Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,779
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    3

Alt skrevet av Bellare

  1. Bellare

    Langrenn med hund

    Vi snørekjører ein del med bikkjene på vinteren, og eg har nyleg fått meg nye ski; Åsnes breidablikk jaktski. Dei er breiare enn vanlege ski og går dermed ikkje nedi sporet. Dei kan man også ha feller til, og dei er utan stålkant. Vi går kun i preppa løyper, men er veldig fornøgd med skia, føler eg har bedre kontroll på breidablikk enn dei gamle, smale skia eg hadde Veit Åsnes har komt med nokre nye "hundeski" også, ein smalare variant som passar i skisporet; Åsnes finnmark 54
  2. Bellare

    Superhundene på NRK

    Han har havna hos ein kollega av sambuar, som bur litt "ute på landet". Så der tenker eg han får det heilt topp 😊 superhunden_tico heiter han på instagram
  3. Bellare

    Håndarbeidstråd!

    Ei venninne har smitta meg med hekledilla, og sidan ei anna venninne ventar sin første baby, har eg begynt og hekle på litt babyting. I utgangspunktet var planen eit babyteppe (med vansklegheitsgrad ekspert 🙈), men fant ut at eg måtte begynne med noko litt enklare først for og komme inn i det her. Så då vart det ein koseklut. Sjølve flodhest hodet og delane var relativt greie, men sjølve duken... Å herre mi tid! Etter 4 forsøk klarte eg endeleg og få den noko lunde riktig, men etter eit besøk av mamma, endte det med å rekke opp igjen nesten alt. Men på forsøk nr. 5 vart det både mønster og bue i duken! Den vart litt rar, men samtidig litt søt 😛 Så no har eg omsider komt i gong med teppet, spent på om eg får det til. Skal allerede til på omgang nr. 6, og so far so good!
  4. Bellare

    Catania (Etnahund)

    Gamle tråden, frå Pia's tid. Ny start, ny tråd, ny presentasjon. Catania av New Caprica, født 13.09.2012, og kom til meg som Januar 2013. Som ein 4 mnd. gammal galning med hæla i taket og tenna i tapeten. Ho har heldigvis roa seg litt sidan den tid! Men til tross for sine skavankar, så er ho er verdas største kosegris, og den beste turkamerat. Men det beste ho veit, er å kunne springe fritt rundt, med luft under labbane. Då osar det pur glede av heile bruningen. Ellers er ho ein ung "utstillingspensjonist", men til gjengjeld satsar vi heller på lydighet. Mest for morro, så vi har noko og jobbe mot. Og til no har vi deltatt på eit offisielt stevne, og gjekk ei godkjent appellmerkeprøve hausten 2014. Blodsporkurs og muligens ettersøkskurs er også noko eg håpar vi får komt oss med på ein gong. Desverre ikkje så enkelt på denne delen av Vestlandet, sidan ting har lett for og bli avslyt pga. få påmeldte... Ellers er ho verdas beste turkameraet og sofaslitar, og den finaste bruningen som finst, sjølvsagt
  5. Bellare

    Catania (Etnahund)

    Elvebyen's Amelia, aka Cira. Født 13. September 2018. Samme dag som Catania faktisk! Ein så utruleg herleg kvalp, og i rake motsetning til korleis Catania var. Ho her er så trygg og fin på alt, elskar folk, driter i om vi går ut av huset og ho er aleine, stort sett roleg, håndterbar og så kom ho i hus nærmast husrein. Og no, straks 4 mnd. gammal, går ho gjerne til døra når ho må ut 😍 Skal prøve og få stilt ho ein del, så vurderar om eg skal melde ho på til Nordhordalandsutstilling i februar. Spørsmålet er berre om eg gidder stå opp før fuglane fiser og kjøre i 3 timar, lang dag på utstilling og så 3 timar heim igjen. Ellers må eg vente heilt til april! Catania som ikkje likar kvalpar, er overraskande tolerant ovanfor Cira. Catania er nok litt rasistisk av seg, for ho har sikkert skjønt at Cira er av samme rase 😛 Firkløveren vår 😍 (Korleis får man endra overskrifta?)
  6. Bellare

