot det! (Ho har ikkje "adoptert" leiker enno, men har likevel fjerna pipeleiker, samt at det ikkje blir noko magekos på frøkna på ei stund..). Usikker på kor eg skulle legge denne tråden, så berre flytt om den ligg feil
  7. Spennande! Har ikkje tenkt på at det er noko som evt. kan testast, så takk for svar
  8. Prøv vetbed? Det vil jo ikkje komme av tøybitar om den blir tygd på, men heller 'dottar'. Innbillar meg at desse er ubehageleg og lite fristande å ha i munnen (?). No er ikkje frøkna her i heimen makulator, men såg eit par lause dottar rett etter me skaffa vetbed'en. Etter det har det derimot ikkje komme noko meir, så trur ho raskt skjønte at det ikkje var noko stas å gnage på
  9. Snedig at det fungerar godt på nokre, medan andre har null effekt av det. Må jo i grunnen berre prøve, og sjå kva som skjer. Eg er litt nysgjerrig på dykk som eventuelt har opplevd liten eller ingen effekt av adaptil: har de funne noko anna som har fungert betre?
  10. Det er absolutt lov, tek gjerne i mot tips og råd Har tenkt tanken, men det var dette med plass då.. enten må me kvitte oss med møblar eller så må me sette opp kompostgrinder midt på stovegolvet; ingen av delane føler eg er vidare ideelt Må vel kanskje prøve å finne ei løysing på det om ikkje noko anna fungerar, men enn så lenge så håpar eg at me kan klare å få det til utan
  11. Så kjekt å høyre at de har hatt god erfaring med det! Det var jo akkurat slike svar eg håpte på Høyres ut som at me kanskje lyt investere i eit halsband til frøkna.. Tenker som så at det kan jo ikkje skade å prøve når andre har hatt så godt utbytte av det
  12. Hei alle saman! Lurte litt på kva erfaringar de har med bruk av Adaptil halsband? Frøkna vår klarar fint å vere aleine, og er då i buret sitt. I buret syns ho det er trygt, og legg seg til å sove. (Ynskjer ikkje diskusjon om burbruk, kan forsåvidt ta med at me byrja aleinetreninga med ho laus, men oppdaga at ho tek det fullstendig med ro i buret- har aldri vore ein lyd). Har dog lyst til at ho skal kunne vere laus i leilegheita når ho er aleine, men foreløpig stressar ho litt med det (trur til dels det er fordi det blir litt mykje å passe på før ho). Me har sidan ho var lita vore påpasseleg med at ho ikkje får fylgje med overalt me går, så ho har ingen problem med å vere aleine i eit rom medan me er på eit anna rom i ein lengre periode. Diverre har me ikkje all verda med plass å boltre oss på, så ho merkar det når me ikkje er i leilegheita lenger. Så folkens- kan det vere ein idè med Adaptil-halsbandet ei stund? Grunnen til at eg spør spesifikt om halsbandet er på grunn av at eg har inntrykk av at mange har betre erfaring med det enn med spray/diffuser...? Vil halsbandet kunne verke som eit hjelpemiddel for å lære ho å slappe av, slik at ein deretter kan slutte med det, eller vil ein evt. måtte fortsette bruken 'for alltid'?
  13. Artig tråd! Er ny her, så prøver meg på mitt første innlegg med å vise fram godjenta. Bileta er ikkje av dei beste, men syns dei viser ganske godt korleis ho har utvikla seg Her er frøkna vår dagen etter me henta ho: Ca. 4 mnd: Ca. 5 mnd: Ca. 8 mnd: og
×
×
  • Opprett ny...