    Biabed og trekk

    Har snakka med svenske Agria dyreforsikring på facebook, og ho seier nummeret er riktig. Ho hadde nett prøvd det sjølv, og nådd fram. Når eg prøvar 0046 og +46 forran, då står det at eg ringer til sverige, men anropet blir avslutta før det kjem noke pipelyd. Merkeleg! Sendte mail til dei i helga, så håpar på svar der då
  7. Bellare

    Biabed og trekk

    Sendte i går. Såg jo også at det vart sendt morgonen etter at eg bestilte, så det her tar jo nesten litt unormalt lang tid... Bestilte noko frå dogmania i sverige dagen før, og det var her på under ei veke.
  8. Bellare

    Biabed og trekk

    @Djervekvinnen og @MonicaT Har dåke fått bestillinga frå agriashop.se? Bestilte noko derifrå 5. desember, men har ikkje fått noko meir enn ordrebekreftelsen dagen eg bestilte...
  9. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Lille pirajaen er allerede 13 veker i morgon, og har vert her i snart 2 veker. Ho og Hera har blitt som knoll og tott, dei leikar og styrar på mellom alle soveøktene. Ho har hatt nokre økte med sutring i 4- tida på natta, men sidan ho fint klarte å halde seg heile 9t dei første par nettene, har eg venta ho ut. Så no søv ho stort sett natta gjennom igjen, kun ut tidleg på morgonkvisten før jobb, og eg mistenker at ho syns det er litt i tidlegaste laget og stå opp kl. 06 når eg har tidlegvakt. Då går ho og legger seg i sofaen etter fôring og lufting Var på 12-vekers kontroll/vaksinering i dag. Alt i skjønnaste orden, og så sjarmerte ho sjølvsagt nokre av dei som jobba på klinikken
  10. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Då har Cira vert hos oss i 2.5 døgn, og eg kan ikkje sei anna enn at det har gått over all forventning! Bilturen frå Drammen og tilbake til Fagernes gikk strålande, kun litt piping dei 5 første minutta, så sov ho resten av vegen. Kun hatt 2 uhell inne, og det var på fredagen. SÅ innmari glad i folk, og springer inn og rundt i ukjente hus for og undersøke alt mulig. Også så roleg som ho er! Berre håpar det varer Natt til lørdag sov ho natta gjennom, men vart vekt av vekkerklokka til sambuar som skulle ut på jakt. Mens i dag våkna ho ikkje før litt over 10, så det kan vi like! Og så sov ho heile den lange bilturen på knappe 5 timar, frå Fagernes og heim, i dag. Dei andre bikkjene har tatt ho i mot som forventa,; dei to grå syns ho er ok, mens Catania syns ho er ekkel. Men ho syns alle kvalpar er ekle, så det reknar eg med går seg til etterkvart som Cira blir større, slik det gjorde med Hera Planen er at sambuar skal ta ho med seg på jobb, men kjenner eg blir litt småstressa sidan han kom på at han skulle til Oslo tre dagar kommande veke. Han har heldigvis bil med kupevarmer (eller noke sånt) som eg kan bruke mens han er vekke, så er jo berre å trykke på ein knapp så ho skal få det varmt og behageleg i bilen i løpet av arbeidsdagane. Men så er jo spørsmålet om eg skal ut og lufte ho fleire gangar, men då kun veldig raskt, eller la ho ligge til eg tek pause og bruke pausen på og lufte og slite ho ut litt. Sånn låg Catania også når ho var lita, så trur det her må vere ein Etnahund greie
  11. Bellare

    Biabed og trekk

    Agria i sverige har nettbutikk; agrishop.se Men trur Agria pleier å ta med når dei har stand, i vert fall på dei store utstillingane. Der eg kjøpte det eg hadde
  12. Bellare

    Valpegjengen 2018

    10 lange dagar igjen til vi hentar Cira! Har fulgt litt med på korleis det har gått med eine søstera hennar etter at ho flytta på laurdag, og det verkar til å vere veldig trygge kvalpar. Ho slo seg til ro med ein gong, som om ho hadde budd der i vekesvis. Er nysgjerrig og utforskande, og alt det som hører med eit lite kvalpetroll Men kjenner eg gruar meg til tissing inne, opp på natta og alt det mindre koselege som kjem med ein kvalp. Hugsar Hera som eit lite skrekk-eksempel
  13. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Takk for forslag 😊 Så glad eg slapp å velge namn til Catania sjølv 😂
  14. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Nei, vi blir ikkje heilt enige her Eg likar veldig godt Zaira, men sambuar er ikkje så begeistra. Cira er også fint, men føler det muligens blir litt før likt Hera... Kom over Iva i sta, så sitter og "smakar" litt på det no. Navn er vanskeleg!
  15. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Takk Født på samme dag som Catania til og med! Dei er leveringsklare no til helga, men vi får ikkje henta før 1. desember helga, lenge til! Men fin førjulsgåve til meg sjølv
  16. Bellare

    Valpegjengen 2018

    Eg som ikkje skulle ha kvalp... Den planen gikk i vasken gitt! For ho her flyttar inn om 2-3 veker
  17. Bellare

    Akkurat nå august 2018

    Prøvar ein ny rett til middag, nemleg kjekjøtt i langpanne. Og no som kjekjøttet har begynt å gi frå seg litt deilig matlukt i huset, oppfører Catania seg heilt merkeleg. Går rundt og værer, bjeffar, skeptisk til kjøkkenet, uroleg og piper. Til og med når eg hadde ho ut for å tisse var ho litt skeptisk til å skulle gå inn igjen. Aldri opplevd før! Ho er jo eit matvrak som pleier å sitte klar når det er matlaging på gang
  18. Bellare

    Omplasseringstund, noen med erfaringer?

    Er nok positive og negative sider med begge deler. Med ein kvalp må man jo springe ut i tide og utide, tørke tiss og bæsj inne, sikre ting og tang frå skarpe kvalpetenner osv. Mens ein 2 år gammal hund for lengst gjerne er blitt husrein og komt over den verste "ødeleggelses" perioden. Men ein voksen/ung omplasseringshund kan jo også komme med ein del unotar som kan ta tid å trene vekk. Hundar er jo lærevillige til dei er gamle og grå, men det er individuelt kor morro dei syns det er Trur eg ville vurdert kor mykje tid eg hadde hatt til ein kvalp, då spesielt med tanke på jobb og aleine-heime trening. Kan jo vere verdt og ha omplasseringshunden på prøve og kjenne litt på det?
  19. Bellare

    Akkurat nå, juli 2018

    Det her må vere tidenes verste sommar... Får beskjed om at bestefar har fått lungekreft, nokre dagar seinare kjem beskjeden om at det er med spredning og at han ikkje har så innmari lenge igjen. Dagen etterpå ringer pappa med beskjed om at onkel er funne død heime i si eiga seng. Bestefar blir dårleg og innlagt på lukka isolat, kun flaks at dei fikk alt "opp og gå igjen" så raskt, då alle prøvene var heilt på bunnen når han kom inn. Får vidare beskjed om at han ikkje kjem til og få meir behandling enn den eine kuren han fikk, sidan han ikkje vil tåle det. Og opp igjen på det heile er det nærmast full krig mellom eit par familiemedlem, då den eine er meir opptatt av seg sjølv og å slenge dritt om den andre som faktisk er der gjennom alt. Ser også ut til at den eine lille sjansen for meg å komme meg litt vekk i sommar, gikk rett i vasken. Herlege greier! Snart 4 dagar ut i ferien og eg har mest lyst til og grave meg ned allerede. Passar ein tysk jaktterrier den her veka, og for ein behageleg hund å ha i hus! Han og Hera er full match I tillegg er mamma her med sin hund, men 5 bikkjer i samme hus går overraskande greit og roleg for seg altså. Einaste som kan vere litt knot, er at begge hannbikkjene er kjent for å ikkje gå så greit overens med andre hannbikkjer. Så Fenris er stort sett ute på gangen, og ellers har vi 2 utegardar (ein med og ein utan tak), så en eller begge kan vere ute. Nokon hadde glømt å lukke døra mellom gangen og kjøkkenet utan at eg var klar over det, så eg slapp tyskeren ut av buret sitt når han var ferdig og ete på kvelden. Han sprang rett ut i gangen, der Fenris var, så eg fikk jo nærmast full panikk på heile greia. Og det einaste som skjedde, var at tyskeren snuste på søppelposen som sto der, mens Fenris iherdig prøvde å invitere han til leik
  20. Bellare

    Fjør-tråden :D

    Av dei 10 nye Faverolle egga eg fikk, kom 7 herlige små nøster på torsdag og fredag. Ein nysgjerrig liten gjeng som no bur i eit hundebur på badet. Satsar på at det er nokre høner der, for dei to som klekka forge gong, er begge hanar. Men den eine Silverudds blå'en, trur og håpar eg er ei høne. Og på torsdag blir fem av mine åtte Brahma påskedinosaurar sogningar. Dei ser verkeleg ut som dinosaurar når dei springer avgårde! Er ein fin hane blant dei fem, som har fått namnet Ludvig. Syns han er så innmari fin, at det er på nippet at eg vil behalde han sjølv. Men eg kan ikkje behalde alle fine hanar sjølv heller... Så no må eg berre finne ut av kva tre høner eg ønsker å behalde sjølv, det er ikkje så enkelt gitt Så no består flokken av: 5 Hollandsk Dverg 1 Kobberhalsa Maran 2 Tverrstripa Maran 2 Cream Legbar 1 Silverudds Blå kylling 9 Faverolle kyllingar 8 (snart 3) Brahma kyllingar/ungdyr Håpar denne er ei høne Ludvig
  21. Bellare

    Hjelp meg å tenke utafor boksen

    Så og seie alle eg veit som har Whippet, kan ha dei lause utan problem med at dei stikker. Men dei har jo, som mange andre rasar, eit jaktinstinkt som kan slå ut om man ikkje er litt obs. Etnahund, veldig lik på Whippet føler eg. Men kanskje litt meir førerorientert? Ei potet som fint kan gå i frå late dagar under eit pledd i sofakroken, til lange fjellturar. Likar å få brukt seg både fysisk og mentalt, elskar å få springe laus og herje rundt. Krever ingen pelsstell, men dei røytar og pelsen er bortimot usynleg sidan den er så kort. Minuset er at det er stikkhår, og dei er vonde når dei sitter som ei flis i foten og klør(!) når dei har surrar seg inn i bh'n Dei har eit voldsomt jaktinstinkt, men dyret her har fortsatt til gode og stikke av. Ho har gått laus i frå dag 1, og held seg alltid i nærleiken. Ingen gneldrebikkje, men varslar når det kjem folk. Men det er vel ein treningssak. Bør ha dekken på kalde vinterdagar og kraftige regnværsdagar. Dyret her meinar også det er på grensa til dyremishandling og gå turar i surt drittvær, ho er liksom ikkje så vanntett
  22. Bellare

    Akkurat nå juni 2018

    Ja, vi har tenkt og få lagt inn fiber no når dei har tenkt å bygge ut her. Blir berre litt usikker på kva som er best og lurast og velge av dei forskjellige tilbuda, og kor stor hastighet(?) vi eigentleg har bruk for, når vi kun brukar nettet til netflix, viaplay og den slags + enkel surfing.
  23. Bellare

    Akkurat nå juni 2018

    Fikk brev om fiberutbygging i området her, og dermed også tilbudspakke på fiberpakke. Men ikkje finner eg noke særleg med info på heimesida til dei som har tilbudet, og ikkje anar eg kor mykje internett vi treng. Per i dag har vi kun 100gb mobilt breiband liksom Tilbudet er på - Get box mikro med opptak (Get start m/50 poeng) og internett med 300 mbit/s - Get box mikro med opptak (Get familie m/110 poeng) og 500 mbit/s Av tv har vi per no riksTV, som vi har gratis pga. pappa som har fleire kort. Nokon her som har innspel i kva som er bra? Bør vi velge med Get pakke eller kun internett som enkeltprodukt? Og kor mykje internett?
  24. Bellare

    Fjør-tråden :D

    Varierar nok på rase og størrelse, men vil tippe til rundt 20 - 30 vekers alder, sidan det er rundt dei tider dei fleste begynner og verpe
×